Økonomi

Slutt på tolmodet i Noregs Bank

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache fryktar å mista truverdet som sjef for låg prisvekst. Derfor vil ho snart ha renta opp og prisveksten ned.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache på pressekonferansen etter Noregs Banks førre rentemøte.
Publisert Sist oppdatert

Gjennom vinteren har Noregs Banks snudd rentevarselet for i år. Varsel om inntil to kutt i styringsrenta vart i mars endra til at renta mest sannsynleg aukar éin eller to gonger. Styringsrenta har vore 4 prosent sidan oktober i fjor.

Folk har i dag meir lån enn innskot i banken. Omslaget i renteutsiktene er derfor ikkje populært. Det landar dessutan midt i lønsoppgjeret. Gode tider i industrien har i vår gjeve høge lønstillegg som skal spreiast utover i heile økonomien. Næringar som kan, vil velta dette over på prisane sine.

Høge lønstillegg bidreg til at prisveksten held seg høg lenger eller aukar. Men dersom styringsrenta aukar på grunn av oppgjeret, et ho opp stor delar av lønstillegget for mange. LO åtvarar Noregs Bank mot å bruka renta slik.

I tillegg har oljeprisen stige kraftig etter at USA tok til å bomba Iran. Dette flyttar prisutsiktene ytterlegare oppover.

Torsdag 7. mai vil sentralbanksjef Ida Wolden Bache og rentekomiteen gje sitt første svar. Mange ferieplanar står på spel.

Ordskifte om renta

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel