JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Mellom lys og krig

Son min, Theo, var begeistra over å sjå at den gamle St. Sofia-katedralen i Kyiv og dei næraste gatene var lyssette att, og sende meg mange praktfulle bilete til USA, der eg nett no underviser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Linemenn reparerer staumforsyninga til eit rakettråka bustadsområde i Hlevakha utanfor Kyiv 26. januar 2023.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

9374
20230224
9374
20230224

Trass i den stadige bombinga av infrastruktur, har dei seinaste vekene vore lysare for mange ukrainarar. Ikkje berre på grunn av den overveldande støtta i mange møte på høgt nivå, inkludert Bidens vitjing i Kyiv, men òg fordi det er meir lys i ukrainske gater og meir elektrisitet i ukrainske heimar.

Etter eit langvarig opphald går trikkar og trolleybussar att i Odesa og Kyiv. I Uzjhorod og Lviv er gatelysa i orden.

Somme ukrainarar stiller seg undrande til denne tilsynelatande positive utviklinga: Kvifor er straumforsyninga brått så mykje betre når stadig meir infrastruktur vert øydelagd av russiske missil og iranske dronar? Har ukrainarane lært seg å ta vare på elektrisiteten på så effektivt vis?

Kan hende freistar regjeringa å roe nervane i landet på eittårsdagen for den nye russiske aggresjonen ved å vise at situasjonen ikkje berre er er under kontroll, men at ting blir betre. Eller kan det vere at ukrainske ingeniørar har lært seg å reparere øydelagde kraftliner og transformatorar i ein fei?

Ein kunne tenkje seg å lage ein TV-serie om motet til desse reparasjonsgruppene – eller kanskje eg burde kalle dei «bataljonar», ettersom dei arbeider som militære lag, uvæpna, men stadig vekk andlet til andlet med militære trugsmål. Dei blir konstant bombarderte av den russiske hæren og må ofte arbeide i område som er minelagde av fienden.

Denne «hæren» har òg sine tap. Rundt rekna femti elektrikarar er alt drepne, og mange fleire er skadde.

Når ukrainarar blir spurde om korleis livet er endra i løpet av det seinaste krigsåret, har dei sjeldan noko kjapt svar. Dei byrjar tenkje, og det første dei vanlegvis kjem i hug, er andleta til døde eller sakna kjende, vener og slektningar.

For meg verkar det som kvar ukrainar kjenner nokon som er drepen av Russland. Alle har høyrt gravferdsmusikk for dei som døydde i krigen eller av krigen. I mange byar og landsbyar nær fronten er det rett og slett ikkje folk att. Det er vanskeleg å sjå for seg at nokon skulle vende attende til desse stadene – så mange er døde, men det er heller ikkje nokon stad å dra til for dei overlevande. Byane og landsbyane er reduserte til ruinar av russisk artilleri. Dei er berre att som minne og namn på eit kart.

Statistikk syner at i dei siste tolv månadene har landet lese mindre, ete mindre og drukke mykje mindre vin. Dette er berre statistikk, men bak dei ligg den enkle sanninga at det no er langt færre ukrainarar i Ukraina. Samanlikna med stoda for eit år sidan, er det mange fleire av dei i Polen, Tsjekkia og USA.

«Kva skal til for å få dykk til å vende attende?», skulle eg gjerne ha spurt dei åtte millionar ukrainarane som har enda opp i utlandet.

Eg kan førestille meg svara deira: bygg bustader, gje oss garantiar for tryggleik, juster pensjonane slik at vi kan overleve. Men slike svar ville eg fått frå berre ein del av flyktningane. Andre ville teie ganske stille, fordi dei ikkje trur dei kjem til å vende attende, eller fordi dei alt har bestemt seg for å bli.

Dei mest tiltaksføre flyktningane, ofte yngre vaksne, har alt funne seg jobb eller etablert si eiga verksemd. I Europa og i USA har eg lagt merke til unge ukrainske par, nokre med born, andre utan. Eg er ikkje oppteken av korleis unge menn i vernepliktig alder klarte å kome seg ut av Ukraina i ein periode med militær unntakstilstand, som nektar alle menn mellom 18 og 61 å forlate landet.

Somme ukrainarar var alt i utlandet da krigen starta, sjølvsagt. Eg møtte nokre i nærleiken av Marseille – mellom andre eit ungt par og den sju år gamle dotter deira frå Tsjernihiv. Dei var på ferie i Egypt den 24. februar i fjor. Flyturen deira attende til Kyiv var kansellert. Dei ringde til slektningane sine i Tsjernihiv. Dei kunne ikkje bestemme seg for kva dei skulle gjere. Først meinte hotellet at dei måtte forlate det når ferien deira var slutt, men lét dei bu ei stund til når det ikkje kom nye ukrainske turistar som kunne ta plassen deira.

Etter å ha tenkt i fleire dagar flaug dei til Europa. Mannen i familien, Igor, er kokk, kona hans er revisor. Ingen av dei var særleg gode i engelsk. Etter eit kort opphald i Spania enda dei i eit flyktningsenter i Marseille. I den korte samtalen vår nemnde ikkje Igor korleis han hadde fått jobb som assistentkokk på eit hotell, men det var der eg trefte han sist sumar.

Bartenderen på hotellet spurde meg kor eg var frå. Da eg sa det til han, vart han overlag ivrig.

– Eg har ein kollega frå Ukraina, ropa han.

– Vent, eg skal ringje han!

Igor kom styrtande ned. Hotelleigaren hadde ikkje berre gjeve han ein jobb, men hadde òg teke inn familien hans. Dei bur på hotellet. Særs nøgde med situasjonen ofra dei ikkje mange tankar på framtida. Med den kvite kokkejakka, det kvite forkledet og det krøllete håret stikkande fram under kokkehatten var Igor sjølve urbiletet på ein franskmann.

Korleis andre menn enda opp i utlandet, kan ein berre gjette på. Mange reiste sin veg dei aller første dagane av krigen, før unntakstilstanden var formalisert. Somme vil seie at dei var heldige.

Ingen veit kor mange menn det er som har kryssa grensa ulovleg. For ei veke sidan, på éin einskild dag, vart sju menn som freista krysse grensa i løyndom, stogga av grensevakter i Transkarpatia. I løpet av krigen har hundrevis av menn blitt arresterte medan dei freista kome seg over grensa. Andre må ha lukkast. Den illegale grenselosindustrien har vakse og blitt ei lukrativ, om enn risikabel verksemd for folk som bur i grenseområda.

Prisen på slike tenester varierer mellom 1000 og 8000 euro. Dei som betaler, ser kan hende på det som prisen for livet deira, eit liv «berga» frå mogleg død i krigen.

Eg trur ikkje mange av dei vil attende. Eg les kommentarar om desse mannlege flyktningane på sosiale medium, og for det meste blir dei omtala med sympati. Den alvorlegaste skuldinga mot dei er at dei vantar patriotisme.

Medan somme menn held fram med å storme landets vestlege grense, dreg andre til fronten – som frivillige og som mobiliserte sivile som kanskje ikkje er så lystne på å reise. Nye «overfallsbrigadar» frå forsvarsdepartementet samlar troppar til den komande motoffensiven.

Innkallingar finst no overalt – i kafear, butikkar, treningssenter og til og med i sanatorium vekkgøymde i dei karpatiske fjella. Nyleg har det vore fleire skandalar knytte til «mobilisering» i Odesa, der menn i den aktuelle alderen vart fysisk haldne attende på gata, slik at innkallinga kunne plantast i handa på dei.

I Ternopil, i Vest-Ukraina, er det eit døme på eit anna slag skandale. 33 år gamle Bogdan Pokitko, som aldri hadde tenestegjort i militæret og var heilt utan militær erfaring, vart mobilisert og straks send til fronten i Donbas utan å få noka opplæring. Han døydde fem dagar seinare.

Dei opprørte venene og slektningane hans bad regionaldirektøren i Ternopil forklare korleis dette kunne skje. Dei spurde: «Har Ukraina byrja rekruttere borgarane sine til militæret på same måte som Russland gjer? For at dei skal bli brukte som kanonføde?»

Det militære kontoret for verving og registrering i Ternopil etterforskar no saka. Det positive er at slike saker er ekstremt sjeldsynte.

Forsvarsdepartementet gjev ikkje nøyaktige opplysningar om ukrainske tap. Dei er heilt klart mange. Stadige kampar nær Vuhledar, Soledar og Bakhmut tek hundrevis av russiske liv kvar dag. Europeiske militæranalytikarar meiner at ukrainske tap kan samanliknast med dette, medan ukrainske militære talspersonar heile tida rapporterer at Russland mistar mange fleire soldatar enn Ukraina. Den auka farten på mobiliseringskampanjen i Ukraina syner klart at det trengst fleire soldatar.

Russiske spesialtenester trappar opp arbeidet sitt med å sabotere mobiliseringa i Ukraina ved å sende titusenvis av meldingar til ukrainske telefonnummer via meldingskanalen Telegram, der ukrainarar blir oppmoda om å redde livet og nekte mobilisering. Ukrainsk etterretning har identifisert over førti falske Telegram-kontoar som desse meldingane mot mobilisering blir sende frå til heile Ukraina. Interessant nok vart mange av desse kontoane tidlegare nytta inne i Russland til å spreie propaganda til støtte for den russiske krigen i Ukraina.

I politiske prateprogram i Russland har kravet om missilåtak på infrastruktur knytt til energi, og spesielt til kjernekraftverk, dukka opp att. Det ser ut til at russarane òg har oppdaga at gatelys, trikkar og trolleybussar er attende i ukrainske byar.

At stabil straumforsyning er attende i byar som ligg eit stykke frå fronten, kan råke generatormarknaden hardt, men har òg si positive side. Prisen på straumgeneratorar, som var gått til himmels på grunn av endelause straumutkoplingar, vil gå ned att, og generatorane vil kunne kjøpast av frivillige som gjev dei til det ukrainske militæret og til byar og landsbyar i krigssona, der folk har levd i månader utan elektrisitet, vassforsyning og gass.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis