JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Delfinane i Svartehavet

På nettet vert det meldt at Russland har teke «kampdelfinar» i teneste i Sevastopol-bukta, der det ligg fleire krigsskip som høyrer svartehavsflåten til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Desse delfinane vart evakuerte frå Kharkiv etter den russiske invasjonen og er no i delfinakvariet i Odesa sørvest i Ukraina. I Sevastopol på russiskokkuperte Krim skal spesialtrena deflinar vere i teneste for den russiske marinen.

Foto: Zozulia Yulii / Ukrinform / ABACA / NTB

9970
20220506

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Ukrainske missil kan ikkje nå dei, så dei er trygge. Og delfinar er trena til å angripe sportsdykkarar og fiendtlege ubåtar. Eg veit ikkje om delfinar er i stand til å skilje ikkje-fiendtlege ubåtar frå dei fiendtlege. Eg veit berre at den ukrainske marinen ikkje har ein einaste ubåt. Det er forresten vanskeleg å snakke om «marine» i det heile teke. Det er for det meste ein slags små motortorpedobåtar.

Men ettersom flaggskipet i den russiske svartehavsflåten vart øydelagt av ukrainarar frå land, vil eg tru at Ukraina ikkje treng ein større marine. Og heilt sikkert er det at Ukraina ikkje treng «militært trena delfinar». Uttrykket «russiske militærdelfinar» verkar kome frå ein ironisk science fiction-roman eller -film, heller enn frå røynda. Men dette er verkeleg.

I det siste har ukrainske delfinar blitt evakuerte frå Kharkiv til Odesa, som truleg må verke meir heimleg for dei. Det gjeld delfinar som var spesialtrena til bruk for born med lærevanskar – med Aspergers syndrom eller autisme, til dømes. Evakueringa av desse delfinane, kompleks og farefull som ho var, var ikkje særleg annleis enn andre militære operasjonar.

Spesiallastebilar med «innandørs» svømmebasseng drog frå Odesa via Kyiv. Dei måtte køyre ein omveg av tryggingsomsyn, ettersom frontlina kryp sørover og nye område kjem under hyppigare bombeåtak. Tusen kilometer éin veg, og tusen kilometer attende. Dei mobile akvaria gjorde det mogleg å ikkje berre frakte ut delfinar, men òg sjøløver og selar, frå Kharkiv.

Sjødyra på veg til Odesa vart følgde av delfintrenarar og veterinærar. Det kan hende at delfinane vert sleppte laus i Odesa, og at dei kjem til å svømme tvers over Svartehavet – og ende opp i Sevastopol-bukta. Korleis vil dei «russiske kampdelfinane» møte dei, undrar eg meg. Som ukrainske sabotørar?

Det er framleis to kvite kvalar i akvariet Nemo i Kharkiv. Det er ikkje klart om det vil vere råd å frakte dei til Odesa. Alle skjønar at kvalar ikkje er prioriterte i krigstid, men dei er likevel levande vesen og burde bli tekne hand om.

Når det er krig, verkar sjølv store land små og samantrykte. Dei tusen kilometerane som skil Kharkiv frå Odesa, vil ikkje seie at Odesa er så mykje tryggare enn Kharkiv. For delfinar, kan hende. Odesa ligg trass alt i strandkanten, og i Kharkov er det ikkje mogleg å berge fisk og sjødyr ved å sleppe dei ut i sjøen.

Odesa blir òg bomba. Inntil vidare berre frå sjøen og frå russisk territorium. Vest for Odesa ligg «separatistrepublikken» Transnistria, som vart annektert frå Moldova på 1990-talet. I Transnistria ligg dei største lagera av gamle sovjetproduserte våpen. Russland har 3000 «fredsbevararar» der og sysselset mannskapar til å kontrollere «republikken» med kalasjnikov i hand. Russland kan kva tid som helst gje «fredsbevararane» sine ordre om å bombe Odesa bakanfrå.

Men innbyggjarane i Odesa har ikkje panikk. Dei lever nesten normale liv. Dei bur seg, til liks med alle ukrainarar, på grobki – «små graver». Det er det vi kallar dei spesielle dagane kring påske da vi heidrar minnet om døde slektningar og vener. Det er tida da heile Ukraina er vigd til omsut for gravene på kyrkjegardane.

For somme av innbyggjarane i Odessa er det ikkje nok å berre fjerne lauv og gamle blomar frå gravene, dei lyt òg reparere monument og gjerde som er øydelagde av russiske missilar.

Putin ville likt å drepe ukrainske tradisjonar.

Det er mange kyrkjegardar i Ukraina som er skadde eller øydelagde av russiske troppar, det gjeld òg kyrkjegarden Berkovtskyj i nærleiken av Tupoleva-gata, der eg voks opp. Somme kyrkjegardar er bomba, andre er køyrde over av russiske stridsvogner og andre militære køyretøy. Russiske ingeniørstyrkar har lagt ut miner og andre eksplosiv på mange gravplassar.

Styresmaktene freistar overtale ukrainarane om ikkje å dra dit, særleg gjeld det kyrkjegardar som var eller er under russisk okkupasjon. Men ukrainarar er vande med å gjere ikkje det dei blir fortalde, men det dei meiner er naudsynt. Dei vil halde fram med å stelle gravene til slektningar. Kyrkja har ofte bede ukrainarar om å ikkje leggje plastblomar på gravene og bruke friske i staden, men mange ukrainarar bruker plastblomar likevel. Dei visnar ikkje.

Somme ukrainarar freistar dra dit dei fekk lov til å vere berre ein gong i året før krigen – til kyrkjegardar i den avstengde Tsjernobyl-sona. Det ligg mange gravplassar i nærleiken av byane og landsbyane som vart evakuerte etter katastrofen i 1986. Tidlegare reiste folk som pla bu på desse stadene, frå heile Ukraina for å minnast Tsjernobyl-ulukka, og også når det var «små graver»-dagar. Men i år er det strengt forbode å vitje Tsjernobyl-sona.

Etter at den russiske armeen erobra Tsjernobyl-kraftverket og heile sona rundt det, auka nivået på radioaktiv stråling kraftig, og det vart svært farleg. Den russiske armeen kontrollerte sona i over ein månad. I løpet av den tida rydda dei ein veg til Kyiv gjennom det radioaktive området, og om lag 10.000 stridsvogner, pansra køyretøy og anna militært utstyr brukte vegen mot det dei vona ville vere eit triumferande inntog i Kyiv.

No har russarane drege sin veg, og berre strålinga er att. Langs same vegen returnerte somme av dei til Kviterussland, der dei sende tjuvegodset dei hadde stole med seg frå ukrainske heimar, til byar og landsbyar over heile Russland. Det var vaskemaskinar, datamaskinar, skuterar, til og med barneleiker. Alle postsendingane vart filma av videokameraa til posten. Alle adressene og namna til mottakarane av tjuvegodset ligg framleis i systemet deira.

Kan hende hadde dette vore gløymt no, om det ikkje var for Tsjernobyl og den radioaktive strålinga der.

Når det er krig, verkar sjølv store land små og samantrykte.

Kort tid etter at det russiske militæret hadde forlate Tsjernobyl-sona, byrja posttenestefolk der å kjenne seg sjuke. Mange gjekk til dokter. Undersøkingar synte at dei alle leid av å ha vore utsette for radioaktiv stråling. Etterpå sette kviterussiske KGB i gang si eiga gransking som, utan tvil, ikkje vil føre til noko som helst. Kviterussland er jo alt eit territorium som de facto er kontrollert av Russland.

For Russland er det no absolutt ikkje viktig kor mykje stråling russiske soldatar bringa med seg til Kviterussland, og kor mykje dei sende i pakkane til slektningane. For Russland er det heller ikkje viktig at det militære utstyret som passerte gjennom Tsjernobyl-sona to gonger, i seg sjølv vart ei kjelde til stråling som råkar russiske soldatar når dei bruker det i kamp.

For Russland er heller ikkje livet til desse soldatane viktig. Mest sannsynleg vil dei døy på slagmarka, ikkje på eit sjukehus på grunn av strålingsskadar. Ein annan ting er at dersom dette utstyret vert verande på ukrainsk jord etter at det vart øydelagt, vil det bli ei farleg kjelde til radioaktiv stråling for ukrainarar. Da kan ukrainarane bli dei neste offera for Tsjernobyl-stråling. Og talet på ferske graver vil auke på ukrainske kyrkjegardar. Og enda fleire menneske vil kome til kyrkjegardane seint i april og i byrjinga av mai for å minnast dei døde under «små graver»-dagane.

Ukrainarar vil kome til kyrkjegardane med piknikkorger og bagar, sitje på bakken i nærleiken av gravene eller ved spesielle bord ved sida av gjerde rundt gravene. Der vil dei skåle og drikke til minne om dei døde. Desse tradisjonane er sterkare enn bombing og okkupasjon. Krig eller ikkje krig, dei lyt halde fram. Krigen kan til og med styrkje desse tradisjonane, fordi det no er fleire graver på dei ukrainske gravplassane – gravene til dei ukrainske militære og dei sivile som er drepne av det russiske militæret.

Putin ville likt å drepe ukrainske tradisjonar. Da ville det blitt lettare for han å seie at ukrainarar ikkje eksisterer, at dei er russarar som er skuffa over å få høyre at dei ikkje er russarar, men ukrainarar. Men krig drep berre folk. Tradisjonar held fram, og dei sementerer nasjonal identitet.

Ukrainarane har mange tradisjonar. Mange er knytte til landbruket, for ukrainarar er vande med å vere uavhengige bønder. Og til og med no – og dette gjeld òg dei okkuperte områda – dyrkar dei jorda og sår kveite og raps, bokkveite og rug. Det held dei fram med, under bombing og trugsmål frå det russiske militæret.

Militæret lovar å ta opp mot 70 prosent av dei framtidige avlingane frå desse bøndene. Men bøndene sår likevel og håpar at når haustonna kjem, er det ingen russarar att i Kherson-regionen. Bøndene lyt skaffe seg og bruke skotsikre vestar og – om dei finn dei – hjelmar. Her ligg det ein annan fare, i tillegg til trugsmålet frå bomber og granatar. Dei russiske soldatane reagerer aggressivt når dei ser bønder med skotsikre vestar. Dei må ha noko utanpå vesten, elles kan dei bli skotne på.

Det er ikkje berre i dei okkuperte områda traktorar vert blåsne i lufta av miner. Nyleg vart ein bonde i Kyiv-området alvorleg skadd da traktoren hans vart øydelagt av ei landmine. Han hadde ikkje skotsikker vest eller hjelm.

I sovjettida vart alt jordbruksarbeid skildra i avisene som «ein kamp for grødet». Takk vere Russland og Putin har denne frasen fått ei ny og temmeleg bokstavleg meining. Ukraina betaler alt for sitt framtidige brød med blod. Med blodet frå soldatar og blodet frå bønder.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis