Kommentar

Krigen utan ende

Putin-regimet har nytta den fire år lange Ukraina-krigen til å gjera Russland meir likt Sovjetunionen. Difor er det lite utsikt til at krigen tek slutt.

Publisert Sist oppdatert

Det som verda såg i februar 2022, har ein sett mange gonger før i historia. Ei stormakt gjekk til eit strategisk overfall på ein mindre nabo.

Normalt vil slike overfall alltid lukkast. Då til dømes Noreg blei utsett for det same den 9. april 1940, braut store delar av militærmakta i landet saman på kort tid.

Sterk motstand

I februardagane for fire år sidan fekk verda sjå eit døme på det motsette: Freistnaden på å drepa den ukrainske presidenten og resten av statsleiinga fall i fisk. Alle dei invasjonsstyrkane som den russiske militærleiinga sende inn i Ukraina, blei møtte med sterk motstand.

Ukrainske styrkar med lette antiluftskyts hindra ei kringsetjing av hovudstaden Kyiv. Etter kvart tok dei mange mil lange kolonnane av russiske panservogner til å likna på haugar med jarnskrap.

Det strategiske overfallet slo feil, og dei russiske troppane måtte trekkja seg ut frå heile det nordlege Ukraina. Hausten 2022 var dei ukrainske soldatane på offensiven mellom anna i Kherson i sør og i Kharkiv-området i nordaust. Så sterk var den ukrainske framgangen at Putin tok til å truga med atomkrig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement