Russland

Å brenne det som var

Krigen har tatt plass i sjølv den festlegaste høgtida.

Publisert Sist oppdatert

I midten av februar feirar russarane maslenitsa, sju feststemde dagar der vi tar farvel med vinteren og samlar mot og styrke til den ortodokse fastetida.

Maslenitsa har i røynda lite med den russisk-ortodokse religionen å gjere. Høgtida er heller basert på heidenske skikkar. Men tradisjonane er så fast samanvovne at den russisk-ortodokse kyrkja, som vanlegvis stiller seg særs kritisk til alt som er framandt, ser gjennom fingrane med det.

Feiringa byr på ei rekke ritual, men berre to tradisjonar har verkeleg festa seg blant russarane: Heile veka blir det laga og ete bliniar, små pannekaker, og på søndagen samlast folk i byar og bygder for å brenne ei diger strådokke som førestiller vinteren.

Symbolikken er tydeleg: Ein tar farvel med ein periode som er over, og ein tar farvel ved å øydelegge han. Ritualet passar perfekt inn i bildet på Russland i dag, der landet aktivt øydelegg banda til si eiga nære fortid, til venner og samarbeidspartnarar og til «utanlandske vestlege verdiar». Russland vel heller sin eigen «spesielle» veg.

Greitt, å prøve å knyte symbolikken i maslenitsa til dagens politiske situasjon kan verke litt søkt, men det er ikkje noko eg finn på. Det treng eg ikkje. Dei som arranger feiringane rundt om, legg nemleg vekt på nettopp det.

Til dømes er det debatt rundt årets maslenitsafeiring i Lipetsk-regionen. Dokka dei brenner der, i Argamatsj-parken, førestiller ein Labubu – ein av dei populære, skumle små bamsane russiske barn og unge var hekta på i fjor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement