JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Brennande spørsmål

Det ikkje lett å sjå korleis eit forbod mot koranbrenning kan utformast, seier jurist og fyrsteamanuensis Anine Kierulf.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den dansk-svenske høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan har stått bak fleire av koranbrenningane i Sverige.

Foto: Fredrik Persson / TT / NTB

7838
20230804
7838
20230804

Ytringsfridom

eva@dagogtid.no

Det er lett å skjøne at regjeringane i Sverige og Danmark kjenner trong til å gjere noko, etter dei mange koranbrenningane i dei to landa den siste tida og sterke protestar mot dei internasjonalt.

Måndag denne veka fordømde Organisasjonen for islamsk samarbeid koranbrenningane og oppfordra dei 57 medlemslanda til reaksjonar mot dei skandinaviske landa. Koranbrenningane har òg ført til skjerpa terrortrussel mot dei to landa, ifølgje danske og svenske tryggingsstyresmakter.

Signala om at dei to regjeringane no vurderer tiltak for å kunne hindre koranbrenning, vert likevel møtte med krass kritikk. Det vil vere eit «knæfald for islam», tvitra leiaren for Dansk Folkeparti, Morten Messerschmidt, medan leiaren for danske Liberal Alliance, Alex Vanopslagh, fryktar det kan verte «en glidebane til yderligere begrænsninger af ytringsfriheden». Den svenske avisa Dagens Nyheter skriv på leiarplass at dei to regjeringane no kan skape eit farleg prinsipp om at den som trugar med vald, får styre kva andre får seie. Berlingske-redaktør Tom Jensen i Danmark er like krass og skriv at islamistiske diktatur no «desværre (har) fået det, de aldrig opnåede med Muhammed-krisen og sagen om Salman Rushdies bog De sataniske vers».

Anine Kierulf, som er jurist, fyrsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og spesialrådgjevar for Noregs institusjon for menneskerettar, er òg kritisk.

Ho syner til at det er vanskeleg å lage eit prinsipielt forbod mot koranbrenning som vil stå seg mot andre omsyn – så vel i Danmark og Sverige som i Noreg.

– Det å innføre eit forbod mot blasfemiske handlingar i ei eller anna form er ikkje grunnlovsstridig eller i strid med ytringsfridomsvernet i nokon av dei tre landa. Spørsmålet er korleis eit slikt forbod skal sjå ut, og korleis det skal handhevast, og der finst det ingen openberre svar, seier ho.

Fleire spørsmål

Kierulf seier at Danmark hadde eigne blasfemiparagrafar fram til 2017, og at Noreg hadde det fram til 2015, men at desse vart oppheva fordi tida hadde gått frå dei.

– I pluralistiske demokrati med religionsfridom kan det som er heilag for nokon, fort vere blasfemi for andre. Skal vi lage nye blasfemilovar no, må det vurderast kva som skal vere heilagt nok, og kven det er som skal avgjere nett det. Det er ikkje så lett, og det var òg ein av grunnane til at desse lovane vart oppheva, seier ho.

Å lage snevrare forbod løyser heller ikkje noko, ifølgje Kierulf.

– Eit forbod mot å skjemme Koranen ville til dømes verne éin religion framfor andre og ikkje vere i tråd med prinsippet om likskap for loven. Skulle vi generalisere og seie at brenning av heilage bøker var forbode, ville det igjen gjeve problem overfor dei religionane som ikkje har heilage bøker. Då måtte vi i staden ha gått tilbake til den typen forbod vi hadde i blasfemiparagrafane, som sa at det var ulovleg å håne trusretningar og truslærer. Men då er vi attende ved problemet med å definere kva som er heilagt og ikkje, seier ho og held fram resonnementet slik:

– Det kunne kanskje trekkjast ei grense etter lov om trus- og livssynssamfunn. Men Human-Etisk Forbund er eit livssynssamfunn. Og i og med at det ikkje kan vere blasfemisk overfor dei å hevde at det finst ein gud, sidan dei ikkje trur på noko heilagt, ville dei fått mindre vern enn andre livssynssamfunn. Så sjølv ved å leggje all mogleg godvilje til er det ikkje lett å sjå korleis eit forbod mot koranbrenning kan utformast i praksis, seier Kierulf.

Valdsveto

– Finland har lovverk til å hindre koranbrenning. Har ytringsfridomen dårlegare kår der?

– Finland har halde fram blasfemiforbodet. Det det ville vore interessant å vite meir om, er i kva grad det forbodet vert handheva når det gjeld andre forhold og andre typar tilfelle av blasfemi, seier ho.

Lovendringar det vert opna for som følgje av press, protestar og trugsmål utanfrå – som i Sverige og Danmark no – kjem dessutan med eit tilleggsproblem, legg Kierulf til.

– Dei inneber i praksis å gje valdsmannen eit veto og legg til grunn at dess meir reelt ein kan truge med terror, dess større høve har ein til å påverke kva det går å uttrykkje seg om i eit liberalt demokrati. Det vil innebere å gå vekk frå rettsstaten og prinsippet om at det er loven som styrer og loven er lik for alle, og tilbake til maktstaten der det er den sterke sin rett som gjeld, seier ho.

Ulike tilnærmingar

Kva for konkrete tiltak og lovendringar den danske og den svenske regjeringa eventuelt går inn for, er ikkje klart.

Den svenske regjeringa ser i fyrste omgang på om det går å gjere føremålstenlege endringar i loven om offentlege samankomer og arrangement, slik at det gjennom den kan takast omsyn til spørsmål om nasjonal tryggleik.

Kierulf seier svensk politi, til liks med norsk politi, i dag har høve til å regulere tid og stad for – og også stoppe – demonstrasjonar dersom dei ikkje kan garantere for tryggleiken rundt, men at lovverket ikkje gjev høve til å forby demonstrasjonar som følgje av generelle tryggingstrugsmål: Det må vere snakk om konkrete tryggingstrugsmål og berre på staden kring demonstrasjonen.

Om Sverige no utvidar loven til å heimle stogging på grunn av tryggleikstrugsmål andre stader, smakar det meir av maktstatleg enn av rettsstatleg logikk, meiner ho.

Hærverk

I Danmark har tidlegare justisminister Søren Pind frå partiet Venstre føreslege at straffeloven kan utvidast til å inkludere den som «offentligt forhåner en fremmed nations religion på en måde, der skader Danmarks interesser i forhold til udlandet». Tidlegare sjef i danske PST, Hans Jørgen Bonnichsen, meiner på si side ei lita endring i hærverksparagrafen kan vere nok til å hindre folk i å utøve sjikane mot heilage skrifter, ifølgje Politiken.

Kierulf ser derimot vanskar med desse tiltaka òg: Den føreslegne straffelovsendringa reiser, slik ho ser det, både prinsipielle og praktiske spørsmål som kva for interesser som skal omfattast, kor alvorlege skadane på Danmarks interesser må vere for at loven skal kunne brukast, og til dømes om skadane må stamme frå nasjonen som eventuelt får sin religion håna, eller om det er tilstrekkeleg at andre òg reagerer på måtar som skader Danmarks interesser.

Og hærverksparagrafen kan ikkje brukast for å stogge koranbrenning i det heile, ifølgje Kierulf.

– Hærverk er å øydeleggje noko som er andre sitt – og det er alt forbode i både Danmark, Sverige og Noreg. Stel du ein koran for å brenne han, kan det vere både tjuveri og hærverk, og det kan også vere hatkriminalitet, om det er motivert av å vilje plage muslimar. Men det gjer ikkje at du ikkje kan brenne din eigen koran.

– Ikkje hatkriminalitet

I Noreg er det frå politisk hald ikkje planar om å vurdere noko forbod mot koranbrenning, men frå andre hald er det den siste tida teke til orde for å kunne forby koranbrenningar gjennom å definere dei som hatytringar. Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har også nyleg svart Stortinget at koranbrenning i nokre tilfelle kan sjåast på som hatkriminalitet.

Ifølgje Kierulf går det grunnleggjande skiljet for hatytringar derimot mellom å kritisere religion og å kritisere personar.

– Både Noreg, Sverige og Danmark har forbod mot hatytringar. Men forbodet er retta mot personar, ikkje mot religion, seier ho og syner til at det i lovforarbeid frå 2009 til og med vart tydeleggjort at den norske paragrafen om hatefulle ytringar ikkje skal dekkje åtak på trussetningar og livssyn.

Og grunnen til dette sistnemnde var at det var brei politisk semje om å fjerne blasfemiparagrafen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Skal vi lage nye blasfemilovar no, må det vurderast kva som skal vere heilagt.

Anine Kierulf, jurist og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis