Økonomi

Åtvarar mot tysk stagnasjon

MÜNCHEN: Ein av Tysklands viktigaste økonomar meiner Tyskland må førebu seg på ein krigsøkonomi, men er kritisk til korleis styresmaktene finansierer opprustinga.

Økonomien er blitt dårlegare for tyskarar dei siste åra. Her demonstrerer fagforeninga IG Metall i München i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Det er i ferd med å bli eit sikkert vårteikn i Tyskland: streik. T-bana står over heile München, og eg må ta beina fatt for å nå intervjuavtalen min. Målet er eit av dei finaste strøka i byen. Poschingerstrasse er, ja, posh, omgitt av villaer og påkosta konsulatbygg. Her, eit steinkast frå den tidlegare villaen til nobelprisvinnaren Thomas Mann, ligg Ifo-instituttet: den økonomiske forskingsinstitusjonen med kanskje aller størst gjennomslag i tysk allmente.

Det gjeld òg leiaren for instituttet, Clemens Fuest. Den 57 år gamle økonomen har vore professor i Köln og Oxford, før han tok over leiinga ved Ifo-instituttet for ti år sidan. Der har han fått stor innverknad: Tyske medium kårar han jamleg til ein av dei mest framståande økonomane i tysk allmente. Sjølv utstråler Fuest stoisk ro. Han har samanlikna rekning med meditasjon. Reknestykka hans, derimot, gir neppe grunnlag for sjelefred. Dei syner at Tyskland, som har vore i resesjon i tre år, er i ferd med å stagnere.

– Streik og stagnasjon... Det går visst dårleg med Tyskland om dagen. Korleis enda vi her?

– Eg kan gi tre grunnar. For det første lid vi når verda blir meir proteksjonistisk, fordi økonomien vår er langt meir eksportretta enn dei fleste samanliknbare land. For det andre hadde vi i mange år ein fordel av at vi stod sterkt i den internasjonale konkurransen. Det gjer vi ikkje lenger. Sjå på bilindustrien, til dømes, der Kina har henta seg kraftig opp dei siste åra og dermed gitt den tyske bilbransjen hard konkurranse. Det er ikkje den einaste sektoren som slit: Kinesarane er i ferd med å utvikle same vareproduksjon som Tyskland. Dermed blir det vanskelegare å hevde seg på den internasjonale marknaden.

– Og for det tredje?

– Så har bortfallet av russisk gass ført til auka energiprisar. Eigentleg skulle dette vere eit konkurransefortrinn for europearane. I Asia har ein lenge nytta flytande petroleumsgass, som er den dyraste forma for gassenergi. Slik er det ikkje etter at vi måtte kvitte oss med den russiske gassen. Betre blei det ikkje av at den tyske regjeringa gjennom mange år har prioritert å stenge ned eksisterande infrastruktur, som kol- og kjernekraftverk, for å erstatte dei med fornybar energi. I røynda er det ingen som veit om det vil vere mogleg å drive den tyske økonomien med fornybar energi, slik målet har vore. Så er det meir strukturelle årsaker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement