Radikale historier, 10

Privat, diskret avsendar

Lykke er å vite kva som er normalt, skreiv det danske ekteparet Inge & Sten om sex og samliv i Dagbladet. Den seksuelle frigjeringa delte det politiske sentrum og endra på eit par tiår både familieliv og lovgiving.

ORIGINAL, MEN KLISJÉ. I 1960-åra blei seksuell frigjering meir enn ord. Kulturindustrien opna tiåret med den første og ikoniske James Bond-filmen i 1962 og trong fleire tiår for å gripe at fortida var over.
Publisert Sist oppdatert

Like sidan seine 1940-år hadde små rubrikkannonsar stått i avisene. Annonsørane for det dei kalla gummiartiklar, lova «privat, diskret avsender». I manneblad var menn påkledde og kvinner avkledde, og blada låg under disken i tobakksbutikkane og kioskane. Då Narvesen i 1953 nekta å selje Jul i Hålogaland av di juleheftet var på nynorsk, presenterte 17 år gamle Per Hovdenakk løysinga frå talarstolen på landsmøtet i Noregs Ungdomslag: «Vi skal vere klar over at folk har ei periode då dei les mest pornografi. La oss få det på nynorsk også.»

Mindre enn tjue år seinare var grensene mellom det private og det offentlege omkalfatra, og det personlege hang nøye saman med det politiske viss ein tok innover seg kva kvinnefrigjering og endra kjønnsroller innebar. Familien hadde vore staden for å vise kjensler og vere intim, og seksualitet skulle ikkje snakkast om offentleg.

No blei dette tenkt og snakka om på nye måtar. Den underkastande kvinna i møte med erobrande menn, som i dei tidlege James Bond-filmane, blei avkledd som ein klisjé. Papirlaust sambu var eit reelt alternativ til formelt ekteskap, og der var fleire samlivsformer enn kjernefamilien. Allment fekk desse oppbrota frå etablerte livsformer vel så mykje å seie som protestar mot alt frå utdanningspolitikk til utanrikspolitikk. I den grad den politiske avstanden mellom Senterpartiet, Venstre og KrF auka utover på 1960-talet, var den seksuelle frigjeringa ein viktig faktor. Denne delen av radikaliseringa var ikkje minst prega av to danske psykologar.

Inge & Sten

John Dale undra seg tidleg over kva radikalismen i Unge Venstre var for noko. Svaret gav han langt på veg sjølv i eit kjeldeintervju. «Me oppfatta Unge Venstre som knytt til Dagblad-Venstre, og dei var ikkje så interessante for oss. Me var bygdepolitiske og i eit litt anna terreng», seier Dale. Han meiner at den kulturkampen Unge Venstre dreiv, skapte avstand til Senterungdommen og KrFU. I den kulturkampen var ikkje seksualitet lenger tabu som politisk omgrep.

Radikaliseringa i 1960-åra endra politisk praksis, men greip også djupt inn i det som før hadde vore strengt privat. Når ein skal forstå oppbrotet og opprøret, kan Dagbladet knapt overvurderast, meiner den tidlegare journalisten og forleggjaren Jon Østbø: «’Inge & Sten’ var viktigare for moderniseringa og radikaliseringa av Norge enn Hompland & Forr.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement