Kommentar

Trump, paven og kristendom i ei postliberal tid

Vi lever i ein mellomfase i historia der alliansen mellom kristendom og det liberale demokratiet slår sprekkar. Kvar går vegen vidare?

KI-generert bilete av Donald Trump som Jesus, lag ut på Truth Social 12. april.
Publisert

Historia om Maga-rørsla i USA nådde eit botnpunkt denne veka, då Donald Trump la ut eit bilete av seg sjølv som lækjaren Jesus. Det skjedde kort tid etter at krigsminister Pete Hegseth las bibeltekster for å legitimere krigen mot Iran, og var ein del av Trumps forsøk på å irettesetje pave Leo XIV.

Vi har lenge sett med vantru på korleis kristendomen vert nytta i internasjonal politikk. Og vi treng gode analysar. I boka Hvem skal vi elske? De kristne ideene bak MAGA-bevegelsen, lansert denne veka, tar Ragnar Misje Bergem fatt på dei kristne ideane bak Maga-rørsla. Korleis kunne dei vinne fram heilt inn til Det kvite huset? Røynda overgår fantasien. Boka er tidvis ein «pageturner» og ein god stad å byrje om ein vil forstå kva rolle religion spelar i framveksten ikkje berre av Maga, men av ein ny illiberal orden.

Alliansen

Det eg vil kommentere her, er ikkje fyrst og fremst Maga, men eit viktig spørsmål bakom boka til Bergem som gjeld heile den vestlege kulturen. Om ein zoomar ut, er dette spørsmålet om, og korleis, ein kan berge alliansen mellom kristendom og det liberale demokratiet. Bergem gir debatten fleire nyansar.

Utgangspunktet er ein allianse som var hardt tilkjempa i europeisk historie. Etter den franske revolusjonen var kyrkja i konflikt med moderniteten. Paven kritiserte sekularisering og demokrati. Forholdet vart mjuka opp med pave Leo XIII mot slutten av 1800-talet. Etter andre verdskrigen vart kristendomen viktig i oppbygginga av nye demokratiske institusjonar og gjekk i tospann med det moderne samfunnet. Tilpassinga til den moderne verda vart stadfesta med Det andre vatikankonsilet i Den katolske kyrkja i 1960-åra.

I boka si peikar Ragnar Misje Bergem på korleis reaksjonære krefter no har fått vind i segla og går aktivt inn for å øydeleggje alliansen mellom det liberale demokratiet og kristendomen. Han syner særleg til korleis ideane bak Maga, som kalvinistiske tankar om teokrati og karismatiske draumar om åndeleg herredømme, vert kombinerte med katolsk «reaksjonisme», altså katolsk kritikk mot moderniteten, ein kritikk som gjerne grip tilbake til nettopp 1800-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement