Russland

Den samlande harmen

Sensuren er eit bilde på forholdet mellom staten og folket.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka samla det russiske samfunnet seg med eitt rundt ei sak. Som du sikkert har skjønt, skjer det sjeldan. Også før krigen var det lite samhald, men no står folk som har ulik ideologi, ofte klare til å rive kvarandre i filler – dessverre ikkje nødvendigvis i overført tyding. Sjølv folk som meiner det same, kranglar, til dømes om kva ein skal seie om liberale motstandarar av krigen, eller om patriotiske soldatar.

Men no har ein velgjerar klart å få alle til å stå saman på same side: Roskomnadzor, det russiske tilsynet for kommunikasjon og massemedium, som i røynda gjer lite anna enn å sensurere ytringar og kneble borgarrettane. Det er Roskomnadzor som sensurerer medium, tar internett frå folk, hindrar at dei får tilgang til informasjon, og forbyr meldingstenester og appar som YouTube, Facebook og WhatsApp.

Denne gongen har Roskomnadzor overgått seg sjølv: Alle russarar har mista tilgangen til Telegram, den mest brukte meldingstenesta i landet, brukt av titals millionar berre her. Tilsynet har kjempa mot Telegram i årevis, under ulike uvesentlege påskot. Det er openbert at staten berre vil ha full kontroll. Styresmaktene prøvde på det same for åtte år sidan, men tapte slaget og trekte seg tilbake og sleikte såra. Dei gjorde seg til latter. Telegrams teknologi viste seg å vere klart best.

Men sensurinstansen har ikkje lege på latsida dei siste åra. Dei har lært mykje, og denne gongen lykkast dei. Eg veit ikkje kva som skjer vidare, men i fleire dagar har det vore umogleg å bruke Telegram utan VPN, og dei aller fleste har ikkje VPN.

Eit viktig poeng er at for åtte år sidan fanst det ikkje noko alternativ til Telegram, mens staten no har komme opp med «den nasjonale meldingstenesta Max», som eg har skrive om før. Max er tvilsam reint tryggleiksmessig, og upopulær, og hundre prosent statsstyrt. Truleg tuklar staten med Telegram for å kvitte seg med ein konkurrent.

Haken er at hæren brukar Telegram aktivt, også ved fronten. Dei russiske soldatane brukar Telegram når dei koordinerer arbeidet, og frivillige som støttar krigen, samlar inn pengar og humanitær hjelp ved hjelp av tenesta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement