JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Om det norske og det samiske (2)

Korleis passar våre førestillingar om reindrift overeins med røynda? Har sjøsamar meir rett til fisken i havet enn etnisk norske fiskarar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein fiskebåt i Nordland. Vert den neste rettsaken frå samar om den historiske retten til å hauste frå havet?

Foto: Morten Strøksnes

26025
20230331
26025
20230331

ESSAY

redaksjonen@dagogtid.no

VI

Samane blir knytte til éin aktivitet meir enn noko anna: reindrift, som er både næringsveg, kulturform og identitetsberar. Eg voks opp med rein som kvart år var på sommarbeite – i hagen vår og i alle andre hagar i bustadfeltet. Mor mi jaga dei med ein kost, for dei åt opp blomstrane, skeit ut og trampa ned den alt stusselege hagen. Vi barna syntest sjølvsagt det var stor stas kvar gong reinen kom.

Mange som aldri har vore i Finnmark, både nordmenn og utlendingar, har påfallande pittoreske førestillingar om reindrift, som understøttar biletet av samane som eit folk som lever i pakt med naturen. Når dei tenker på samar, ser dei omtrent føre seg ein urgamal, nomadisk aktivitet – om ikkje med reinspent pulk over vidda, bak enorme flokkar av dei grasiøse dyra, så er det ikkje så veldig langt unna.

Venene mine i Sør-Noreg blir utan unntak forbausa når eg fortel dei at reindrift er ein relativt ny måte å leve på, og at fiske og jordbruk er mange tusen år eldre. Det har vore vanleg i forskinga å spore opphavet til tamreindrift til om lag år 1600, men nyare forsking viser at prosessen (der ein skiftar frå reinjakt til reindrift) tok til alt på 1400-talet.

Korleis tamreindrifta tok til, er usikkert. Men etniske nordmenn hadde drive med husdyr i ei æve, og flytta dyra rundt, som på sommarbeite. Samane såg jo alt dette. Dei hadde òg tamrein, såkalla «lokkedyr» som blei nytta under jakt og fangst, eller som trekk- og klauvdyr, før tamreindrifta starta opp, og ein dreiv store flokkar mellom innland og kyst.

Tamrein er forresten ikkje villrein som er tamde. Genetisk forsking har vist at dei er ein eigen stamme som først spreidde seg frå sør, kanskje frå Ural, til det nordvestlege Sibir, og derfrå vidare til Finnmark. På 1600-talet var det heller ikkje berre samar som dreiv med tamrein. Når eg trekker ut to jordebøker frå Finnmark, 1694 (utgitt i Oslo i 1932), les eg til dømes alt på side 2: «På bemeldte Øe [øya Loppa], er endeel Reinsdyr, som Presten tilhøerer.» At presten, som ikkje var same, dreiv med reindrift, viser i det minste: Reindrift var ikkje berre ein eksklusiv samisk aktivitet.

Frå samepolitisk hald er det blitt hevda, litt spøkefullt, at reinen berre forstår samisk. Men også kvenar har tradisjonelt drive med reindrift. I Sør-Varanger, der eg kjem frå, har kvensk historisk sett vore reindriftsspråket, både i Neiden og i Pasvik, heilt til siste generasjon. Det er blitt hevda frå aksjonisthald at Fosen-saka er avgjerande for framtida til sør­samisk kultur og språk. Det kan sikkert vere rett, men mange sørsamiske reindrivarar brukar norsk, også som arbeidsspråk. Reinen har altså blitt så språkmektig at han i dag ikkje berre kan samisk og kvensk, men norsk i tillegg.

Uansett har det karismatisk-romantiske biletet av reindrift skaffa samane mykje støtte, både i Noreg og internasjonalt, både generelt blant folk og innan jussen. Og det var det at reindrift er heilt sentralt for den samiske kulturutfaldinga, som låg til grunn for Fosen-dommen. Høgsterett vurderte vindturbinane på Fosenhalvøya som eit brot på menneskerettane til dei seks sørsamiske familiane som det er snakk om.

Samstundes er moderne reindrift svært mekanisert, ved at det blir nytta terrengkjøretøy, helikopter, krossyklar, snøskuter og dronar. I eit nordnorsk fjellområde eg kjenner godt, har mange samar bytt ut firejulingar med sekshjulingar som gir mykje større skadar i terrenget. Det som kjenneteiknar den arktiske naturen, er tynt jordsmonn og kort vekstsesong, slik at naturen reparerer seg sjølv mykje saktare enn andre plassar.

I same nasjonalpark, der køyring med snøskuter elles er svært strengt regulert av Statens naturforvaltar, kan samar gi eller leige bort reingjetarsertifikat til vener blant nordmenn som absolutt ikkje er involverte i reindrift.

Det er sjølvsagt at samar tilpassar seg og nyttar moderne teknologi i reindrifta. Likevel er det kanskje litt paradoksalt at ein urfolksaktivitet skaper så mykje støy, forureining og naturskade? Utgifter til drivstoff og maskinar er den store utgifta til siidaene. Og slik reindriftssamen Olof Anders Kuhmunen (72) på Saltfjellet uttrykte det her i avisa («Eit liv i reindrift» 16. desember 2022): «Som reindrivar lærte eg å kjenna naturen. I gamle dagar, då ein gjekk med ski, var det noko heilt anna. Ein øydelegg sansane når ein køyrer skuter. Eg hugsar før –?då høyrde me ein fugl. Me høyrde ein vind. Me høyrde ein ljod. No, no høyrer ein ingenting. No køyrer ein berre rakt fram med skuter. Dei nye skuterane har GPS. Det øydelegg retningssansen.»

VII

Heilt sidan eg var gut, har det kome stadig nye rundar med oppslag om den store auken i tamrein, som eit problem, sidan det i periodar har gått svært hardt ut over vegetasjonen og økologien. I 1970 var det rundt 70.000 rein i Finnmark, mens det 20 år seinare var heile 180.000. I åra med ekstremt press på beitearealet var det mange steinharde konfliktar mellom ulike siidaer eller reindriftsfamiliar, og nokre gonger var vald og skytevåpen inne i bilete.

Det var mykje meir rein enn styresmaktene tilrådde. Reinlavmengda blei kraftig redusert, media og forskarar snakka om ei «ørkenfisering» av den svartbeita vidda. Det var ikkje berekraftig. I seinare år har talet på rein i Finnmark stabilisert seg rundt 146.000. Reinlav og mose – begge delar veks særs sakte – har tatt seg opp, også på grunn av klima­endringar og lange fuktige somrar.

Likevel må reinsdyra ofte tilleggsfôrast om vinteren, litt som husdyr. Det blir mildvêr, og når det frys på, får ikkje reinen tak i mat under isen. På grunn av klimaendringar er det venta at dette kjem til å skje oftare enn før. Dei siste fire–fem vintrane har vore vanskelege, og nett no er det igjen beitekrise i nord, skapt av mildvêr og isdanning.

Ingen tviler på at reindrift er viktig for samisk kultur og identitet. Men det kan heller ikkje vere slik at ei så modernisert næring skal vere fullstendig kopla fri frå all økonomisk røynd. Reindriftsinntektene i 2021 var på 428 millionar kroner. Av desse kom 222 millionar, altså over halvparten, frå statleg støtte, ifølge tala frå Landbruksdepartementet. Dette skaper rundt 3000 arbeidsplassar.

Også tradisjonelt norsk landbruk mottar mykje i subsidiar, men prosentvis er det mykje mindre. I 2019 var til dømes dei samla inntektene 250 milliardar, og det blei gitt 14 milliardar i subsidiar. Dette skaper rundt 50.000 arbeidsplassar.

Eit anna tema er dei enorme tapstala i reindrifta. Over halvparten av den statlege erstatninga kjem frå kompensasjon for rein som skal vere tatt av rovdyr. I 2020–21 innrapporterte reindriftssamar at 63.666 reinsdyr blei tatt av rovdyr, men fekk erstatning for «berre» 22.486. I Nordland blei 88 prosent av kalvane (5700 kalvar) tatt av rovdyr, ifølge tal reineigarane melde inn.

Rovdyr treng òg mat. Men at reindrifta langt på veg blir halden økonomisk oppe av rovdyrtap, må vel gjere det rimeleg å reise nokre spørsmål rundt dyrevelferd, i det minste som ein liten del av likninga. Ein kunne jo seie at rovdyrtap alltid har vore ein del av naturens orden, men i dag speler heilt nye forhold inn. Same kva ein meiner om saka, øydelegg rovdyrpolitikken mykje for reindrifta. Kanskje er det eit lite paradoks at Natur og Ungdom, som aksjonerte saman med Norske Samers Riksforbund (NSR) mot vindturbinane på Fosen, for å verne reindrifta, også er blant dei ivrigaste rovdyrvernarane.

Poenget her er sjølvsagt ikkje at reindrift ikkje «fortener» subsidiar. Dei 222 millionane er ikkje eit problem for eit rikt land som Noreg. Problemstillinga er igjen at aktiviteten går føre seg over så enorme område. Om Fosen-dommen skaper presedens, og reindrift er det som skal gå først, fordi det er ein menneskerett, ifølge FN-konvensjonen, er det dramatisk for Noreg, spesielt Nord-Noreg.

Også mange samar reagerer på det tunge fokuset på reindriftsnæringa frå Sametingets side. Aina Borch, ordførar i Porsanger kommene, uttalte i Debatten (NRK1, 28. mars 2023) at det i samband med utviklinga av arealplan var vanskeleg å bli samd med Sametinget om at det skal gå an å få samhandling mellom fleire næringar. Reindrifta går alltid først for Sametinget (der NSR har vore det dominerande partiet sidan starten), også om det hindrar anna samisk næringsutvikling.

Endå krassare var Toril Bakken Kåven, gruppeleiar for opposisjonspartiet Nordkalottfolket på Sametinget: «Det som egentlig var den store, tradisjonelle næringen innenfor det samiske samfunn, det var utmarksnæringer, og vi har ropt og ropt og ropt om at de må ta det på alvor, det som går på sanking, innlandsfiske og så videre. Det er blitt møtt med øredøvende tauset over alle disse årene, til fordel for at man skal helliggjøre en næring [reinsdrift] og vinne alt på den. [...] man går på det nasjonalromantiske synet fordi det gir så stort gehør ute i det norske samfunnet, det er det man i Sør-Norge har lyst å høre, da får man drømmende blikk, da er det verdt å ta vare på den samiske kulturen, men den samiske kulturen er så vanvittig mye mer enn reindrift, og det forsvinner helt i denne sammenhengen.»

Det bør ikkje vere så vanskeleg å skjøne kvifor reindrift er så viktig for samar. Éin ting er den kulturelle delen, ein annan er det som er knytt til eigarskap. Samane sin bruk av fjell, vidder og fjordar gjennom mange hundre år, gav ikkje nokon eigedomsrett til landet. I mesteparten av Noreg fekk gardbrukarar og bureisingsmenn, norske som samiske, eigedomsretten til store utmarksområde. I Finnmark blei nesten all utmark statsgrunn, som i dag er eigd av Finnmarkseigedommen (FeFo), der Sametinget nemner opp tre av seks representantar. Tap av nye beiteområde blir i dag sett på som eit framhald av gamal urett og eit trugsmål mot samisk kultur. Det er forståeleg. Likevel, samar flest driv med heilt andre ting enn reindrift, og mange samar synest altså at reindrift har fått ei altfor berande rolle i presentasjonen av det samiske.

Eit moment her er at Sametinget kan fokusere på reindrifta også av strategisk-politiske årsaker, nett fordi landrettar er knytte til denne aktiviteten. Slik ville iallfall eg tenkt, om eg var samepolitisk strateg.

Sjølvsagt er det også ein annan erstatningsdimensjon oppi alt dette. Å tru at samar er heva over den slags, er urealistisk og i praksis nedlatande. Om samar har vetorett rundt bruken av store delar av Noregs areal, vil dei òg kunne forlange store summar for å inngå kompromiss. Også her kan Fosen skape presedens.

Moderne reindrift er svært mekanisert ved at det blir nytta terrengkjøretøy, helikopter, krossyklar, snøskuter og dronar og fôring med pellets og høy.

Foto: Heather Sunderland (CC)

VIII

Om vi ser litt nærare på Fosen-dommen i Høgsterett, er det fleire merkelege sider. Éin ting er at vinterbeiteområdet i Sør-Fosen ikkje har vore brukt sidan 2006. Og det at 44 prosent av vinterbeitet på Fosen er tapt, kviler på opplysningar henta inn av Protect Sápmi. Protect Sápmi er ein privat organisasjon for samiske arealinteresser som har vore finansiert av Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL). Avisa Ságat har dei siste åra hatt mange kritiske sakar knytte til økonomistyring og anna i Protect Sápmi.

Anders Johansen Eira har vore ein sentral konsulent i Protect Sápmi. I fjor åtvara han reineigarar, ifølge Ságat, mot å vere «informantar» eller «objekter» for «alskens utenforstående» og «fremmede» (etnisk)norske forskarar. Dette fordi forskarar ved Høgskulen i Innlandet studerte effekten av å fôre reinen med grovfôr over lengre tid – for at reinen ikkje skal svelte i hel når beiteforhalda er dårlege. Eira såg føre seg at etnisk samiske forskarar skal kontrollere og godkjenne dei etnisk norske forskarane, gjennom NRL.

Høgsterett la lagmannsrettens vurdering av konsekvensane til grunn og antok at det var riktig at reinen kom til å sky vindturbinane. For eit par veker sidan dukka det opp videoar av rein som vandrar heilt uforstyrra mellom vindturbinar i Finnmark. Talet på rein har òg tatt seg kraftig opp i det same området, blei det hevda i same NRK-reportasje. I Finnmark har ein same erfaring mange plassar rundt ulike typar ny infrastruktur, som vindturbinar, vegar og nybygg. Reinen blir stressa i utbyggingsfasen, men synest å tilpasse seg ganske raskt.

Eira og Protect Sápmi har vore ein viktig leverandør for faktagrunnlaget i Fosen-saka. Men sjølve grunnlagsmaterialet som blei nytta, er samla saman av ein reinforskar med eige firma som i januar i fjor blei sikta for grovt bedrageri av bistandspengar. Det etter at han hadde oppretta ein eigen etterretningsorganisasjon med «ekspertise» på terror, Taliban og smuglarruter i Sahara, jobbe mot ulovleg hogst av regnskog og mykje meir, med eit hemmeleg nettverk av spesialistar og informantar. På det som mildast talt ser ut som eit tynt grunnlag, fekk den no sikta reinforskaren i ei årrekke ut over ti millionar kroner i året av Utanriksdepartementet (UD) og Klima- og miljødepartementet (KLD), før han i januar altså blei pågripen og sikta for grovt bedrageri av 56,9 millionar kroner, ifølge Aftenposten. Ja, eg veit det. Staten er blitt galen.

Om ein legg denne konkrete saka litt til sides: At det kan vere mogleg å «shoppe» konsekvensutreiingar i Noreg, overraskar neppe nokon. Det gjeld ikkje minst i samband med utgreiingar rundt store naturinngrep av den typen aksjonistar som Ella Marie Hætta Isaksen demonstrerer mot. Ho har tidlegare vore med og aksjonert mot dumping av gruveavfall i Repparfjord, der underlagsrapporten som gruveselskapet tinga, blei sett på som «bagatellisering» av miljøproblema, ikkje berre av aksjonistane, men òg av Havforskingsinstituttet.

IX

Når det gjeld naturbaserte næringar, stikk ei anna seg fram, og det er fiske. Også den sjøsamiske kulturen går langt tilbake. Men han har alltid likna meir på den norske enn det den reindriftssamiske gjer. Og assimilasjonen langs kysten har vore mykje kraftigare enn i det indre, ved inngifte og andre «mjuke» mekanismar, slik at hard fornorsking mange plassar ikkje eingong var «nødvendig».

Eit avgjerande slag mot den eldgamle nordnorske kystkulturen, både for dei med samiske og kvenske røter og for den etnisk-norske majoriteten (i den grad gruppene lèt seg skilje etter så mykje blanding og inngifte), kom med systemet av omsettelege kvotar. Med dette mista kystfolket med eitt retten til å hauste frå havet, som var grunnen til at dei budde langs desse harde kystane, og hadde gjort det i uminnelege tider.

Noregs institusjon for menneskerettar er eit uavhengig, offentleg organ som organisatorisk er underlagt Stortinget og har hovudkontor i Oslo og eit kontor i Kautokeino, med til saman om lag 26 tilsette. I 2016 gav dei ut ein rapport om retten sjøsamane har til sjøfiske. Dette var etter at internasjonale menneskerettsorganisasjonar, FNs menneskerettskomité og ILOs ekspertkomité hadde bede om informasjon om kva tiltak som var gjorde for å sikre samiske rettar til sjøfiske. Rapporten er bygd opp av urfolkslogikken og den internasjonale jussen som vedkjem urfolk. Ei sak frå New Zealand blir nytta som indikasjon på at Noreg bryt urfolksrettane ved å nekte sjøsamar tilgang til fiskeressursane. Rapporten endar opp med fleire klare tilrådingar som denne: «Sjøsamenes rett til fiske som en del av deres kulturutøvelse og basert på deres historiske fiske, bør lovfestes. Det samme gjelder retten til en positiv forskjellsbehandling ved tildeling av kvoter og tilsvarende, hvis dette er nødvendig for ivaretakelsen av sjøsamenes materielle kulturgrunnlag.»

Det er lett å ha sympati med folk i den nordnorske utkanten som har mista retten til å fiske. Dei er utsette for ein marknadsliberalistisk politikk som ifølge Riksrevisjonen er i strid med havressursloven. Kvotane hamnar på stadig færre, kapitalsterke hender, eigarskapet til dei blir flytta frå nord til sør, stikk i strid med dei offisielle målsettinga og lovverket. I tillegg blir fisket i mange fjordar sterkt skada av oppdrettskonsern, ofte eigde av sørnorske og utanlandske interesser.

Samstundes: Kor sentral er urfolksdimensjonen blant fiskarar nordpå når ein ser bort frå elvefisket? Kystsamar fiskar til dømes med akkurat dei same reiskapane, frå akkurat dei same båtane, etter akkurat den same fisken, i akkurat dei same havområda som sine etnisk norske kollegaer. Dei snakkar òg som regel same språk (norsk) og er like integrerte, moderne borgarar av det norske samfunnet.

Den etnisk norske fiskekulturen er eldgamal, folk har drive med fiske i fleire tusen år. Samane og kvenane i området har òg drive med fiske lenge, ikkje minst i fjordbotnane i Troms og Finnmark. Men kvifor er det slik at den stort sett identiske fiskekulturen til kystsamane blir vurdert som meir verneverdig enn den norske eller kvenske, av Noregs institusjon for menneskerettar? Kanskje fordi ein i rapportane ser liten forskjell på til dømes maoriar og samar, om folka i juridisk forstand er vurderte som urfolk, og i liten grad ser – eller interesserer seg for – at særordningar kan skape nokre reelle demokratiske dilemma og problem.

Eg reagerer på det prinsipielle i argumentasjonen: at retten til kvotar skal kvile på etnisk bakgrunn. Her må det leggast til at dei med sjøsamisk bakgrunn i dag ikkje automatisk får større kvotar enn etniske nordmenn eller kvenar. Fordelane gjeld for alle som bur i det som blir definert som kjernesamiske område.

Ordninga har likevel ein konsekvens som kan verke omvendt kolonialistisk, enten det er intensjonen eller ikkje. Kommunar som ikkje er «samisk kjerneområde», og aldri har vore det, kjenner seg pressa til å definere seg som det av reint økonomiske omsyn. For då vil fiskarane i denne kommunen, norsketniske som samiske (om det finst nokon), få betrakteleg større kvotar. Dette har til dømes vore ei problemstilling i Steigen kommune i Nordland.

Slik kan det som blir kalla samiske kjerneområde, bli utvida. Og dermed har ein plutseleg, om andre saker kjem opp, mista lokal makt til Sametinget, der dei lokale ikkje har nokon representasjon.

Sjølvsagt burde vi overføre større kvotar til fiskarar som bur og arbeider på små plassar langs kysten i nord. Kystflåten driv på ein mykje meir berekraftig måte enn trålarane, og verdiane blir igjen langs kysten og skaper levande lokalsamfunn. Men er det rett å gjere dette til eit etnisk spørsmål, i staden for ei felles politisk kampsak for folk som driv med det same? Kystkulturen nordpå går faktisk ikkje etter etniske skiljelinjer. Alle er i same båt, stilte overfor dei same problema. Å lage kunstige etniske skilje kan dekke over at kystkulturen i høg grad er felles – men ikkje mindre verd å verne av den grunn.

På den andre sida: Her kan ein sjå for seg at samisk nærvær blir nytta konstruktivt, slik at alle blir sikra eit betre vern, slik at ein større del av verdiskapinga kan skje lokalt og sikre arbeidsplassar og bustader langs kysten. Av slike årsaker hadde eg òg mykje sympati for Fosen-aksjonistane. Sterke krefter i vår kapitalistiske, neoliberale verd freistar å slå kloa i alt dei kan få av naturressursar, for å omskape dei til pengar, på vegner av anonyme investorar verda rundt.

No snakkar lobbyistane om «grønt skifte», «fornybarøkonomi», «berekraft», «karbonnøytral», og har lært seg heile det grøne paradespråket utanåt, for å kunne drive naturøydelegging ut frå solide økologiske verdiar, med enorme subsidiar frå staten, altså oss. Argumentasjonen frå samepolitisk hald er kanskje ikkje alltid etterretteleg, men eg stolar trass alt meir på dei enn på investeringsfonda og det kraftindustrielle komplekset.

Den samiske dimensjonen kan i beste fall redde natur som elles ville blitt øydelagt, utan at han hadde trunge å bli det.

X

Innan vitskapar som juss og arkeologi kan ein òg spore ulike oppfatningar som meir går på haldning enn på harde vitskaplege fakta. I jussen har vi til dømes det vi kan kalle skulen etter Carsten Smith, som har ein tendens til å levere «maksimalistiske» tolkingar av samerettar. Han var ein nøkkelperson i Samerettsutvalet (1980–85), som la grunnlaget for Sametinget – og til dels for ILO-konvensjon 169, der samane i 1990 blei definerte som eit urfolk. Då samane i 1988 fekk grunnlovsspesifisert rettane sine (gjennom paragraf 110A), var òg Smith sentral, og han blir ofte kalla «sameparagrafens far». Så seint som i fjor oppmoda den gamle professoren og høgsterettsjustitiariusen sjøsamane til å gå domstolens veg for å sikra seg særrettar.

På den andre sida har vi dei som er meir i tradisjonen til Carl August Fleischer, som er kritisk til Finnmarksloven, til dømes, og har eit meir avmålt syn på kva Noreg eigentleg har forplikta seg til gjennom ILO-konvensjon 169. Sidan konfliktane om retten til land, vatn og anna i så høg grad er blitt gjort rettslege, kan kva juridisk tolking som vinn fram, ha store praktiske konsekvensar.

Også då eg snakka med ulike folk i arkeologimiljøa i samband med denne artikkelen, blei det klart at det er ein viss mistillit mellom arkeologiske miljø og personar. Somme meiner at andre ikkje berre har ein rein vitskapeleg agenda, men identifiserer seg med det samiske i den grad at det påverkar tolkingane deira. Eg skal ikkje seie noko om i kva grad dette stemmer, eller om det stemmer i det heile tatt. Men det er uansett interessant at det til ein viss grad blir opplevd slik internt.

Jonny Hjelm, som er professor i idé- og samfunnstudiar ved Umeå universitet, har fått merke kva veg vinden bles. I ein artikkel kritiserte han den faglege kvaliteten på ein del av den «samiske forskinga» i Sverige. Han meinte at forskinga er prega av metodiske feil, dårleg språk og slurv. Resultatet var ein skitstorm av falske skuldingar om rasisme og samehat i sosiale medium. Og då han blei invitert på ein forskingskonferanse om samfunnsfagdidaktikk i Alta, blei det bråk, og nokre prøvde å presse universitetet til å trekke innbydinga.

I eit intervju med Khrono (30. januar 2023) sa Hjelm dette: «Et av hovedproblemene er at forskning om samer som utgangspunkt alltid skal støtte opp under deres kamp for selvråderett. Det er til og med et vanlig utgangspunkt at forskning på samer helst bare skal utføres av de som selv identifiserer seg som samer, eventuelt av de som gjennom sin forskning agerer som en alliert av samene. Dette er dypt problematisk fra et vitenskapelig perspektiv.»

Også innan genetikken er det tendensar til strid på etnisk grunnlag. Ei sak som fekk mykje merksemd i 2021, var då Per Holck, professor emiritus i anatomi, fekk nei til å forske på den såkalla Nyelv-mannen. Hovudskallen etter Nyelv-mannen blei funnen ved Varangerfjorden på slutten av 1930-talet (seinare karbondateringar viste at han er 4700 år gamal). Holck og hans samarbeidspartnarar (Johannes Krause ved Max Planck-instituttet i Tyskland og Svein Davanger ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo) ville gjere DNA-studiar av skallen (dei skulle sjå etter haplogrupper). Dei fekk avslag etter råd frå Skjelettutvalget (Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning på menneskelige levninger).

Det er ei viss usemje om kva avslaget eigentleg botna i. I søknaden blei «etnisitetsbedømmelse» nemnt som eit formål med forskinga. Skjelettutvalget hevda at dei føreslåtte undersøkingane inneheldt «en rest av vitenskapelig rasisme», at dei utilsikta kunne spreie fordommar mot samane, og spurde om det er «hensiktsmessig å projisere etniske identiteter bakover i tid».

Dette kan sjå ut som ordkløyveri, sidan gen og etnisitet (som den som er skapt av kulturell identitet) sjølvsagt ikkje har noko med kvarandre å gjere. Forskarane var interesserte i DNA-et, som kan fortelje mykje om kva opphav personen hadde. Skallen er ikkje klassifisert som samisk, og mange trur han er altfor gamal til å vere det. Likevel blei forskarane kritiserte av Skjelettutvalget for ikkje å kontakte Sametinget.

Om det viste seg at Nyelv-mannen stod nær samar, genetisk sett, ville det gitt viktige bidrag til forståinga av Finnmarks forhistorie. Det same ville motsett resultat. Men forskinga blei altså avvist. Kommentarfelta gløda. Sett på spissen kunne det sjå ut som om Finnmark hadde mista retten til å bruke banebrytande teknologi til å få ny kunnskap om regionens tidlege historie.

Genetikk kan sjølvsagt brukast av begge «partar». Men slike studiar er ofte problematiske, i den tydinga at berre ekspertar er i stand til å forstå og tolke resultata, og «vanlege folk» ofte misforstår. Ja, sjølv folk som forskar på den same tematikken, som arkeologar og genetikarar, skjøner ikkje felta til kvarandre, men arbeider på kvar si tue.

Nyleg publiserte avisa Nordlys ein kronikk skriven av Aina Westrheim Ravna, professor i farmakologi ved UiT Noregs arktiske universitet. Teksten har vore mykje delt og debattert på sosiale medium. Ravna startar med å understreke at urfolksomgrepet ikkje handlar om kven som kom først, og det er rett. Likevel prøver ho å vise at samane faktisk kom først, med støtte i genforsking.

Tittelen er «Samenes formødre representerer en eldgammel, genetisk isolert befolkning fra Fennoskandia» (20. mars 2023). Det som blir konstatert i tittelen, kviler i stor grad på studien «The Western and Eastern Roots of the Saami—the Story of Genetic ‘Outliers’ Told by Mitochondrial DNA and Y Chromosomes» som stod i American Journal of Human Genetics i 2004.

Sidan artikkelen er så gamal, og funna verka litt rare ut frå andre studiar eg kjenner, tok eg kontakt med ein gamal ven. Mark Thomas er professor i evolusjonær genetikk ved University College London og ein leiande internasjonal kapasitet på området. Han vurderer studien slik: «Forskinga er nesten 20 år gamal, og etter mitt syn utdatert då ho kom. Tilnærminga som blir brukt, blir kalla tolkande fylogeografi. Det er ei tilnærming som (1) aldri har vist seg å fungere, (2) lett lar seg styre av subjektive agendaer, og (3) bør vurderast som historieforteljing, ikkje som testing av hypotesar. Vitskap handlar om å teste hypotesar, ikkje berre om å fortelje historier.»

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Tredje og siste dele kjem 14. april.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis