Politikk

Flyktningar på flyttefot

Regjeringa vil stramme inn høvet flyktningar har til å flytte frå kommunen dei først blir busette i. – Flyktningar som flyttar, seier sjølv at dei får det betre, seier forskar Ida Kjeøy.

I januar varsla arbeids- og integreringsminister Kjersti Stenseng nye tiltak i norsk integreringspolitikk. No kan det kome endå fleire.
Publisert Sist oppdatert

Drammen, Fredrikstad, Lørenskog – ei rekke kommunar, særleg i området rundt Oslo, opplever stor tilflytting av flyktningar som staten opphavleg busette i andre kommunar. Barnehagane er fulle av barn som slit med å lære norsk. I fjor gjekk 79 prosent av den økonomiske sosialhjelpa i Sarpsborg til flyktningar.

Men no kan det bli endring. Førre fredag fekk Arbeids- og inkluderingsdepartementet ein rapport som synte at regjeringa har eit stort juridisk handlingsrom til å stramme inn. Same dag varsla regjeringa at dei ville vurdere tiltak som kan gjere det vanskelegare å flytte utan at det får økonomiske følgjer for dei flyktningane det gjeld.

– Mange flyktningar vel å flytte til kommunar der dei har nettverk og betre høve til å få jobb, seier Ida Kjeøy.

Ho er sosiolog ved forskingsinstituttet Fafo og forskar på flyttemønsteret blant flyktningar. I år leier ho òg eit forskingsprosjekt om kva erfaringar kommunar gjer seg med frå- og tilflytting blant flyktningar.

– I Noreg er det i utgangspunktet staten og ikkje flyktningane sjølve som avgjer kor flyktningane skal busetje seg dei første fem åra. Alle kommunane har tatt imot flyktningar, og styresmaktene legg vekt på å spreie busettinga over heile landet.

– «Ved bosetning bor flyktningene mindre sentralt enn den norske befolkningen (...), mens de etter flytting har et bosettingsmønster som er mye mer likt», skreiv de i rapporten. Kvifor har staten valt å busette flyktningar i utkantstrøk?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement