JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein vanskeleg vitskap

Dommen i Fosen-saka handlar om kulturelle rettar, men er bygd på naturvitskap. Forskinga på rein og vindkraft er ikkje eintydig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reinsdyr vandrar rundt vindmøllene i Storheia vindpark, som er den største av vindparkane i porteføljen til Fosen Vind. Da han blei overført til ordinær drift i februar 2020, var han Noregs største vindpark, med 80 turbinar og ein effekt på 288 MW.

Foto: Heiko Junge / NTB

9127
20230303
9127
20230303

Samfunn

peranders@dagogtid.no

I det harde ordskiftet om vindparkane på Fosen har historia om tidlegare overgrep frå storsamfunnet mot samane har blitt vekt til live. Både høgsterettsdommen om konsesjonen frå 2021 og debatten denne veka handlar mest om menneskerettar og samisk kultur. Men Fosen-saka handlar òg om naturvitskap, og er meir komplisert enn ho kan verke ved første augekast.

Vindparkane i Roan og Storheia fekk konsesjon i 2010, og turbinane vart reiste mellom 2016 og 2019, trass i protestane frå reineigarane i Fosen reinbeitedistrikt (Fovsen Njaarke Sijte på sørsamisk). Frostating lagmannsrett tilkjende i 2020 reineigarane erstatning som skulle kompensere for tapte beiteområde, men konsesjonen vart ikkje funnen lovstridig. Høgsterett nytta det same grunnlagsmaterialet som lagmannsretten, men konkluderte altså med at konsesjonsvedtaket var ugyldig.

Ein avgjerande premiss for båe dommane var at reinen vil unngå eit stort område kring vindkraftverka, noko som gjer ein stor del av vinterbeitet til Fosen-reinen utilgjengeleg. Dette vil rive vekk mykje av livsgrunnlaget for reindriftsnæringa i området, og dermed hindre samisk kulturutøving, meinte Høgsterett. Reineigarane på Fosen har for tida til saman 1794 dyr og har lov til å ha opptil 2100.

Spørsmål

Om ein ser isolert på arealet vindturbinane og vegane legg beslag på, kan konklusjonen verke rar. Fosen reinbeitedistrikt utgjer til saman kring 4200 kvadratkilometer spreidd over 12 kommunar, medan arealet til sjølve vindkraftanlegga utgjer 63 kvadratkilometer. I tillegg kjem 132 kilometer med nye vegar fram til vindturbinane. Men slike kraftverk kan påverke åtferda til reinsdyr over eit langt større areal enn det turbinane og vegane okkuperer.

Spørsmålet er kor stor den påverknaden er i dette høvet. Og det er det spørsmålet som gjer denne saka så komplisert – og ganske dårleg eigna som tema for Debatten på NRK.

Små effektar

Eit tidleg forsøk på oppsummering av kunnskap om vind og rein var prosjektet VindRein, som leverte ein rapport i 2014. Der såg forskarar frå Universitetet i Oslo og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på konsekvensane for reinsdyr etter bygginga av fem norske vindkraftverk. To av desse anlegga var i område med tamrein. Verken ved Kjøllefjord vindpark i Finnmark eller Fakken vindpark i Troms fann forskarane særlege effektar på arealbruken til reinen i driftsfasen. Desse studiane tyda på at det var anleggsarbeida og annan menneskeleg aktivitet som fekk reinen til å trekkje unna, men den effekten var mellombels.

Store effektar

Forskinga heldt fram, og i 2017 laga Norsk institutt for naturforsking rapporten Vindkraft og reinsdyr – en kunnskapssyntese. Her oppsummerte forskarane 11 studiar frå Noreg og Sverige, og biletet var blanda: Tre studiar synte at reinen trekte unna anlegga og reduserte bruken sin av område på opptil fem kilometers avstand frå vindkraftverk. Fire studiar (inkludert dei allereie nemnde studiane frå Kjøllefjord og Fakken) fann derimot ikkje nemneverdige verknader på reinsdyra.

I fjor kom ein ny studie frå dei same UiO- og NMBU-forskarane som hadde studert rein ved Kjøllefjord og Fakken. Denne gongen handla det om den omstridde Roan vindpark på Fosen og Raggovidda vindkraftverk utanfor Berlevåg. Båe stader fann forskarane sterkt negative effektar. Ved Raggovidda fann forskarane at reinen reduserte bruken sin av område så mykje som ti kilometer frå vindparken.

Verd å nemne er òg ei svensk kunnskapsoppsummering frå 2021 med tittelen Renar, renskötsel och vindkraft, som òg drog vekslar på studiar frå Noreg. Den rapporten konkluderte tydeleg med at rein og reindrift blir negativt påverka av vindkraftutbygging, men slo òg fast graden av påverknad kan variere mykje gjennom året og frå stad til stad.

Mange variablar

Når studiane sprikjer så mykje, har det mange årsaker. Forskarane har brukt ulike metodar, mellom anna direkte observasjon av reinen, GPS-sporing av rørslene til dyra gjennom året, kartlegging av avføring og intervju med reineigarar. Somme studiar har vore relativt korte, andre har vart i mange år. Somme har hatt avgrensa geografisk ramme, andre har vore meir regionale.

Men ei viktigare årsak til skilnadene er særtrekka til områda vindkraftverka er plasserte i: Er det mange andre menneskelege påverknader på reinen i området? Har dyra god tilgang på beite i områda rundt kraftverka? Korleis påverkar kraftverka og vegane trekkrutene til reinen? Korleis er turbinane plasserte i terrenget, og kor store er dei? Dette og meir har følgjer for effekten vindparkane får på reinen. I tillegg rører ikkje tamreinen seg like fritt som villreinen: Måten reineigarane driv flokkane sine på gjennom året, påverkar kva beiteområde som blir nytta. Og på sommaren kan plagsame insekt få reinen til å trekkje inn i område med vindturbinar, synte den svenske rapporten frå 2021: Da søkjer reinen seg til høgdedrag med meir vind, og det er gjerne der turbinane står.

For nære

Eit døme på at andre faktorar kan trumfe turbinfrykta, er historia om kraftverka Kvitfjell og Raudfjell på Kvaløya i Troms, som starta drifta i 2020. Dei 67 vindturbinane her står i eit vinterbeiteområde for tamreinen til Aleksandersen-familien. Her er ikkje problemet at reinsdyra skyr kraftverket, men at dei kjem for nær: På vinteren er det fare for iskast frå rotorblada, og iblant må reineigarane inn på området ved turbinane for å hente ut dyra.

«Vi har tenkt at det bare er et spørsmål om tid før noen blir skadet, enten dyr eller mennesker», fortalde reineigar Reiulf Aleksandersen til iTromsø i fjor. Han har kravd at turbinane skal stoggast ein periode på vinteren slik at han trygt kan hente ut dyra frå vindparken, og ligg for tida i konflikt med vindkraftselskapet om saka.

Nord og sør

Situasjonen på Kvaløya er spesiell. Arealet for reinen der er avgrensa, og erfaringane derifrå kan ikkje overførast til Fosen. Men dei sprikande vitskaplege studiane av forholdet mellom vindkraft og reindrift gjorde ikkje jobben enkel for Frostating lagmannsrett da Fosen-saka kom opp i desember 2019. Saka var dessutan todelt: Vindturbinane i Roan vindpark er i beiteområdet til Nord-Fosen siida (nordsamisk for ei gruppe reineigarar), medan Storheia vindpark er i området til Sør-Fosen sijte (sørsamisk for siida).

I vurderinga si av Nord-Fosen la retten stor vekt på arbeidet til den svenske reinforskaren Anna Skarin, som hadde laga ein rapport om saka og var sakkunnig vitne i retten. Området Haraheia ved Roan vindpark var før mykje brukt til vinterbeite, og GPS-data frå 2009 til 2019 synte at reinen beita der i langt mindre grad etter at turbinane kom opp. Dette innebar eit stort beitetap, slo Skarin fast. Om reinen unnvik vindkraftområdet i ein radius på fem kilometer, ville det påverke 18 prosent av vinterbeitet i Nord-Fosen, konkluderte ho.

Undring

For Sør-Fosen var situasjonen annleis. Leif Einar Jåmå, som representerte reineigarane i sør, la vekt på at området kring vindparken i Storheia er det viktigaste beiteområdet for reinen i Sør-Fosen på seinvinteren. Men retten fekk òg vite at området ikkje hadde vore brukt til vinterbeite sidan 2006. Dyra har i staden beita i Rissa og Leksvik. Dette vart forklart med at bruken av områda rullerer over tid for å unngå nedbeiting.

Det var eit plausibelt argument, meinte retten – «men det er likevel til å undres over at det påstått viktigste reinbeiteområdet ikke har vært i bruk siden 2006», heiter det i dommen. Premissen vart likevel godteken av lagmannsretten, som slo fast at både Haraheia i nord og Storheia i sør var tapte som vinterbeiteområde for reinen på Fosen.

Prosentrekning

Kor mykje utgjorde så desse to områda av alt vinterbeitet i Fosen? Der stødde lagmannsretten seg på utrekningane som seniorrådgjevar Anders Johansen Eira frå Stiftelsen Protect Sapmi laga på vegner av Sør-Fosen sijte. Da han skulle rekne ut behovet for vinterfôring, nytta han grunnlagsmateriale laga av forskaren Christian Nellemann, som òg var sakkunnig vitne i retten. Eira la til grunn at 44 prosent av vinterbeitelandet var tapt på grunn av vindparkane, og difor måtte 44 prosent av reinen vinterfôrast, meinte han.

Men i dommen vart talet på 44 prosent tapt vinterbeite brukt for heile Fosen – ein langt større del enn den sakkunnige Anna Skarin la til grunn da ho laga anslag for påverknad i Nord-Fosen.

Lagmannsretten meinte at det store tapet av beiteland på sikt innebar fare for at «antall rein må reduseres betraktelig», men at dette kunne kompenserast med tilleggsfôring i tre månader på ettervinteren. Da Høgsterett handsama saka, slutta dommarane seg til vurderingane av konsekvensane vindkraftverka får for reindrifta. Men Høgsterett meinte at vinterfôringa lagmannsretten skisserte, neppe var var sameinleg med tradisjonell samisk reindrift, og vindkraftutbygginga hadde «vesentlig negativ effekt på reineiernes mulighet til å dyrke sin kultur på Fosen». No ligg kravet om riving på trappa til Olje- og energidepartementet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet

MinneordKultur
Hallvard T. Bjørgum

Munnharpevirtuosen frå Setesdal

Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.

Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret

TeaterMeldingar
Christiane Jordheim Larsen

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis