Historie

Ballongen som sprakk

I år er det hundre år sidan den spektakulær ferda med luftskipet «Norge» over Nordpolen. Det var ei bragd som fort vart over­skygga av krangel og bitre motsetnader då det hundre meter lange luftfartøyet landa i Alaska.

Luftskipet «Norge» på Ekebergsletta 14. april 1926.
Publisert Sist oppdatert

Ingen polfarar sette fleire rekordar enn Roald Amundsen. Han var første mann gjennom Nordvestpassasjen – ei nordleg sjørute til Asia som europearane hadde prøvd å finne i 400 år. Han kom først til verdas sørlegaste punkt – i det vidgjetne kapplaupet med britane, der Robert Falcon Scott og dei fire følgjesveinane hans mista livet på attendeturen.

Amundsen segla gjennom Nordaustpassasjen frå 1918 til 1920 i eit forsøk på å få polarskuta «Maud» til å drive over Polhavet. Og han flaug altså over sjølve Nordpolen med «Norge» i 1926 – og kunne då, som den første i verda, krysse av for alle dei fire store polare oppdagarmåla.

Draumen om Nordpolen

Nordpolen hadde lenge vore eit mål for Amundsen. Det var dit han eigentleg var på veg då han lurte ei heil verd og sette kursen mot Sørpolen – etter at det vart kjent at Robert Peary hadde vore på verdas nordlegaste punkt. Grunnen til at Amundsen endra planane, var, som han uttrykte det seinare: «Skulde jeg kunne oprettholde mitt navn som forsker, måtte jeg snarest vinne en sensasjonell seier på en eller annen måte.»

Han la likevel ikkje Nordpolen på hylla. Og etter at «Maud» stadig hamna i bakevja – bokstavleg talt – byrja han å eksperimentere med flygemaskiner. Men det var ikkje rett fram i flyfartens ungdom, noko han erfarte med dei to flya han tok med seg nordover i 1922. Det hjelpte heller ikkje at Amundsen gjekk personleg konkurs i 1924.

Det som derimot hjelpte, var at den eventyrlystne amerikanske rikmannssonen Lincoln Ellsworth tok kontakt – og tilbydde tenestene sine, eller rettare: farens pengar. Resultatet vart i første omgang ein flyekspedisjon nordover med to Dornier-Wal flybåtar, med dei prosaiske namna N-24 og N-25. Det enda med ei krasjlanding på nesten 88 grader nord – og nokre nervøse veker i drivisen før flygarar og mannskap, seks i talet, pressa seg saman i den eine flykroppen og på mirakuløst vis klarte å ta av frå ein fottrakka rullebane i isen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement