Russland
Eit tog til krigen
Journalist Maria Polesskaja sat fleire dagar på eit tog på veg til siste stopp før frontlinja. Dette er noko av det ho opplevde.
Tok står klare på stasjonen i Nizjnij Novgorod.
Illustrasjonsfoto: Aleksej Trefilov / Wikimedia commons
Fråkopla restaurantvogner står på jernbanesporet ved stasjonen. Bakken
er dekt av svart slaps og gjørme.
– Oi, kvite joggesko. No blir dei øydelagde,
får eg høyre av ein jernbanetilsett som går forbi.
På stasjonen luktar det diesel, smørjeolje og kol.
Ho som er ansvarleg for restaurantvogna, fyrer i omnen og
overnattar i vogna. I morgon vil ho stå ferdigsminka bak disken og ta imot
passasjerane.
Før krigen frakta dette toget oftast ungar. Då var det inga
alkoholservering og heller ingen drikkepengar. Men no har alt forandra seg. Mange
soldatar tek dette toget, og dei har med seg mykje pengar og mange problem.
Før eg drog, ønskte ikkje redaktøren meg lukke til. Han sende meg i
staden ein artikkel om ein veteran frå den «spesielle militæroperasjonen» (SVO
på russisk) som valdtok ein student på eit togtoalett. Eg forventa ingen trygg
tur, men eg tok dei forholdsreglane eg kunne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.