Kommentar

Trump tek den største risikoen i Midtausten sidan Bush si tid

På laurdag gjekk den amerikanske presidenten til åtak på Iran. Men grunngjevinga, framgangsmåten og måla hans er tvilsame.

  

Smoke rises following an explosion, after Israel and the U.S. launched strikes on Iran, in Tehran, Iran, February 28, 2026. Majid Asgaripour/WANA (West Asia News Agency) via REUTERS ATTENTION EDITORS - THIS PICTURE WAS PROVIDED BY A THIRD PARTY
Røyk over den iranske hovudstaden Teheran etter at Israel og USA gjekk til åtak 28. februar.
Publisert Sist oppdatert

Trump framstiller det siste åtaket på Iran som ei investering i ei trygg framtid: Landet kan «snart» kome til å nå amerikansk territorium med kjernefysiske missil, og dette må han forhindre, sa den amerikanske presidenten på laurdag for å rettferdiggjere aksjonen mot Den islamske republikken Iran. Det var altså eit førebyggjande åtak: Ein må hindre at eit farleg regime skaffar seg middel til utpressing og øydelegging, sjølv om USA på ingen måte er i direkte fare.

Trump høyrest ut som den tidlegare presidenten George W. Bush. I 2003 gav Bush ordre om invasjonen av Irak. Den gongen var grunngjevinga òg at USA var i akutt fare. Likevel finst det skilnader. Iran er for det første ein sterkare motstandar enn Irak var den gongen. Det står dessutan mindre på spel for Trump enn det gjorde for Bush i 2003: Trump vil helst ikkje sende amerikanske bakkestyrkar, men satsar i staden på ein luftkrig. Slik vil han minimere risikoen, i alle fall for USA.

Den planen Bush hadde for Irak, slo feil. Det kom av at han undervurderte motstandarane sine. Men Bush hadde i alle fall ein plan, i motsetnad til det Trump ser ut til å ha. Kva han vil definere som ein suksess, og korleis han vil avslutte eller få kontroll over konflikten, er framleis ei gåte. Den amerikanske presidenten tek difor den største risikoen i Midtausten sidan Bush si tid.

Trump har alltid teke avstand frå dei krigerske eventyra til forgjengarane sine, men no har han openbert fått sansen for krig. Etter den vellukka aksjonen i Venezuela har han sett seg føre å vise fram USAs militærmakt. Han ser ut til å nyte rolla som øvstkommanderande – særleg i konfliktar som forgjengarane hans tilsynelatande kvidde seg for å ta tak i.

Forretningsmannen Trump elskar dessutan opportunities – når det byr seg moglegheiter der nytten er større enn kostnaden: Iran ser for tida ut til å vere eit lett bytte. Regimet er svekt på to frontar, både utanriks på grunn av krigen mot Israel i fjor, og innanriks: Folket er misnøgd, og demonstrasjonane mot regimet i januar blei slegne ned med brutal vald. No ser altså Trump sitt snitt til endeleg å bli kvitt prestestyret.

Reint prinsipielt er dette eit legitimt politisk mål. I snart 50 år har Iran terrorisert omverda: Ingen andre land har vore like konsekvente i bruken av terror som verkemiddel, og ingen land utgjer ein meir evigvarande trugsel mot Israel enn Iran.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement