Essay
Styrkeprøven
President Donald Trump undervurderer framleis viljen til leiarane i Teheran.
Demonstrasjon til støtte for regimet i Teheran 8. april, etter at våpenkvila vart erklært.
Foto: Majid-Asgaripour / WANA / Reuters / NTB
Sist helg klarte ikkje USA og Iran å bli einige om å avslutte krigen under møta sine i Pakistan. Ved første augekast står partane svært langt frå kvarandre.
USA vil at Iran skal opne Hormuzsundet, godta omfattande avgrensingar av atomprogrammet sitt, redusere rakettarsenalet og kutte støtta til allierte grupper som Hizbollah. Iran vil på si side ha høve til å tene pengar på kontrollen over sundet, få full oppheving av sanksjonane (inkludert frigjering av frosne midlar i utlandet), ei våpenkvile i Libanon og – viktigast – varige garantiar for at USA og Israel ikkje startar opp att krigen mot Iran.
Prega av tidsnaud
Forhandlingane var uvanleg sterkt prega av tidsnaud, delvis fordi Iran har funne eit nytt trumfkort: evna til å stenge Hormuzsundet. Dette har faktisk vore eit så effektivt pressmiddel at Trump 13. april innførte sin eigen blokade og lova å hindre skip på veg til eller frå iranske hamner i å passere. Kor vellukka denne motblokaden blir, kjem an på om Iran kan tole meir kortsiktig økonomisk smerte enn USA.
Sjølv om posisjonane til dei to landa verkar usameinlege, har båe interesse av å avslutte krigen. USA har påført verdsøkonomien stor skade for ein minimal vinst. Iran har fått stor skade på militær og sivil infrastruktur, tusenvis av iranarar er drepne, og landet har ofra forholdet til naboland i Persiabukta for å overleve åtaket frå USA og Israel.
Når Washington og Teheran no går inn i ein ny, farleg fase, må USA handtere eit iransk regime i endring. Regimet har så langt vore motstandsdyktig, men slit med grunnleggande problem og er i ein tidleg overgangsfase. Utfallet av forhandlingane kjem difor til å avhenge av korleis Trump handterer dei innanlandske politiske endringane i Iran, og om ideane hans om kva som er oppnåeleg, samsvarer med røynda i Iran. På kort sikt må han vere taktisk smidig. Han må avslutte krigen med så små innrømmingar som mogleg for å halde sundet ope. På lang sikt treng han derimot ein samanhengande strategi, noko han ikkje skaffa seg før han starta krigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.