JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Russisk utdanning i Ukraina – negativ framrykking

Eg har besøkt Luhansk berre éin gong. Det var eit par år før Euromaidan-opprøret i 2013–2014.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein gymlærar i Druzjkivka i Donetsk må innsjå at det blir lite hallidrett i det nye skuleåret. Det har russisk artilleri sytt for.

Foto: Andriy Andriyenko / AP / NTB

11429
20220916
11429
20220916

Eg heldt ei førelesing for studentar ved Vladimir Dahl-universitetet. Dahl (1801–1872) var ein russisk skribent og skaparen av den mest kjende ordboka for det russiske språket, ei bok han brukte 53 år på å fullføre. Far hans var opphavleg dansk, sjølv vart han fødd i Luhansk og døydde i Moskva.

Etter førelesinga mi kom universitetsrektoren med to studentar og sa dei skulle vise meg rundt i byen.

På den korte spaserturen vår i sentrum av Luhansk vart eg overraska over å høyre at det var ein «Komsomol-organisasjon» ved Dahl-universitetet, og at desse studentane var Komsomol-medlemer. Eg trudde Komsomol – Sovjetsamveldets ungdomsorganisasjon – døydde saman med kommunistpartiet, og difor tok eg denne informasjonen med ein stor dose ironi.

Ironien min bleikna da studentane tok meg med til monumentet over sovjetiske lærarar drepne av «ukrainske nasjonalistar» i Vest-Ukraina. Monumentet, ein stor, svart stein, var reist i sovjettida og vart verande i byen etter at Ukraina hadde blitt sjølvstendig. Så langt eg veit, står dette monumentet framleis i Luhansk.

Eg minnest denne turen til Luhansk no fordi dei russiske troppane «gløymde» dei russiske lærarane under tilbaketrekkinga frå byen Kupjansk i Kharkiv-regionen. Dette vart kunngjort av Irina Veretsjuk, ministeren for reintegrering av okkuperte område. Ho la til at dei ansvarlege ville bli tiltalte for brotsverket. Men seinare melde påtalemakta at ingen russiske lærarar var blitt etterlatne.

Lærarane var komne til dei okkuperte delane av Ukraina etter invitasjon frå den russiske regjeringa, og med lovnad om svært god løn. Dei hadde planlagt å vere der i mellom seks månader og eit år – nokre enda lenger, og somme hadde tenkt å bli verande i dei okkuperte områda for alltid.

Dei russiske styresmaktene hadde alt lova dei eit stykke ukrainsk land og eit hus eller ein annan bustad, gratis. Sjølvsagt er det ingen som byggjer noko som helst i krigssona, så vi må gå ut frå at dei lova bustadene og husa var slike som høyrde til ukrainarar som hadde flykta.

For eit par månader sidan fekk russiske journalistar tak i ei liste over lærarar frå ulike regionar som hadde meldt seg til «forretningsreiser» til Ukraina. Lista omfatta om lag 500 lærarar frå heile Russland – nokre var til og med frå Kamtsjatka og Sakhalin i Det fjerne austen. Dei fleste var lærarar i russisk språk og litteratur og historielærarar. Mange var glade for å kunne gje intervju til russiske massemedium om korleis dei skulle undervise ukrainske born.

Konstantin Matjukov, ein historielærar som budde seg på å reise til Luhansk-regionen i Ukraina, sa i sitt intervju med russiske medium: «I den luhanske folkerepublikken skal eg ikkje berre undervise born. Eg vil òg stå for patriotiske aktivitetar som skal hjelpe folka våre å kome nærare kvarandre. Når alt kjem til alt, kan det ikkje vere noka splitting mellom russarar og ukrainarar, ettersom vi er eitt russisk folk.»

Daria Ganieva, som underviser i russisk og engelsk og som forlét Sibir for å undervise ved Potsjetnenskij-skulen på Krym og hadde som mål å «hjelpe» til med undervisninga i Melitopol, delte òg tankane og kjenslene sine: «Eg kom til Krym frå Sibir og har ikkje fått ein fast bustad enno. Sjølvsagt er eg redd for å flytte, men eg håpar eg får ein stad å bu og ei bra løn. I tillegg er den økologiske situasjonen i Melitopol god, og det er hav der!»

Sjølvsagt, Daria Ganieva er russisk- og engelsklærar. Så ho kan få tilgjeving for ikkje å vite at Melitopol ligg langt frå havet. Ettersom ho heller ikkje er historielærar, kan ho kanskje ikkje kjenne til korleis dei lokale ukrainarane tok imot sovjetiske lærarar som var sende til skular i Vest-Ukraina då Sovjetunionen hadde annektert området under og etter andre verdskrigen.

Om lag 2000 sovjetiske lærarar og legar vart drepne av ukrainske antisovjetiske opprørarar. På den andre sida vedgår Daria Ganieva at ho er redd for å flytte. Så kan hende har ho mistankar om eit eller anna.

I dag har ukrainske kollaboratørar som har gått med på å stille seg til teneste for dei russiske okkupantane, god grunn til å vere redde. Nokre er ikkje lenger i live – dei er drepne av ukrainske partisanar eller grupper av ukrainske spesialstyrkar som opererte bak russiske liner. Blant ukrainske lærarar i dei okkuperte territoria er det òg kollaboratørar som sjølv før den ukrainske motoffensiven vart sende til «treningskurs» på den annekterte Krym-halvøya eller i Den russiske føderasjonen.

Eg har mistanke om at somme av dei ukrainske lærarane som no studerer det russiske pensumet på desse kursa, har bustader og hus i dei ukrainske territoria som nyleg er frigjorde frå russiske styrkar. Kva skal dei gjere no? Dra heim og bli sette i fengsel? Truleg har dei ikkje noko ønske om å sitje i fengsel. Sannsynlegvis blir dei verande på russisk territorium og blir russiske lærarar. Eller har dei framleis eit håp om at Russland vil slå attende og ta tilbake Kupjansk, Izium og andre frigjorde byar og landsbyar?

Å freiste å føreseie korleis ein krig utviklar seg, er ei utakknemleg oppgåve, særleg når dei offisielle mediekanalane av og til kastar ut informasjon som er meint å forvirre fienden, men som også, sjølvsagt, forvirrar ein ukrainsk lesar eller sjåar. Desinformasjon eller falske nyhende kan vere svært effektiv og nyttig, men etterlèt ein bitter ettersmak for ukrainarar. Vi skjønar at i ein krig kan ein ikkje stole på noko nyhende.

Heile landet følgde med på at den ukrainske hæren budde seg på å frigjere Kherson. Innbyggjarane i Kherson og Nova Kakhovka venta òg spent på å bli frie frå okkupasjonen. Dei ventar framleis, ettersom det synte seg at nyhenda om den snarlege frigjeringa av Kherson-regionen var desinformasjon. Forsvarsdepartementet og generalstaben i den ukrainske hæren førebudde i røynda ein operasjon for å frigjere Kharkiv-regionen.

Sjølv når ein ikkje kan ha full tillit til nokon som helst informasjon, tillèt ein seg sjølv å håpe på at det er noko sant i rykte. Søndag kveld var nokre vener og eg på veg til ein restaurant da ein engelsk journalistven sende meg ei melding: «Har du høyrt noko om eit mogleg militærkupp i Moskva? Sentrum av Moskva er avstengt!»

Humøret vart betre av dette nyhendet. Eg oppdaga at eg gjekk med lettare steg. Eg sjekka straks nyhendestraumen, men kunne ikkje finne noka stadfesting av kuppet. Eg kom over rapportar om at Putin enda ein gong hadde endra kommandoen over troppane sine, og det verka som han hadde arrestert fleire generalar som vart haldne ansvarlege for feila til den russiske hæren. Men det var ikkje så mykje som eit hint om noko kupp i nyhenda. Eg såg likevel for meg det avstengde sentrumet i Moskva og tillét meg sjølv ein augneblink i trua på at Putins styre var over.

Det synte seg at Moskva feira byens fødselsdag den dagen. Moskva er 875 år gamal. Til ære for dette var det gratis framsyning av russiske filmar. Marknader og gateteater prega byen. Det vart halde festkonsert i konsertsalen Zarjadje med Putin og borgarmeisteren i Moskva, Sobjanin, til stades, og derfrå innvigde president Putin på videolenkje det nybygde pariserhjulet – «Europas største» – Moskvas London Eye.

Pariserhjulet i Moskva blir kalla «Moskvas sol», og med sine 140 meter er det fem meter høgare enn London Eye. Dette er sjølvsagt ingenting samanlikna med Ain Dubai-pariserhjulet, som er 250 meter høgt, eller Singapore Flyer på 165 meter. Men likevel, det gjev grunn til å vere stolt.

Russland utan byrgskap er umogleg. Det er grunnen til at russarane ikkje vedgår at styrkane deira trekkjer seg attende frå frontane i krigen i Ukraina. Russarane kallar det «omgruppering» og «omplassering av troppar» for at styrkane i Luhansk- og Donetsk-regionen i Ukraina skal få forsterkingar. Ukraina har sett seg føre å hjelpe russarane i freistnadene på skape nye militære omgrep som maskerer røynda i situasjonen til den russiske hæren. Ukrainarane spøkjer no med at den russiske hæren «avanserer negativt» på Kharkiv-fronten.

At Putin ikkje kom personleg for å opne det største pariserhjulet i Moskva og ta ein tur med det sjølv, har skapt ei humorbølgje blant ukrainarane: «Han tok ikkje ferda opp i pariserhjulet fordi han ikkje ville sjå den ukrainske hæren nærme seg!»

Offensiven til den ukrainske hæren har oppmuntra oss og sett fart på mange nye vitsar og anekdotar. Soldathumor er noko spesielt og god å ha berre når det er krig, men ukrainarar spøkjer ikkje om skule og lærarar.

Mange ukrainske born kunne ikkje gå på skulen den 1. september. Dei har undervisning på nettet fordi skulane deira er øydelagde av russiske rakettar og bomber, eller fordi skulane ikkje har bomberom.

Dei skulane som har bomberom og ikkje er øydelagde, opplever eit spesielt liv under krigen. Borna er klare til å gå til bomberom når som helst. Bomberomma er gjorde klare til skuletimar og endatil utstyrte med internett av høg kvalitet.

Undervisninga har enno ikkje starta i dei nyss frigjorde byane og landsbyane. Dei fleste skulane er øydelagde, og resten manglar lærarar. Situasjonen er også temmeleg utrygg framleis. Frontlina er for nær, og den russiske hæren held fram med å bombe dei frigjorde områda.

I byar som framleis er okkuperte, som Melitopol og Kherson, arbeider skulane etter det russiske undervisningsprogrammet, men mange foreldre sender ikkje ungane sine til skulen, trass i trugsmål frå okkupasjonsstyresmaktene. Representantar frå dei russiske okkupasjonsstyresmaktene har lova å ta ungar frå foreldre som ikkje sender borna sine til skulen. Men så langt har det berre vore trugsmål. Det er ingen kjende tilfelle av «konfiskerte» born frå ukrainske foreldre i Melitopol så langt. Det er kjent at dei lova russiske lærebøkene ikkje er blitt leverte til dei okkuperte territoria, eller berre nokre få slike.

Russiske lærarar som gjekk med på å hjelpe dei russiske okkupasjonsstyresmaktene, er nok meir opptekne av å førebu seg på ei rask flukt enn på å førebu undervisninga. Dei fleste ukrainske kollaboratørane frå dei okkuperte byane og landsbyane som nett er frigjorde av den ukrainske hæren, flykta saman med okkupantane. Dei som ikkje klarte å flykte, er arresterte, tiltala for forræderi.

Moskva feira bydagen sin med eit storstilt fyrverkeri. Samstundes vart nettsida til det nye pariserhjulet hacka av radikale prorussarar som meiner at å feire Moskvas dag medan russiske soldatar trekkjer seg attende eller blir drepne i Ukraina, er blasfemi.

I skular i Kharkiv- og Poltava-regionen blir timane no jamleg avbrotne av luftvernsirener. Som hemn for den ukrainske offensiven skyt Russland missil mot kritisk infrastruktur i desse områda og freistar ta frå innbyggjarane elektrisitet, oppvarming og vassforsyning.

I nær framtid vil straumgeneratorar og varme soveposar bli dei mest ettertrakta varene i Ukraina.

Takk vere russisk aggresjon vil vinteren dette året bli både svært kald og svært varm.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I dag har ukrainske kollaboratørar som har gått med på å stille seg til teneste for dei russiske okkupantane, god grunn til å vere redde.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis