Utanriks
Ei velkomen bombing
Åtaket på Iran kan få regimet til å inngå kompromiss, seier menneskerettsaktivist Mahmood Amiry-Moghaddam.
Røyk i Teheran i Iran etter åtak frå Israel og USA 1. mars.
Foto: Majid Asgaripour / WANA / Reuters / NTB
Kva som blir resultatet av åtaket på Iran,
er heilt ope, meiner Mahmood Amiry-Moghaddam. Av yrke er han hjerneforskar ved
NTNU, men han er meir kjend internasjonalt som leiar for Iran Human Rights, ein
organisasjon med eit stort nettverk i Iran.
– Kva var den første reaksjonen din da du
fekk vite at USA og Israel har gått til åtak på Iran?
– Reaksjonen min var prega av alle menneska
eg har snakka med i Iran dei siste vekene, folk som mista familiemedlemer under
demonstrasjonane i januar. Utan unnatak har dei sagt at dei ønskte eit
amerikansk åtak på regimet. No er dei glade, seier Amiry-Moghaddam.
– At så mange er glade for eit slikt åtak,
er uvant. Da Israel og USA bomba mål i Iran i fjor sommar, var det langt meir
delte meiningar blant iranarane eg snakka med.
Sjølv har han likevel blanda kjensler.
– Eg tenkte òg at eg håpar denne krigen
ikkje blir langvarig. Det er som regel sivilbefolkninga som må lide mest i ein
krig. Og eg er representant for ein menneskerettsorganisasjon. Eg har alltid
meint at militære intervensjonar bør vere folkeleg forankra. Likevel er synet
mitt no prega av gleda til iranarane eg snakka med. Ein av dei er ein mann som
såg sin eigen son bli drepen framfor augo sine i januar, ein som aldri hadde
demonstrert mot regimet før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.