JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Nye frontar

I skuggen av Russlands krig mot Ukraina stig eit nytt militært kart fram, med nye frontliner. Det handlar om mykje meir enn Norden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein soldat granskar kartet i ein Nato-base i Münster i Tyskland i ei ni-nasjonarsøving 10. mai 2022.

Foto: Fabian Bimmer / Reuters / NTB

10780
20220603
10780
20220603

Frontlinene i den russisk-ukrainske krigen har fastna i aust. No flyttar dei seg saktare. Denne veka gav Biden-administrasjonen grønt lys for å sende mellomdistanserakettsystemet Himars til Ukraina for å hjelpe ukrainarane med fortgang. Tyskarane aukar òg støtta si og tilbyr moderne luftvern og radarsystem.

Likevel er det særleg utanfor Ukrainas grenser at Russlands invasjonskrig fører til endringar på det militære kartet i desse dagar. Det skjer raskt, og det vil få store følgjer.

Då Vladimir Putin invaderte Ukraina i februar 2022, førte Russlands president den europeiske etterkrigstida til endes. Det kjende moderne Europa forsvann på ein blunk. Kardinalsynda som vi aldri vil kunne tilgje Putin, er at han gjorde barnelærdommen vår til skamme og knuste illusjonen om at Europa hadde lagt krig mellom nasjonar bak seg.

I 1990, då den kalde krigen vart avslutta, innebar det at nedkjølingsperioden i Europa etter to verdskrigar var over. Etterkrigstida var her. Stikkord var integrasjon, samarbeid og fellesskap, særleg over gamle frontliner mellom Frankrike og Tyskland, Nord- og Sør-Europa og Aust- og Vest-Europa.

Europearane hadde parkert krig mellom statar som verktøy i utanrikspolitikken ein gong for alle. Det europeiske kontinentet vart bygd opp att på måtar som nettopp skulle gjere krig til eit meiningslaust tapsprosjekt for alle involverte. Krig forsvann ut av forskinga, ut av vokabularet og til slutt òg ut av dei temaa det var lov å tenkje på og langt mindre planlegge for. Freden var djup.

I Europa skulle det snakkast heller enn krigast.

Fleire av dei viktigaste internasjonale institusjonane i verda vart òg etablerte med det spesifikke formålet å hindre krig i Europa – der begge verdskrigane i førre hundreåret hadde starta. FN-pakta gjorde krig ulovleg med få unntak, og rundt bordet i FNs tryggingsråd sat dei tre store europeiske nasjonane Russland, Frankrike og Storbritannia.

I Europa skulle det snakkast heller enn krigast. Nato var amerikanarane sitt instrument for å unngå å måtte «redde Europa frå seg sjølv» nok ein gong. I framtida skulle USA avverje krig i Europa heller enn å komme europearane til unnsetning i etterkant.

I skuggen av den kalde krigen vart fundamentet for Etterkrigs-Europa lagt. Den europeiske unionen skulle gje økonomisk og politisk integrasjon som gjorde krig økonomisk umogeleg. Europarådet, Den europeiske menneskerettskonvensjonen og domstolen skulle sørge for at forholda i kvart land ikkje vart slik at det kunne gje grobotn for grupper som var sinte og marsjerte i takt, eller bad eit naboland om vern mot eigne styresmakter. Årsakene til krig skulle fjernast, og Europarådet inkluderte etter kvart både Tyrkia og Russland.

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) var nok ei plattform som involverte tidlegare og potensielle fiendar i Europa, og skulle sørge for å dempe uro og løyse konfliktar før det utvikla seg til noko som kunne eskalere. OSSE arbeidde intensivt både på Balkan på 1990-talet og i Ukraina etter 2014 for å sørge for dette.

Og her er vi i sjølve kjernen av Vladimir Putins brotsverk. Då han invaderte Ukraina, øydela han det Europa vi hadde og trudde skulle vare evig. Ingen av dei globale organisasjonane klarte å hindra invasjon og krig mellom to europeiske nasjonar. Det gjorde heller ikkje dei europeiske instrumenta etablerte nettopp for dette formålet. Putin har ført etterkrigstida i Europa til endes. Kva skal Europa gjere no?

Det som ser ut til å stå att for å halde krig i Europa unna, er avskrekking. Den nasjonen i hjartet av Europa som har størst kapasitet, er Tyskland. Etter å ha stritta imot oppmodingar om militær opprusting i mange år har Tyskland kasta inn handkledet. No rustar Tyskland opp. For den russisk-ukrainske krigen endrar det militære kartet i og rundt Europa raskt.

Den fyrste endringa er den mest innlysande: Dei europeiske bufferstatane mellom Russland og Nato forsvinn. Putin var misnøgd med Nato-utvidinga mot aust, og invasjonen hadde som delmål å hindre at fleire bufferstatar mellom Russland og Nato gjekk inn i Nato. Ei direkte fylgje av krigen er truleg at Sverige og Finland går inn i Nato på det store Nato-møtet i Madrid i slutten av juni (om berre Erdogan får det slik han vil med kurdarane).

Finland åleine vil gje ei grense mellom Nato og Russland på 1340 kilometer. Austersjøen vert dertil ein Nato-sjø. Bufferstatane fell som dominobrikker. Ein effekt av krigen er at den direkte landegrensa mellom Nato og Russland doblar seg.

Den andre endringa handlar om våpenarsenal. Den intensive våpenbruken i krigen endrar det militære bildet i Europa. Dei tidlegare austblokklanda har framleis mange gamle våpen frå Sovjetperioden, då dei var medlemmer av Warszawapakta. No vert desse våpena nytta mot Russland i Ukraina.

Russland vil truleg verte meir avhengig av sine kjernefysiske arsenal.

Før invasjonen gjorde Nato det klart at ettersom Ukraina ikkje er medlem, var det uaktuelt å behandle landet «som om det var Nato-medlem». Etter invasjonen har Nato-land vore varsame med ikkje å bevege seg inn i ei gråsone der risikoen for eskalering av krigen er stor. Til dømes har Ukraina ikkje fått langtrekkjande våpen som kan nyttast til å råke Russland langt inne på russisk territorium. Det kan føre med seg ei eskalering av krigen aust- og nordover. Sjølv dei siste leveringane med tyngre og meir langtrekkjande våpen er av ein slik karakter at risikoen for eskalering inn i Russland skal vere liten.

Endå meir påpasselege er vestlege land med ikkje å risikere eskalering vestover. Ved sending av fly eller anna avansert militært våpenutstyr som ukrainarane ikkje kjenner, fylgjer det gjerne med bakkemannskap eller anna personale til trening. Det kan eksponere militært personell frå Nato-land for angrep frå Russland. Det fører oss òg inn i ei gråsone der Russland kan hevde at terskelen for direkte deltaking i krigen er nådd.

I ein slik situasjon aukar risikoen for ukontrollert eskalering til ein storkonflikt. Derfor vert avansert Nato-utstyr som krev støttemannskap, i liten grad levert til Ukraina. I staden leverer Nato-land mot aust gamle sovjetrussiske våpen. Dette er våpen som ukrainarane kjenner, og som er kompatible med deira eigne system.

Effekten er at Nato-land vert tømde for gammalt sovjetisk rask. Etter kvart som arsenala minkar, må austlege Nato-land fylle på med nye våpen. Det som då kjem i staden, er militært utstyr og våpen produserte i Nato-land. Dette er jamt over meir effektive våpen. I praksis skjer det dermed ei formidabel militær opprusting i Nato-landa som grensar til Russland.

Natos visegeneralsekretær uttalte òg nyleg at Nato meiner at Russland gjennom invasjonen har gått frå lovnadene frå 1997 om ikkje å ruste opp i Europa. Nato er derfor ikkje lenger forplikta av desse lovnadene. Sjølv om til dømes Tyskland er tilbakehalden med å levere enkelte typar våpen vidare til land som Polen, er likevel effekten av krigen i sum at det går føre seg ei vesentleg militær opprusting midt i Europa langs grensa til Russland.

Den tredje faktoren er forsterka sanksjonar mot Russlands militærindustri og dei endringane dette vil føre med seg. Vestlege sanksjonar mot russisk militærindustri har vorte stramma vesentleg til. For meir avansert militært utstyr er russisk industri i stor grad avhengig av vestleg teknologi og komponentar. Desse har no vorte blokkerte, både direkte og indirekte sal til Russland. Dette vil svekke evna russisk militærindustri har til å produsere høgteknologiske våpen og vil truleg presse Russland til å lene seg meir på kinesisk teknologi.

Ei av dei store strategiske sigrane til Russland etter at Russland støtta Assad-regimet militært etter 2015, var å vise at Russland hadde ein militærindustri som var effektiv. Syria-krigen vart eit utstillingsvindauge for russisk militærindustri. Kjøparane melde seg raskt, og industrien har vore i vekst dei seinare åra.

Statsleiarar noterte seg at Russland stod last og brast med sin allierte i Syria. Russland har derfor vore ei stigande stjerne på våpenmarknaden dei siste åra. Ikkje berre land som Mali og Sudan, men òg India og Tyrkia står på kundelista. Dette har gjeve Kreml ein forsvarssektor med betydelege kundar, og det har samstundes verka positivt for Russlands rolle som stormakt i Midtausten og Afrika.

Vestlege sanksjonar er no skrudde til slik at tredjeland vert utsette for betydeleg press. Det vert komplisert med nye delar, vedlikehald og eventuelt påfyll av arsenal. Fleire vel derfor å selje dei nye russiske våpena sine til Ukraina, for bruk på slagmarka mot Russland. Over tid vil dette truleg i vesentleg grad svekke posisjonen russisk militærindustri har i tredjeland. Krigen i Ukraina ligg an til å fjerne fleire av dei strategiske fordelane Russland opparbeidde seg gjennom krigen i Syria.

Vert sanksjonane verande etter at sjølve krigen er over, vil det med tida truleg redusere utsiktene til vedvarande vekst for den konvensjonelle militærindustrien til Russland. Dette vil òg kunne få betydeleg effekt for Russlands evne til å operere som stormakt i Afrika og Midtausten over tid.

Den fjerde endringa er at Russland som følge av krigen i Ukraina truleg vil verte meir avhengig av dei kjernefysiske arsenala sine. Russland har alltid vore underlegen Nato når det gjeld konvensjonelle kapasitetar. Denne skeive situasjonen vert no endå tydelegare. Etter krigen i Ukraina vil truleg Russlands konvensjonelle militære kapasitet verte endå svalare, noko som vil auke Russlands behov for avskrekking med kjernevåpen.

Krigen har òg rokka ved ein sentral tese om kjernevåpen – dei har i nokon grad vorte nytta som forklaring på kvifor det ikkje har vore krig mellom nasjonar i Europa, etter ei tankerekke om at eskaleringsfaren har gjort slike krigar for farlege. Det gjeld visst ikkje lenger. Sjølv om krigen i Ukraina ikkje vil bevege seg over i atomvåpensporet, vil krigen truleg gjere atomvåpen endå meir sentrale som russisk avskrekking.

Den femte endringa er at EUs forsvarssamarbeid skyt fart. Sjølv Danmark har no som siste EU-land valt å slutte rekkene med dei andre. Når Sverige og Finland kjem inn i Nato, vil det i stor grad vere samanfall mellom Nato i Europa og EU. Amerikanarane har nyleg signalisert at hovudprioriteringa deira framleis ligg i Asia. Mellomstatleg krig i Europa har ikkje endra dei store amerikanske prioriteringane.

Over tid vil det primært vere EU si oppgåve å halde Russland i sjakk. EU vil truleg ta over stadig fleire av Nato sine oppgåver i Europa. Kva skal Noreg gjere då?

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis