Krigen i Ukraina

Ukrainas nye virtuelle verd

Jo fleire ukrainske territorium som blir okkuperte, jo fleire tener på å styre okkuperte byar og institusjonar som ikkje er i bruk.

Den internasjonale flyplassen Donetsk Sergej Prokofjev eksisterer framleis virtuelt. I røynda blei han øydelagd i kampar mellom regjeringsstyrkar og opprørarar i 2014.
Publisert Sist oppdatert

«Den territoriale integriteten til staten er nedfelt i grunnlova, så det kan ikkje vere nokon diskusjon om statusen til førebels okkuperte territorium, inkludert Krym», sa Volodymyr Zelenskyj nyleg etter eit møte med den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan i Ankara, og før møtet mellom dei russiske og ukrainske delegasjonane i Istanbul.

Den ukrainske presidenten tek ofte denne ideen opp att, og sjølvsagt er det ikkje dette Vladimir Putin eller Donald Trump ønskjer å høyre.

I mellomtida blir fleire ukrainske territorium okkuperte. Det russiske militæret har alt byrja sommaroffensiven, med meir intense åtak på mange delar av fronten. Putin vonar at mot slutten av 2025 skal han ha erobra fullstendig fire ukrainske regionar som alt er inkluderte som «russiske» i den russiske grunnlova.

Før telefonsamtalen mellom Trump og Putin sa leiaren i det russiske parlamentet, Pjotr Tolstoj, at i næraste framtid må den russiske grunnlova endrast att. Slik trugar han Ukraina og president Zelenskyj – ved å ymte om at Russland vil føye til andre ukrainske regionar i grunnlova si dersom Ukraina ikkje gjev opp fire av regionane sine og Krym de jure, ikkje berre de facto. Og dette medan ingen av dei fire regionane er fullstendig okkuperte av Russland.
 

Dersom Franz Kafka hadde vore i live i dag, ville han truleg ikkje ha vore i stand til å omtale situasjonen utan å bli meir nedtrykt enn han var da han skreiv romanane Slottet og Prosessen. Men den aktuelle forma for absurditet som rår i verda, verkar mykje farlegare på meg, og det verste er at det ikkje eingong er ein potensiell veg i sikte ut av den absurde spiralen.

Leiaren for den russiske delegasjonen i Istanbul, formannen i den russiske forfattarforeininga, Medinskyj, kom med eit ope trugsmål under eit møte med den ukrainske delegasjonen, da han sa at medlemane av den ukrainske delegasjonen snart kom til å miste fleire av slektningane sine i krigen. Orda var adresserte til viseministeren i det ukrainske utanriksdepartementet, Serhij Kyslytsia, som hadde ein nevø som døydde i krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement