Frå matfatet

Ultraprosessert mat

Kven skal vi tru på når ikkje eingong Helsedirektoratet klarer å halde sin eigen tråd om kva som er sunn mat? 

Mennesket og maten: Så mange alternativ – pakka i plast og aluminium.
Publisert Sist oppdatert

Eg lurer litt på korleis det er å vere Helsedirektoratet for tida. Nærare bestemt så lurer eg på korleis det er å gje råd og uttale seg om kva vi menneske bør ete for å kome nærast mogleg det som er visjonen til Helsedirektoratet: «God helse – gode liv».

Tidlegare i mai var Linda Granlund, divisjonsdirektør for folkehelse hjå Helsedirektoratet, ute i Dagbladet og åtvara folk mot å bruke omgrepet ultraprosessert som retningslinje i daglegvarehandelen. «Det er viktig å forstå at dette begrepet også omfatter mange vanlige matvarer man finner i butikkhyllene. (…) Vi mener denne inndelingen er for grovmasket», seier Granlund mellom anna.

Ultraprosessert mat kom verkeleg på dagsordenen då det ikkje fekk verte eit kriterium i den nye versjonen av kosthaldsråda, sidan dokumentasjonen av at prosesseringsgrad har direkte samanheng med uhelse, ikkje er klar nok. Det er likevel eit stykke frå å ikkje åtvare mot noko til aktivt å be folk unngå å ta omsyn til det same, er det ikkje?

Noko inkonsekvent

Omgrepet ultraprosessert mat syner til matvarer som er eller inneheld ingrediensar og tilsetjingsstoff som er så tilarbeidde at dei ikkje kan liknast med råvara dei ein gong kom frå.

Eit døme er maltodekstrin, eit stivelses­produkt som er eit vedundermiddel for industrien. Det kan framstillast frå om lag kva som helst og brukast til det meste, men for menneskekroppen er det eit stoff som i beste fall ikkje tilfører oss noko som helst. I verste fall er det ikkje bra for oss i det heile. Det finst studiar som syner det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement