JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kva kostar ein togbillett til Krym?

Medan optimistar kjøper togbillettar til Krym, har ukrainske troppar stengt Kherson for trafikk inn og ut, innført portforbod frå klokka 17.00 og sett i gang med minerydding.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Antonivskij-brua over elva Dnipro er ikkje heilt klar til å ta imot ukrainsk togtrafikk frå Kyiv via Kherson til Simferopol, hovudstaden på Krym-halvøya, trass i at tusen bilettar til nett den jernbaneferda alt skal vere selde.

Foto: Reuters / NTB

11114
20221118

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Dei eldre innbyggjarane i Kyiv som bur i høghus, opplever vanskelege tider. Det dei fryktar mest, er å bli sitjande fast i ein heis når straumen brått blir kopla ut.

Difor sit mange eldre kvinner og menn i husværet sitt dagen lang, sjølv om dei heller ville ha sete på ein benk i nærleiken av huset eller i parken. Dei yngre spelar fryktlaust den nye russiske ruletten. Men samstundes møter folk i Kyiv roleg og rasjonelt faren for å sitje fast i ein heis på grunn av Russland.

I mange høghus vil ein på heisgolvet finne ei pappeske med alt ein har bruk for i tilfelle eit brått straumbrot: vatn, kjeks, våtserviettar, medisin mot stress og hjartesmerter, ei matte og ei lommelykt. I nokre heisar er det også ein stol, slik at ein som blir sitjande fast, slepp å stå i timevis eller sitje på eit skite golv.

I førre veke kom veninna vår, Tanja, endeleg til Kyiv for å jordfeste oska etter Valentin, mannen hennar, som nyleg døydde i Tyskland. Dei har ei familiegrav i Berkovtsij-kyrkjegarden i Kyiv. Fjorten menneske kom til gravferda, medrekna fleire som arbeidde saman med han ved det viktigaste urologiske sjukehuset i Kyiv.

Den eldste sonen vår var der på vegner av familien. På likvaka mintest han at Valentin hadde fortalt han om kor vanskeleg det var å kjøpe bil i sovjettida, og kor billig bensinen var den gongen.

No overtek Tanja pensjonen til Valentin, men ho skal vere vinteren over i Tyskland, i Mainz, der Valentin oppheldt seg dei fem siste månadene av livet medan han drøymde om å vende heim. Ho freista selje garasjen og bilen, men innsåg at dette ikkje er den beste tida for å selje eigedom som har blitt overflødig.

Vinteren nærmar seg, og temperaturen om natta er alt nede i null, eller også –1 og –3 grader celsius. Om morgonen er det skodde utanfor vindauget, men ho forsvinn etter eit par timar, når sola har varma opp jord og luft til +10.

Landsbynaboane våre, Nina og Tolik, tenkjer alt no på julefeiringa, men kan ikkje bestemme seg for kva tid dei skal feire. For ein månad sidan vart den sjølvstendige ukrainske ortodokse kyrkja enda meir demokratisk og tillét sine truande å feire jul saman med Europa den 25. desember og ikkje med Russland den 7. januar. Kyrkja sa faktisk at dei truande sjølve kan avgjere kva jul som ligg hjartet deira nærast.

Landsbyen vår har berre éi kyrkje, og ho er knytt til Moskva-patriarkatet, som straks vil fordømme dei som feirar anna jul enn Moskva-jula. Det verkar som Moskva-patriarkatet har ei kjensle av at tida deira i Ukraina er over.

I Petsjersk Lavra, «Grotteklosteret», det viktigaste klosteret til denne kyrkja i Ukraina, bad kyrkjelyden for Russland og song salmar som glorifiserte «Heilage Rus». Somme tok opp denne stunda på video.

Zakharija, som var prest i kyrkja der dei bad for Russland, vart snøgt mellombels suspendert frå kyrkjelege tenester. Men da dukka det opp mange interessante historier om denne fader Zakharija, som no blir samanlikna med Rasputin. Det syner seg at Zakharija var den åndelege faren til mange ukrainske politikarar og embetsfolk under presidentskapen til Janukovitsj. Han gjorde til og med mirakel da han føresåg vekslingskursen for dollar.

Den ukrainske tryggings-
tenesta besøkte nyleg framståande geistlege i den ukrainske ortodokse kyrkja i Moskva-patriarkatet. Nokre av dei vart etterforska. Fleire prestar vart fengsla av politiet for statsfiendtleg verksemd, for å ha gjeve informasjon til russarane om den ukrainske armeen og om haldningane til folkesetnaden i ulike regionar i Ukraina.

Men i Bukovina, i den gamle byen Tsjernivtsi og i landsbyane kring byen, har det skjedd underlege, antirussiske «mirakel». Sprekkar og små forkastingar kjem til syne i grunnen ved kyrkjene til Moskva-patriarkatet. Det byrja med heilagdomen til Neporotovskij-klosteret i Sjerbanjuk-gata. Samstundes har det ifølgje lokale journalistar dukka opp hòl og sprekkar i nærleiken av St. Nikolas-katedralen i Russkaja-gata og nær det heilage Vedenskij-klosteret i Bukovinskaja-gata.

Eg tok til å undrast på om vi verkeleg var vitne til uforklarlege heilage anti-Moskva-mirakel, men Vladimir Kilinitsj, den tidlegare rådgjevaren til Tsjernivtsi-guvernøren, fekk meg snart ned på jorda.

– Alt er ganske trivielt. Ja, det er sprekkar og mindre forkastingar der, men dei er overdrivne. Årsaka er ikkje guddommeleg, men heng saman med at dei underjordiske vassleidningane er i dårleg stand, sa han.

Men dei lokale innbyggjarane har kvikna til på grunn av desse hola og forskuvingane. Avisa Tsjas i Tsjernivtsi skreiv: «Dette er eit dårleg teikn for Moskva-prestane. Dei lyt flykte frå Ukraina på augneblinken. Elles ramlar dei ned i helvete!»

Den ukrainske hæren auka farten på motoffensiven før vinteren og frigjorde Kherson. Byen møtte soldatane med glede og tårer i auga. Det finst ikkje straum, ikkje oppvarming og ikkje noko vatn i Kherson. Men det er gass til matlaging.

Før dei flykta til den andre sida av Dnipro, sprengde det russiske militæret eit fjernsynssenter, eit fjernsynstårn og mange andre typar infrastruktur. Det dei ikkje hadde tid til å sprengje i lufta, minela dei. Eit par dagar seinare kunngjorde kulturdepartementet at ukrainsk fjernsyn alt var tilgjengeleg i Kherson. Korleis ein får det på skjermen utan elektrisitet og fjernsynstårn, er ikkje klart. Det er ikkje telefonsamband eller internett heller enno.

Jernbanedepartementet har lova å få i stand jernbanen til Kyiv og andre byar i nær framtid. Billettar til Kherson er alt til sals på nettsida til jernbanen. Men i tillegg til billettar til Kherson er det òg billettar til Donetsk, Luhansk, Mariupol og Simferopol å få kjøpt. Over tusen «passasjerar» har alt kjøpt billettar til Simferopol, hovudstaden på Krym.

Det er ikkje kjent når det første toget vil gå frå Kyiv. Men den ukrainske jernbanen treng pengar til å reparere dei øydelagde stasjonane og skjenegangane, til å reparere sporet til Kherson, til å byggje opp att brua over Dnipro – denne brua er heilt enkelt eit must for kva tog som helst til Krym.

I mellomtida, medan optimistar kjøper billettar til Krym, har ukrainske troppar stengt Kherson for trafikk inn og ut og innført portforbod frå klokka 17.00. Mineryddinga av byen er i gang, så vel som jakta på kollaboratørar og russiske soldatar som ikkje hadde tid til å bli med hovudbolken av det russiske militæret til den andre sida av Dnipro.

Somme russiske soldatar er alt arresterte, trass i at dei hadde skifta til sivile klede og freista sjå ut som lokale fastbuande. To kollaboratørar vart fengsla den andre dagen etter frigjeringa av byen, men dei fleste Kherson-innbyggjarar som samarbeidde med okkupantane, forlét byen saman med dei russiske troppane. Somme av dei, vert det sagt, gret da dei drog. Dei kunne ikkje fatte korleis den ukrainske armeen kunne kome attende til Kherson når det hang digre plakatar i kvar gate med teksten «Russland er her til evig tid!».

Det synte seg at Russland var der mellombels, men i ei god stund, åtte månader. Før tilbaketrekkinga fjerna dei russiske okkupasjonsstyresmaktene to statuar frå Kherson – ein til minne om den russiske tsarist-marskalken Suvorov, den andre til ære for admiral Usjakov.

Dei grov òg opp leivningane etter elskaren til keisarinne Katarina den andre, prins Potemkin, frå grava hans. Beinrestane er truleg flytta til Moskva. Kan hende har den russiske ortodokse kyrkja planar om forfremje playboyen og ranglefanten prins Potemkin til helgenstatus.

Oleg Zubkov, ein dyrehageeigar på Krym, la sjølv ut film av ranet av den ukrainske vaskebjørnen og eselet i Kherson.

Foto via Twitter

Dei russiske okkupantane tok ikkje berre minnesmerke. Dei tok òg heile innhaldet i bymuseet i Kherson og andre museum i Kherson-regionen, inkludert 15.000 måleri og andre kunstgjenstandar. Alt vart frakta til den andre sida av Dnipro, saman med arkiva til pensjonsfond, politiet og andre offentlege tenester.

Drå «dyrehagehjørnet», som var så elska av dei yngste innbyggjarane i byen, tok dei eit esel, to papegøyar og ein vaskebjørn. Det var tydeleg at vaskebjørnen ikkje ville flytte, han gøymde seg og var krakilsk, men eigaren av den private Jalta-dyrehagen, Oleg Zubkov, som var henta frå Krym til jobben, greip tak i halen på han og stappa han inn i ein kasse. Zubkov filma sjølv heile slåstkampen med vaskebjørnen og la videoen ut på nettet, openbert utan å skjøne korleis reaksjonane til internettpublikumet kom til å bli.

No har vaskebjørnen frå Kherson blitt kjend over heile verda. Grafikarar har framstilt han med våpen i labbane, og det går vitsar om han. Sjølv russarane byrja le av tjuveriet av vaskebjørnen og skjemta om at krigen kunne stoggast no, ettersom heile poenget med krigen så tydeleg var å kidnappe vaskebjørnen frå Kherson.

Under frigjeringa av Kherson kom ei anna historie knytt til dyr – offer for russisk aggresjon – til endes. Denne historia har ikkje vore like populær som vaskebjørntjuveriet. Hunden Krym døydde. Han var den einaste overlevande medlemen av ein familie som vart drepen av eit russisk missil i byen Dnipro. Hunden overlevde eigarane – den unge jenta Vasilisa, bror hennar Ivan, mor deira og bestemora. Hunden sjølv hadde granatsjokk, var mellombels blind, og døv. Først reagerte han ikkje på noko – berre tårer strøymde frå auga hans. Han vart teken med til ein veterinærklinikk til behandling. Der stoppa hjartet hans.

For kvar dag blir det fleire og fleire heimlause kjæledyr i Ukraina, men det er også fleire frivillige til å ta hand om dette problemet. Dei er blitt stadig meir aktive og finn nye måtar å berge eigarlause kattar og hundar på.

Nyleg vart uvanleg mange venskapsband knytte i vegankafeen Sereda i Podil i Kyiv. Sirius dyreomsorg kom med eit dusin kvalpar til kafeen. Det var kunngjort på førehand at mellom klokka 12:00 og 16:00 kunne ein kome til kafeen og velje seg ein firbeint ven. «Å overvinne mørket er lettare med ein trufast firbeint ven», var slagordet til prosjektet.

Og det er sant at til og med det å bli sitjande fast i heisen, er mindre skremmande om ein har den firbeinte venen sin med seg. Sanneleg burde dei syte for meir vatn og hundekjeks i naudkartongane på golvet.

Det er vanskelege tider for dei som driv med omplassering av dyr i Ukraina. Dei fleste donasjonane går til armeen, til hjelp for flyktningar og skadde soldatar, og lite går til forlatne dyr. Men dyreomsorgssenteret Sirius og andre, liknande tiltak, har motteke meir hjelp frå Europa. Humanitær hjelp til ukrainske kjæledyr kjem til Ukraina i dei same lastebilane som leverer hjelp til ukrainske borgarar og ukrainske sjukehus.

Det er ikkje overraskande i det heile teke. Den russiske aggresjonen har inspirert Europa og verda til å hjelpe heile Ukraina – alle offera for denne krigen: både menneske og dyr.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis