Utanriks
30 år sidan Sarajevo-blokaden vart oppheva
Få byar i verda er betre eigna til å bli kringsett enn Sarajevo, hovudstaden i Bosnia, omkransa av fjell på alle kantar som han er.
Ein kan framleis sjå spor etter krigen i Sarajevo på 1990-talet.
Armin Durgut / AP / NTB
I dag er
Sarajevos svarte historie midt på 1990-talet nærast gløymd. Det same er dei som forhandla fram freden i Dayton. Dayton-avtalen, seier du, og må kanskje søke
opp kva det var. Konfliktfokuset i verda er andre stader. Verda fekk andre
krigar å tenke på og bry seg om, med andre fiendebilde.
Det kan difor vere verdt å minne om at blokaden av Sarajevo i Bosnia-krigen på
1990-talet formelt var over for 30 år sidan, 29. februar 1996. Og innbyggarane
i Sarajevo kunne puste meir eller mindre fritt igjen.
Under blokaden
køyrde norske FN-soldatar ei tid inn forsyningar til den FN-kontrollerte
flyplassen ved byen. Ut til flyplassen grov innbyggarane ein underjordisk
tunnel der det vart frakta varer og materiell inn til den omringa befolkninga. Under FN-operasjonen Highland Express, som stod for forsyningane, ofra også norske soldatar
livet.
Fire år avstengd frå verda
Frå 5. april 1992 til 29. februar 1996 var Sarajevo nærast hermetisk stengd. Den serbiske
blokaden av byen under Bosnia-krigen vara lenger enn nokon annan blokade i
moderne tid.
Dei 1425 mørke
dagane i Sarajevo er moderne europeisk historie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.