Radikale historier, del 4

Tsjekkoslovakia, men Vietnam

I ettertid har mykje handla om Vietnamkrigens rolle. I politiske sentrumsmiljø var kolonikrigar og innmarsjen i Tsjekkoslovakia like viktige.

SIVIL MOTSTAND. Praha august 1968. 142 tsjekkoslovakar blei drepne og 500 alvorleg skadde, og 112 soldatar frå okkupasjonsstyrkane mista livet. Over tid flykta 300.000 til vestlege land.
Publisert Sist oppdatert

Meldinga kom i svarte natta. Onsdag 21. august 1968 kl. 01.20 kringkasta Radio Praha ei melding frå president Ludvík Svoboda om at i går, den 20. august omkring kl. 23.00, kryssa troppar frå fem Warszawapakt-statar grensene til Den tsjekkoslovakiske sosialistiske republikken.

Alexander Dubček var blitt førstesekretær i kommunistpartiet 5. januar og hadde straks sett i gang reformer i retning av presse- og ytringsfridom, reisefridom og rom for fleire parti. Orda reform og revisjon unngjekk han. Dette var fornying, bygd på den tanken at sosialismen kunne gi enkeltmenneska eit friare liv enn noko borgarleg demokrati. Tanken heldt i drygt fire månader, lenger enn i DDR under eit opprør i Berlin sommaren 1953, og lenger enn opprøret i Ungarn hausten 1956.

No skulle denne fornyinga stoppast. Operasjon Donau voks etter kvart til 500.000 mann og 6300 stridsvogner og var den største militære mobiliseringa i Europa etter 1945. Dei invaderte svara med fortviling og sivil motstand. Førstesekretæren måtte flyge til Ukraina for vidare ferd til Moskva når Moskva ville det slik.

Den 27. august er Dubček tilbake i Praha. Med eit manuskript som neppe er skrive av han, held han ein radiotale kl. 18.50. Han er nedbroten, stotrar og strevar med orda. Dubček orkar knapt snakke. Pausane seier meir enn orda. Han bed lyttarane om orsaking. Det blir stille, ein journalist set eit glas vatn på bordet framfor han med eit lite smell. Så snakkar han. Tårene renn.

Unge norske augevitne

Ein avtale blir signert i Praha 16. oktober. Okkupasjonsstyrkane skal trekkje seg ut av Tsjekkoslovakia når avtalen er ratifisert. To dagar etter godkjenner nasjonalforsamlinga avtalen med 228 røyster mot 4, og 10 som lèt vere å røyste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement