JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ingen veg attende

Russiske soldatar utanfor Kharkiv flyktar hals over hovud. Men Putin-regimet kjem ikkje til å gje seg. Altfor mykje står på spel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6044
20220916
6044
20220916

For to dagar sidan vitja Ukrainas president Volody­myr Zelenskyj byen Izium i Kharkiv-fylket. Berre fire dagar før var russiske styrkar kasta ut av byen. At president Zelenskyj tok sjansen på å koma til Izium så raskt etter frigjeringa, syner styrken i den ukrainske offensiven og ikkje minst den sjølvtilliten ukrainarane har fått dei siste vekene.

Mens russarane trudde at den ukrainske hæren ville slå til mot Kherson, ein okkupert by vest for Dnipro, la ukrainarane planar for gjenerobringa av heile Kharkiv-fylket og etter kvart også av Luhansk og Donetsk. I Moskva blei militærleiinga og resten av Putin-regimet tekne på senga.

Forvirring

Ein kan sjå den forvirringa som blei skapt, ikkje minst i dei mest Putin-lojale nettavisene i Moskva. Plutseleg var det heilt taust om det som skjedde i Ukraina. Derimot tok dei til å skriva lange artiklar om dronning Elizabeths bortgang og om framtida til det britiske kongehuset, som om det var blitt ei viktig sak for den russiske befolkninga.

Krigen har altså teke ei overraskande vending, og Ukraina er kome på offensiven fortare enn dei fleste kunne håpa på. Somme trur nok at krigen er over om nokre månader, og at den kalde, mørke vinteren som er blitt varsla, ikkje kjem. Det aller meste talar for at ein slik prognose er altfor optimistisk. Om ein trur på ein snarleg slutt på krigen, tek ein ikkje med i rekneskapen måten Putin-regimet er innretta på, kva regimet står for, og korleis det herskar over Russland. Dersom ein trur på snarleg fred, gjer ein med andre ord opp rekning utan vert.

Makt = eigedom

Det som kanskje er viktigast om ein skal forstå Putin-regimet, er at makt er det same som eigedom. Då gruppa av KGB-menn med Putin i spissen tok over Russland i 1999, tok dei samstundes over dei ufattelege rikdomane som landet hadde. Fyrst og fremst er det reservane av olje og gass, som er blant dei aller største i ei verd som enno i fleire tiår vil vera avhengig av fossilt brensel. Så kjem alle dei andre råvarene, i tillegg til våpensmiene, vasskraftverka, aluminiumsverka og så bortetter og så bortetter.

Russland er kort sagt eit av verdas rikaste land, og denne rikdomen fall ned i fanget på leiinga av KGB/FSB ved hundreårsskiftet. Dei forstod korleis dei skulle utnytta det; kvar og ein av mennene i krinsen kring Putin blei mangemilliardærar, i dollar. Kontrasten til byrjinga av 1990-talet, då mange av dei var arbeidslause og knapt eigde noko anna enn ein liten bustad og ein hostande Lada, var slåande.

Stor er også kontrasten til den eliten som ein gong styrte Sovjetunionen. Då kommunistpartiet tok til å knaka i samanføyingane i andre halvdelen av 1980-talet, var det få som verkeleg stod fram for å forsvara systemet. Grunnen til at knapt nokon var viljuge til å døy for kommunismen, var at eliten som styrte landet, var fattig.

Kommunistpartiet og staten eigde alt, mens dei som heldt systemet oppe, det vera seg partitoppar, fabrikkdirektørar eller vanlege partimedlemmer, ikkje eigde nokon ting. Då også sjølve ideen om kommunismen vart kompromittert og ein ikkje lenger hadde ein allmektig partitopp som truga med å skyta dei som ikkje lydde, var det berre eit spørsmål om tid før systemet braut saman.

Væpna makt

Slik er det altså ikkje med Putin-regimet. Dei tok over det rikaste landet i verda og førte pengane over i eigne lommer. Så snart regimet hadde konsolidert seg kring 2005, tok ein til å byggja opp att dei væpna styrkane. Kanskje det klaraste teiknet på at Putin og venene hans meiner alvor, kom i 2016, to år etter den fyrste invasjonen av Ukraina: Då sørgde Putin for å oppretta det han kalla Rosgvardia, det vil seia Den russiske garden. I dag er det ein styrke på kring 350.000 mann. Rosgvardia står ikkje under kommando av korkje innanriksministeren eller FSB-sjefen. Garden står under direkte kommando av Vladimir Putin sjølv.

Dei siste åra har vestlege militære sett korleis Rosgvardia har fått tyngre og meir profesjonelt utstyr. Mens ein fyrst trudde at garden berre skulle bli sett inn mot uro i gatene, tek han meir og meir til å likna ein regulær infanteristyrke med pansra køyretøy. Alle operasjonane garden blei sett inn i i Ukraina denne våren, var riktig nok ikkje like vellykka, og ein del gardistar nekta å utføra teneste der. Men den dagen Putin treng å setja inn garden for å sikra makta si, har han eit sterkt våpen til rådvelde.

I tillegg kjem ein million mann i den regulære armeen og to millionar i reserven. Og så endeleg har ein dei hemmelege tenestene med FSB i spissen. Ingen veit nøyaktig kor mange dei er, men det blir gissa på om lag ein kvart million mann. Til saman, i alle dei væpna styrkane i Russland, handlar det om eit tal som tek til å nærma seg fire millionar mann.

Då har me ikkje teke med kor mange mann regimet vil kunne mønstra ved krigsmobilisering. Den dagen ein sender ut ordre om ålmenn mobilisering, vil heilt sikkert mange protestera i gatene i Moskva og St. Petersburg. Men då har ein jo nettopp Rosgvardia og FSB-styrkane å ty til.

For mange brotsverk

Heile problemet med Putin-regimet er at mennene som står bak det (nesten alle er menn), har skaffa seg så mange eigedomar, har utført så mange brotsverk, skaffa seg så mange fiendar og sett i gang så mange krigar at dei ikkje har nokon veg tilbake. Den einaste utvegen dei har, er å halda fram med å sitja med makta.

Blir stillinga kritisk, anten ved fronten i Ukraina eller i gatene i Moskva, kan dei kanskje kasta Vladimir Putin til ulvane, sjølv om også det står fram som lite realistisk når ein veit kor mykje makt han har personleg. I alle høve tyder det meste på at regimet han har skapt, vil halda fram i lang tid.

Det aller klokaste ein kan gjera, i Ukraina og i Vesten, er difor å førebu seg på ein lang, kald og mørk vinter.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dersom ein trur på snarleg fred, gjer ein med andre ord opp rekning utan vert.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis