JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Katastrofen kunne vore avgrensa

Pakistan har gjort lite for å hindre og førebyggje flaumkatastrofen som no har råka landet, seier Elisabeth Eide, som er professor ved OsloMet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
33 millionar personar er direkte råka av storflaumen i Pakistan dei siste månadene. Biletet er frå ei evakuering i Baluchistan-provinsen sørvest i landet.

Foto: Hamdan Khan / AP / NTB

5404
20220923

Samtalen

Flaumen i Pakistan

Elisabeth Eide

professor og forfattar

5404
20220923

Samtalen

Flaumen i Pakistan

Elisabeth Eide

professor og forfattar

eva@dagogtid.no

Pakistan er råka av det som er omtalt som den verste flaumen i landets historie. Kraftig monsunregn kombinert med smeltevatn frå isbrear på grunn av ei hetebølgje har lagt ein tredjedel av landet under vatn. 1500 personar har så langt mista livet, og rundt 33 millionar er direkte råka av vassmassane som har øydelagt bustader, infrastruktur og avlingar. Nyleg åtvara Verdas helseorganisasjon om at sjukdomar som denguefeber, malaria og hudinfeksjonar no spreier seg i dei flaumråka områda. Dag og Tid har snakka med Elisabeth Eide, som er professor i journalistikk ved OsloMet og har skrive boka Pakistan midt i verden saman med Terje Skaufjord.

– Kjem landet til å kome seg att etter dette?

– Det får vi håpe, men det kjem til å ta tid. Det er mykje som må byggjast opp att, og det kjem til å krevje store midlar og støtte utanfrå. Eg trur ikkje dei politiske leiarane i Pakistan har oversikt over kor store øydeleggingane er enno, eller kva som trengst av gjenoppbygging, reparasjonar og kompensasjonar.

– Korleis er flaumen og skadane handterte så langt?

– Det vert jobba for å gje folk mellombelse leirar å bu i og få ut mat og medisinar til leirane, men det er framleis folk som oppheld seg på vegar og i vegkantar som ikkje står under vatn. Det går òg framleis føre seg redningsarbeid for å få folk ut av områda som ligg under vatn, og det finst inga oversikt over kor mange som er døde enno, men vi veit at det er mange barn blant dei som er råka. Vatnet trekkjer seg ikkje så fort tilbake, så det er ikkje lett å vite kva tid det går å starte gjenoppbygging heller. Det kan verte ein guffen vinter, og det kjem nok til å gå med fleire menneskeliv.

– Det har vore flaum i Pakistan med jamne mellomrom, og det var storflaum der sist i 2010. Kva har styresmaktene gjort for å hindre og førebyggje store øydeleggingar som følgje av flaum?

– Det verkar ikkje som dei har gjort så mykje. Digitaliseringa gjer at dei kan sende ut fleire varslingar enn før, men mykje av øydeleggingane har å gjere med kva slags bustader folk bur i. Det går an å byggje jordskjelvsikre og flaumsikre bustader, men her er det jo dei fattige som fyrst og fremst er råka. Både tidlegare og noverande regjering vert kritisert for å ha gjort for lite.

– Det skal ha lege føre varsel om mykje regn som ikkje vart tekne omsyn til frå statleg hald. Kunne skadeomfanget og dei store tapa ha vore unngåtte?

– Ja, eller det kunne i alle fall ha vore avgrensa. Beredskap kan ikkje byggjast opp på éin månad, men dei har sidan 2010 visst at ein så diger flaum kan råke landet. I 2005 var det òg eit stort jordskjelv nord i landet, så signala om at ein treng beredskap, har vore der.

– Samstundes får klimaendringar mykje av skulda for ekstremvêret som førte til flaumen. Kor mykje kan Pakistan sjølv førebyggje?

– Bangladesh har jo òg hatt både syklonar og flaumar, men har takla det betre, fordi landet har mykje høgare beredskap, med betre varslingssystem og naudhjelpssenter. I denne regionen er Himalaya som ein tredje pol, med enorme mengder snø og is. Når snøen og isen smeltar stadig fortare, dannar det seg nye vassreservoar, som etter kvart fløymer over. Nettverket «The Third Pole» informerer om desse prosessane. Så ja, Pakistan kan gjere meir, sjølv om det langsiktige her er at vi alle må vurdere klimafottrykk – oljepolitikk og livsstil – og prøve å unngå såkalla fjernkontrollerte lidingar, det vil seie at vi påfører andre land lidingar.

– Kva kan og bør det internasjonale samfunnet gjere for å hjelpe Pakistan no?

– Pakistans statsminister Shehbaz Sharif skal tale under FNs generalforsamling fredag, og i ei twittermelding skriv han om ein situasjon med angst og smerte etter flaumen, så han kjem til å kome med ein kjensleladd appell for å få det internasjonale samfunnet til å reagere. Om det rører verdssamfunnet no når det er så mange andre kriser samstundes, står att å sjå. Landet har appellert til FN om 150 millionar dollar til oppbygging og har førebels fått 7 millionar. Pakistan har òg ei utanlandsgjeld på 141 milliardar dollar. FNs generalsekretær António Guterres føreslo tysdag at mykje kan verte ettergjeve eller i staden brukast til klimatilpassing. Ein tredjedel av denne gjelda er til Kina, resten er til Vesten og til golfstatane. Ei kortsiktig gjeldsslette vil føre til at landet ideelt sett har fleire ressursar å bruke, men samstundes går det ikkje å garantere at ikkje noko forsvinn i korrupsjon. Pakistan har ei tvilsam historie når det gjeld korrupsjon.

– Det heile verkar temmeleg svart?

– Det er ikkje veldig oppmuntrande heller. Både tidlegare regjeringar og den noverande regjeringa har skapt problem for dei internasjonale hjelpeorganisasjonane. Den førre statsministeren, Imran Khan, skulda dei for å fremje «ein utanlandsk agenda» i Pakistan. Mange av dei har forlate landet. Nokre av dei er att og gjer det dei kan, saman med lokale organisasjonar, men jamført med storleiken på krisa er det langt frå nok. Regjeringa bør opne dørene att for fleire internasjonale ikkje-statlege organisasjonar no. Elles er det jo mellom anna mange norsk-pakistanarar som også gjer viktig arbeid for dei flaumråka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis