Mat

Koljemagi

Røykt kolje, ferdig reinska og klår for nye eventyr.
Publisert Sist oppdatert

Det er noko med kolja. Ho er traust og fast og kvit i kjøtet når du finn ho i butikken som hysefilet, og særs godt eigna om du vil lage dine eigne fiskekaker: Då køyrer du hysa med to teskeier salt i matmølla, 800 gram fisk er passe, og hugs at fisk og mjølk må vere kalde. Ha i fire desiliter fløytemjølk og bind saman med ei matskei potetmjøl, krydre med malen muskat. Nysteikt fiskekake, nam!

Britane brukar hysa dagleg i fish and chips, og mykje av den norske produksjonen er det øybuarane som kjøper. Britane elskar sin haddock for den milde smaken og fordi han flakar seg perfekt. Så neste gong du sit på ein britisk pub, skal du vite at det gjerne er norsk hyse du et om du unner deg fish and chips. Dessutan eit måltid så fullt av kaloriar at det held deg gåande resten av døgnet.

Skal du på fotballkamp, stå i kø til stadion og kome deg til og frå, treng du noko substansielt i kroppen. Då held det ikkje med ein grøn salat. Skulle det ta til å styrtregne, og – endå verre – skulle laget ditt tape kampen, kan det òg vere risikabelt å ha for lågt blodsukker. Då kan ein risikere å rope uanstendige ting til dommaren, linjemannen eller sidemannen. Så ja, fish and chips er tingen. Dokterane vil nok ikkje tilrå at du har dette på menyen kvar einaste dag, men kva veit vel dei om livskvalitet?

Så har du den røykte varianten av kolje, som eg ikkje nøler eit sekund med å kalle kongeleg. Smaken får ein ny dimensjon, på same måte som lam blir noko heilt anna når det kjem i form av røykt pinnekjøt. Saltet og røyksmaken tek råvara til eit nytt nivå, sjølv om eg veit at mange ikkje set pris på slik smak. Men alle kan ikkje elske alt.

Naboen og eg er i alle fall samde om at røykt kolje er noko av det beste norsk husmannskost kan by på. Ja då, vi veit vi er gubbar, men det gir vi ein god dag i. Eg vil påstå at det er mykje meir gubbete å sitje og pirke med etepinnar i sukkersprengde risbollar med tynne, tynne flak av smaklaus fisk.

Ikkje er det heilt enkelt for alle å få tak i denne koljefisken vi set så høgt, for sjølv i dei store supermarknadene glimrar han ofte med sitt fråvær i fiskediskane, der den røykte kolja er skubba til sides av glinsande oppdrettsprodukt med tvilsam moral. Om du heller vil ete noko berekraftig frå havet, skal du alltid velje villfanga artar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement