Krig

I skuggen av krigen mot Iran

Det humpete forspelet som enda med at USA og Israel innleidde omfattande åtak på Iran, har ført til at internasjonale medium no rettar søkjelyset mot Persiagolfen og Midtausten. Dermed får dei einsformige nyhenda frå Ukraina endå mindre merksemd.

Våren kjem omsider til Kyiv i år òg, med blomar på Majdan-plassen mellom foto av falne etter den russiske invasjonen – og meldingar om forsiktig framgang for ukrainske styrkar i det nye året.
Publisert

Det vil ikkje seie at det har vorte eit opphald i krigen i Ukraina, eller at den ukrainske militærmakta – som resten av verda – no rettar blikket mot det som skjer i Iran.

Nei, vår krig har ikkje stansa opp. Og samtidig som krigen i Midtausten vart varmare, kunngjorde den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov at Russland ikkje har nokon tidsfrist for å avslutte krigen – altså at det ikkje finst nokon plan for å stanse krigen før landet har nådd dei strategiske måla sine. Denne bodskapen var i første rekkje mynta på president Trump, som med jamne mellomrom skaper forventningar om fred i Ukraina i nær framtid, særleg blant tilhengarane sine i USA.

Ifølgje kjeldene til nettstaden Axios i USA hadde Trump ein halvtimes telefonsamtale med Zelenskyj i førre veke. Trump snakka då om at det var naudsynt å avslutte krigen med Russland – altså forhandle fram ein fredsavtale – innan ein månad. Detaljar frå denne samtalen er sjølvsagt ikkje kjende, og heller ikkje resultata.

Den verste vinteren er over, men det er ikkje krigen. Krigen held fram, og ifølgje øvstkommanderande for dei væpna styrkane, general Oleksandr Syrskyj, har ukrainarane dei siste to vekene frigjort meir territorium i Sør-Ukraina enn Russland har erobra i aust i den same perioden. No er over 400 kvadratkilometer av tidlegare okkupert ukrainsk jord frigjorde.

Dette inneber ikkje at Ukraina har innleidd ein motoffensiv, eller at det har komme til eit vendepunkt i krigen. Det viser berre at den ukrainske hæren framleis er kampklar og i stand til å gjennomføre overraskande manøvrar og operasjonar. Takka vere dette held ukrainarane oppe moralen og blir styrkte i trua på at Russland ikkje vil greie å avansere vidare mot større byar som ligg nær fronten: Zaporizjzja, Nikopol og Kharkiv.

Det skjer også noko interessant i mediebiletet for tida. Mens Washington Post har stengt Kyiv-kontoret sitt, er den amerikanske fjernsynskanalen Newsmax i ferd med å etablere seg i Ukraina. Eigaren av Newsmax, Christopher Ruddy, er ein venn og uoffisiell rådgivar for Donald Trump og medlem av Mar-a-Lago golfklubb.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement