JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det russiske kallet

«Militæroperasjonen» i Ukraina er eit uttrykk for russisk offervilje og kristen nestekjærleik, hevdar patriark Kirill.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Søndag 8. mai preika patriark Kirill på festen i hovudkyrkja til det russiske militæret, «Katedralen til dei væpna styrkane». Sjølve katedralen er knapt til å tru. Han kan minne om både introen til Game of Thrones og scener frå Mordor i Ringenes herre.

Foto: Patriarchia.ru

6631
20220513
6631
20220513

Kva bodskap hadde patriark Kirill, leiaren av Moskva-patriarkatet, på feiringa av frigjeringsdagen? 9. mai sat han saman med den politiske eliten i Moskva og beundra den militære oppvisninga på Den raude plassen. Dagen før preika han på festen i hovudkyrkja til det russiske militæret, «Katedralen til dei væpna styrkane». Sjølve katedralen er knapt til å tru. Presentasjonsvideoen som ligg på Youtube kan minne både om introen til Game of Thrones og scener frå Mordor i Ringenes herre.

Kyrkja vart reist i 2020 som eit minnesmerke for 75-års jubileet for sigeren over nazismen – og innvigd til ære for Kristi oppstode. Ho er militærgrøn og metallisk, golvet er laga av omsmelta tyske stridsvogner og anna krigsbyte. Mosaikkane som prydar veggene, syner slagscener frå russisk historie jamsides englar og helgenar.

Forsvarskrig

Preika på den store minnedagen var ei hyllest til militæret. Men for å sitere Kirill sjølv, handla det ikkje om «nok ein militaristisk tale frå patriarken. Alt det er tull!». For patriarken er røynda heilt annleis. Det som skjer i Ukraina, handlar ikkje om nokon angrepskrig, men om forsvarskrig. Og her er «militæroperasjonane» ikkje berre i kontinuitet med kampen mot nazismen, men i frontlina i den åndelege kampen mot den vonde.

For å kome fram til denne konklusjonen fortel Kirill ein heilt eigen versjon av historia. Den syner at Russland ikkje har andre interesser enn å ofre seg sjølv for å hjelpe andre. Under Balkan-krigane i 1912 og 1913, til dømes, ofra Russland tusenvis av sine eigne søner for å redde bulgararane frå det osmanske slaveriet. Og då Russland gjekk inn i den fyrste verdskrigen, var det for å berge det serbisk-ortodokse brorfolket som Vesten ville utslette. Noko slikt kan berre forklarast med ein indre åndeleg styrke, seier Kirill, og kallar den russiske hæren for «Kristus-elskande».

Åndelege røter

Denne åndelege styrken synte seg også under «den store fedrelandskrigen», trass i at folket var undertrykt av eit gudlaust kommunistregime, ifølgje Kirill. Iveren etter å forsvare fedrelandet og ofre seg sjølv for andre er med andre ord ein nasjonal og åndeleg identitet gjennom historia. Det er ei kraft som kjem frå det patriarken kallar Russlands åndelege røter.

Denne forteljinga om ei offervillig, nasjonal og åndeleg folkesjel, ukorrumpert av tiår med kommunisme, endar i dagens forsvar for fedrelandet. Her held patriarken ingenting tilbake i sin tale til militæret: «Hugs, brør, fridomen og sjølvstendet til fedrelandet er avhengig av korleis de utfører militærplikta, og av kor mykje de er i stand til å forsvare fedrelandet, og til og med – eg er ikkje redd for desse orda, av å leggje ned sjela dykkar for venene dykkar.»

Orda patriarken siterer, er Jesu eigne ord til læresveinane i Johannesevangeliet: «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine» (Joh. 15,13). Ein soldat som fell i «militæroperasjonen», liknar dermed Kristus som døydde for venene sine. Slik framstiller patriark Kirill krigføringa i Ukraina som uttrykk for kristen nestekjærleik. Det liknar på måten teologane i mellomalderen legitimerte krosstoga på.

Vonde krefter

I andre preiker kjem det fram at det er kjærleiken til dei russisk-ortodokse brørne, særleg i Donbas, som legitimerer krigen i Ukraina. Men i denne samanhengen, i preika 8. mai, er det større perspektiv som gjeld: soldatane forsvarar Russlands fridom og sjølvstende frå dei vonde kreftene som styrer verda – ja, resten av verda, kan det verke som.

Difor er denne kampen ein heilt avgjerande historisk augneblink, seier patriarken. «Vi må byggje opp alle våre krefter, både åndelege og materielle, slik at ingen tør å gå inn på dei heilage grensene til fedrelandet vårt.» Han nemner det ikkje her, men det er ei kjend sak at ikkje berre det militære, men også Russlands atomvåpen har ein særskild plass i den moderne ortodokse teologien om forsvaret av det heilage Russland. Russland må forsvarast fordi landet har ei heilt spesiell oppgåve i historia.

Denne oppgåva kjem patriarken tilbake til heilt på slutten av preika. Her fortel han at den historiske vegen som Gud har bestemt for folket og landet, «i dag er ei stor kraft som utvilsamt held verda, ifølgje apostelen, frå den forferdelege og øydeleggjande gudlause sivilisasjonsutviklinga».

Kva tyder dette? Det er her det verkeleg store perspektivet kjem fram, for det inneber at krigen i Ukraina ikkje berre handlar om ein motstand mot vestlege verdiar, men om den siste skansen i historia. I dette sitatet assosierer patriarken til apostelen Paulus, som i 2. brev til tessalonikarane skildrar kva som skjer i endetida. Då kjem «den lovlause», han som har si kraft frå Satan, og som andre stader vert nemnd som antikrist. Den lovlause verker alt i det skjulte, men han vert halden attende. Fyrst når «han som held attende», vert rydda av vegen, då vil Kristus kome att, det vert domedag og historia er slutt.

Frelse verda

Slik forstått er det dette som er Russlands oppgåve og det soldatane kjempar for i Ukraina: å halde attende historia – frelse verda – frå antikrist og det siste store avgjerande slaget.

Med denne talen står ikkje patriarken tilbake for nokon mellomalderpave i legitimering av heilag krigføring. Ja, som sjanger liknar talen nærast ein mellomalderpastisj. Men der mellomalderens krosstog tok utgangspunkt i å kjempe mot ein ytre fiende, eit trugsmål frå den muslimske verda, kjempar Putins soldatar mot sine eigne brør – ei ursynd som er like gammal som historia om Kain og Abel. Og der pavane i mellomalderen velsigna riddarar med fotsoldatar og katapultar, velsignar Kirill eit militærvesen med jagarfly og atomvåpen.

Patriarkens retorikk bryt saman i møte med røyndomen, ikkje berre når det gjeld slagmarka i Ukraina som uttrykk for kristen nestekjærleik, men òg når det gjeld konstruksjonen av den russiske kyrkja og rolla til trua. For medan patriarken i sine preiker lovprisar atteroppstoda av trua i Russland, er landet like sekularisert som Vest-Europa.

Kyrkjesøkinga i Russland er på om lag ein prosent. Kristendomen er endra til ein nasjonalreligion der kjærleiken til fedrelandet erstattar kjærleiken til Gud, og der det ikkje lenger er Gud som verjar folk og land, men der håpet vert sett til vaktmann og atomvåpen.

Eivor Andersen Oftestad er
førsteamanuensis ved
Institutt for humanistiske
fag ved Høgskulen i Innlandet
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med denne talen står ikkje patriarken tilbake for nokon mellomalderpave i legitimering av heilag krigføring.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis