JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

«Kva veit du om Russland?»

«Kva for to arter harar finst det i Moskva og Moskva-regionen? Kor mange arter av piggsvin finst det i Moskva-regionen? Kva er namnet på det største hjortedyret som lever i Moskva-regionen? Kven vart dødeleg skadd i september 1911 i Kyiv av ein anarkist og agent i tsarens hemmelege politi, Mordka Bogrov?»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne står ved det som var bustaden hennar i denne ruinen i byen Izium i Kharkiv-regionen, som dei russiske okkupantane no har flykta frå.

Foto: Umit Bektas / Reuters / NTB

10628
20220930
10628
20220930

Du kan truleg ikkje svara på desse spørsmåla. Men dersom den russiske okkupasjonen av den ukrainske Kharkov-regionen heldt fram og du heldt fram med å bu der under okkupasjonen, ville du ha lært ikkje berre svara på desse spørsmåla, men også mykje, mykje meir om Russland. Russland ser på «russisk verd»-prosjektet som eit humanitært tiltak, og difor sende dei så mange sett av spelet «Kva veit du om Russland?» til den nyss frigjorde byen Izium.

Eg ser for meg innbyggjarar i Izium i eit husvære med knuste vindauge og dører på eit bord smadra av granatsplintar medan dei spelar «Kva veit du om Russland?». Far tek opp eit spørsmålskort, kone og born ser forventingsfullt på munnen hans. Så les han: «Kva plante vart kalla djevelens eple på Katarina den andre si tid?» Sonen spør: «Kven er Katarina den andre?» Og dottera tenkjer på eit eple og slikkar seg om dei tørre leppene sine.

I sommar fekk dei russiske okkupantane ordre om å tilpasse undervisninga i skulane til russisk pensum frå 1. september. I Izium var det ingen som gjekk på skulen 1. september – av ei enkel årsak: Det fanst ikkje ein einaste heil skule i byen. Dei er øydelagde, alle som ein.

Det vart funne sett av dette spelet på skulekontoret i byen, saman med andre «humanitære» ting. Det ser ut til at dei skulle overleverast høgtidsamt til skuleborna i Izium ved byrjinga av det nye skuleåret. Det skjedde ikkje. Kven som no vil spele dette patriotiske brettspelet, er uvisst.

Men i byen Sjevtsjenkove, ikkje langt frå Izium, var det nokre elevar som gjekk på skulen 1. september. Dei rakk til og med å få med seg russiske lærebøker før byen vart frigjord av ukrainske styrkar. No freistar dei å finne ut kven som underviste ved skulen. Rektor evakuerte for lenge sidan. Okkupasjonsstyresmaktene peika ut leiaren for økonomiavdelinga på skulen til rektor.

I røynda ser det ut til at det var svært få skuleelevar i Sjevtsjenkove, ettersom meir enn femti uopna kassar med russiske lærebøker vart funne i skulebygningen. I hovudsak gjeld det lærebøker om russisk historie, russisk språk og litteratur, men til og med på omslaget til matematikkbøker er det bilete av heltar frå russiske folkeeventyr. Dette er måten den «russiske verda» syner seg fram på – med bomber og lærebøker i russisk historie og russisk språk.

Medan det ukrainske militæret lurer på kva dei skal gjere med dei russiske lærebøkene, blir det funne stadig nye massegraver i og rundt Izium. Ukrainske forfattarar følgjer denne prosessen særleg tett, for i ei av gravene kan liket til den kjende ukrainske barnebokforfattaren Volodymyr Vakulenko liggje. Han budde saman med son sin i Izium og valde å bli verande sjølv om frontlina nærma seg byen. Russiske spesialstyrkar stal liket av forfattaren rett etter at byen vart okkupert.

Volodymyr Vakulenko var klar over kva som venta han, men av ein eller annan grunn nekta han å evakuere. Han var eit svært sta menneske. Da russiske styrkar rykte nærare byen, samla han dagbøkene og manuskripta sine og grov dei ned i hagen til mora i landsbyen Kapytolivka ved Izium. Sonen til Vladimir Vakulenko bur no saman med bestemor si i denne landsbyen.

Her om dagen kom ein forfattar frå Lviv, Victoria Amelina, ein god venn av meg, for å vitje dei. Mor til Volodymyr synte henne staden under kirsebærtreet der sonen hadde grave ned manuskripta. Victoria grov dei opp. Blant manuskripta fann ho 30 dagboksider – dei siste han skreiv. Dei inneheld avskil til vener og slektningar, og ei fast overtyding om at Ukraina vil sigre.

Ukrainske forfattarar er no delte i to grupper. Nokre er sikre på at han vart torturert og drepen. Andre trur på rykta om at dei russiske spesialtenestene flytta han til Belgorod i Russland, og at han er fange der. Seks månader og fleire dagar er gått sidan han vart bortført frå heimen sin. Når alle offera frå massegravene i byen Izium og omgjevnadene er identifiserte, vil håpet om at han er i live, stige, eller tvert imot forsvinne.

Krigen held fram, slik frigjeringa av Kharkov-regionen frå dei russiske okkupantane òg held fram, om enn langsamt. Krig er også ein skule. Ikkje berre ein skule i å overleve, men i å vere nyskapande òg. Denne krigen er den første der dronar er så omfattande nytta – til åtak så vel som til overvaking. Ovanfrå er det lettare å sjå fienden, det er lettare å skjøne kva han gjer, og kva han kjem til å gjere. Takk vere dronar har russarane mista mykje militært utstyr. Men dei freistar òg å finne på noko som gjer det tryggare å få fram bensin og ammunisjon til styrkane ved fronten.

For kort tid sidan oppdaga ukrainske etterretningsoffiserar at det ved fronten var mykje færre tankbilar som leverte drivstoff til stridsvogner og anna russisk militært utstyr. Men på landevegane i nærleiken av russiske militærbasar dukka det opp mange mjølkebilar. Gardane på desse stadene har lenge vore øydelagde og plyndra av det russiske militæret, og det er nesten ikkje kyr att, ikkje eingong i landsbyane.

Takk vere dronane fann ukrainske etterretningsoffiserar raskt ut at mjølkebilar som er stolne frå ukrainske bønder, vert nytta av russarane til å transportere drivstoff til framskotne hæravdelingar og militærbasar. Truleg gjer det vondt for dei som styrer overvakingsdronane, å sende over koordinatane for ukrainske mjølkebilar til ukrainsk artilleri, men dette er krig. Vi må øydeleggje det ukrainske utstyret vårt dersom det fell i hendene på fienden og blir brukt mot Ukraina. Ukrainarane nyttar òg erobra russiske stridsvogner og artillerisystem i denne krigen. Men ukrainarane tek ikkje russiske mjølkebilar. Det er ingen russiske mjølkebilar på ukrainsk territorium, og eg vonar at det ikkje blir det heller.

Krigen held fram med å drive opp matvareprisane. Mjølk og smør, sukker og salt, egg og kjøtt vart dyrare i slutten av september. Frå 1. oktober aukar den ukrainske regjeringa minsteløna, men det blir likevel vanskeleg for lønstakarar å halde følgje med prisane på nødvendige varer.

Nei, vi snakkar ikkje om ei økonomisk krise. Krig forsterkar i seg sjølv alle slags økonomiske problem og frykt. Samstundes kjempar regjeringa for å hindre panikk. Dei fleste er jo redde for at bankane skal bryte saman. Dette er truleg årsaka til at leiarane i ein av dei største bankane i Ukraina, Alfabank, kunngjorde at banken er klar til å investere ein milliard dollar i ukrainsk økonomi.

Privatiseringsprosessen har òg skote fart igjen, og for nokre dagar sidan kjøpte kinesiske investorar velværehotellet Zbrutsj, som ligg i ein skog ved ein stor innsjø i ein nasjonalpark ikkje langt frå grensa til Romania. Interessant nok har kjøparen, den kinesiske borgaren Duan Xiao Peng, budd lenge i Ukraina og er alt eigar av fleire ukrainske selskap, inkludert eit byggjefirma, ei landbruksverksemd og ein plastfabrikk.

Ukrainarar har ei positiv haldning til slike nyhende. Dei meiner at dersom kinesarar kjøper ukrainske verksemder, vil krigen snart ta slutt, eller i alle fall ikkje nå dei vestlege delane av landet. I Ukraina har kinesarane framleis eit rykte som «kloke folk» som aldri tek sjansar.

Eg lurer på når dette velværehotellet opnar, og kven som vil opphalde seg og få behandling der. Ukrainske militære, representantar for den kinesiske diasporaen i Ukraina?

Kona mi og eg var ein gong på eit ukrainsk velværehotell, kjøpt av indiske investorar som budde i Ukraina. Hotellet låg i Tsjernihiv-regionen, ikkje langt frå grensa til Russland. Eg tvilar på om det er i drift no.

Medan Putin trugar Ukraina og verda med atomvåpen, har den ukrainske regjeringa henta fram planar frå arkiva om å byggje eit kjernekraftverk midt i landet, i nærleiken av den gamle kosakkbyen Tsjigirin i Tsjerkasy-regionen. Dette er planar frå 1970-åra, men etter Tsjernobyl-katastrofen vart prosjektet lagt på is. Og no, når det meste av elektrisk infrastruktur er øydelagd av den russiske hæren, når kjernekraftverket i Zaporizjzja har blitt ein russisk militærbase med overhengande fare for å gjenta lagnaden til Tsjernobyl, har den ukrainske regjeringa vedteke å tørke støv av planane om eit nytt kjernekraftanlegg.

Det verkar som Russland har truga Ukraina og verda med atomvåpen så ofte at folk har slutta å vere redde for atombomber og atomkraftverk. Eller berre funne seg i at atomkrig er mogleg.

I Kyiv svarer unge folk med humor på atomtrugsmåla til Putin. No veit alle at om det skulle skje ein atomeksplosjon i Ukraina, vil alle «avanserte» og progressive gutar og jenter strøyme til ein orgie på eit gamalt fjell i sentrum av Kyiv, Sjtsjekavytsia. Mange legender om hekser er knytte til dette fjellet. Dessutan er det to tidlegare gravplassar i nærleiken: ein ortodoks og ein muslimsk.

Ukrainarar ønskjer ikkje å tru at eit kjernefysisk åtak kan bli røyndom, nett slik dei ikkje ønskte å tru at russisk aggresjon kunne bli det. Dei svarar på alle nye farar med humor. Den siste folkelege anekdoten eg høyrde for nokre dagar sidan, seier mest om kva ukrainarar tenkjer eller ønskjer å tenkje om seg sjølve i denne dramatiske tida:

Ukrainarar vert spurde: «Førebur de dykk på at verda går under?» Ukrainarane svarar: «Ja, vi er klare. Vi har planar for undergangen og dei første seks månadene etterpå.»

Ukrainarar har verkeleg planar, mange planar. Blant desse planane er det å lære si eiga, sanne historie å kjenne. Dei veit alt litt og kan svare på minst eitt spørsmål frå det russiske brettspelet som vart funne i Izium, «Kva veit du om Russland?». «Kven var det som i september 1911 vart dødeleg skadd i Kyiv av ein anarkist og agent for tsarens hemmelege politi, Mordka Bogrov?»

Det korrekte svaret på spørsmålet er dette:

Den 18. september 1911 vart Pjotr Stolypin, leiaren for ministerrådet i det russiske imperiet, dødeleg skadd i Kyiv.

Forresten er det alt ein antisemittisk provokasjon i sjølve spørsmålet. Namnet til mannen som drap Stolypin, var Dmitrij Bogrov, men dei som skapte brettspelet, ville understreke at han var jøde, og difor er det ein nedsetjande versjon av det hebraiske motstykket til namnet hans i spørsmålet.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis