JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Alle utgangar er stengde

EUs energiplan møter ei rekkje hindringar. Men same kva dei gjer, støyter dei på det same grunnleggjande problemet: mangel på energi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sola stig attom monstermaster i Frankfurt i Tyskland, til liks med prisen på energiberarar i form av gass og elektrisitet, som brått har blitt knappe gode i Europa.

Foto: Michael Probst / AP / NYB

12471
20220916

Bakgrunn

EU ynskjer å skattleggja energiselskapa mykje hardare.

Dei vil òg setja eit pristak på gass.

Vona er at varme og straum skal verta billigare, både gjennom subsidiar og med pristak.

Energikrisa

jon@dagogtid.no

EU held no på med å utarbeida ein plan for korleis dei skal få ned straum- og varmekostnadene. Planen er ikkje klar, men ut ifrå det som så langt er skissert, ser det ut som han skal ha tre hovudsøyler:

z ein ekstraskatt på superprofitten som leverandørane av straum, varme, olje og gass visstnok har

z eit pristak på gass, som EU-ministrar ynskjer, men EU-kommisjonen helst ikkje vil ha

z at gassprisen skal koplast av straumprisen

Alt vert vanskeleg. Det er lett nok å seia at ein vil endra energimarknadene, men det er ein grunn til at energimarknadene er som dei er. Dessutan kjem ingen av dei tre elementa til å gjera noko som helst med det grunnleggjande problemet, mangel på energi. I staden er det stor fare for at tiltaka gjer mangelen på energi endå verre, både på kort og på lang sikt.

Marginalprising

Lat oss sjå på dei tre elementa etter tur. Det som ser ut til å frustrera EU-landa mest, er såkalla marginalprising: at den dyraste kjelda i straumproduksjonen set prisen på all straum. Marginalprising er opphavet til grunnrente, og kva grunnrente er, har vi visst lenge før EU var påtenkt, og lenge før vi byrja å nytta olje og gass.

Den som fyrst sette ord på grunnrente og marginalprising for råvarer, var den engelske økonomen David Ricardo. Etter Napoleonskrigane var over, i 1817, sette han seg til å studera kornprisane og korleis kornproduksjonen hadde utvikla seg under krigane. Både prisane og produksjonen hadde gått kraftig opp i Storbritannia.

Rik adel

Den gruppa som hadde tent klart mest på dei auka kornprisane, var sjølvsagt adelen, som sat på den beste jorda. Men adelen produserte korn før krigane òg. Det nye under krigane var at jord som tidlegare ikkje hadde vore i bruk, og som ofte låg utanfor dei store godsa, også vart teken i bruk. Eigarane eller leigarane av denne jorda hadde funne det lønsamt å leggja jorda under plogen. Kornprisen vart høg nok til at marginal og dårleg jord kunne dyrkast opp.

Resultatet var at adelen som ikkje hadde gjort noko som helst nytt og ekstra under Napoleonskrigane, fekk superprofitt. Dei fekk det Ricardo kalla economic rent, grunnrente på norsk. Slik det fungerte for korn, fungerer det for alle råvarer. Men kva hadde skjedd om kornprisen ikkje hadde gått opp? Då hadde ikkje den marginale jorda vorte teken i bruk, og soldatane til Storbritannia og dei allierte hadde svolte. Og om adelen hadde vorte tvinga til å gje frå seg korn gratis eller billig, hadde dei neppe vore så ivrige etter å produsera korn heller.

Problemet

Det er her EU møter problem. Dei vil skattleggja superprofitten og grunnrenta. Det høyrest ut som ein god idé, særleg sidan vi i Noreg i alle år har skattlagt grunnrenta både i vasskrafta og i oljen og gassen. Men det samsvarar ikkje heilt med den grøne vendinga og EUs klimapolitikk. EU står i fare for hella barnet ut med badevatnet.

Det som no skjer, er i røynda nett det EU har ynskt skal skje: at fornyeleg energi vert lønsam. Når EU pålegg produsentane av fossilkraft klimakvotar, er det for at grå kraft gradvis skal verta ulønsam i takt med at prisen på all kraft går opp. EU har medvite gått inn for marginalprising for slik å gjera vind-, sol- og biokraft lønsam.

Dette regimet har investorane i fornyeleg straum rekna med skal halda seg. Men no seier altså EU at investorane som dei er heilt avhengige av for å få til det grøne skiftet, ikkje lenger kan lita på EU. Dei slepp å betala klimakvotar, men møter no i staden høgre skattar.

Slikt er aldri heldig. Investorar vil ha føreseielege regime. Ekstraordinære skattar gjev ikkje det. Det er også usikkert om fleire av medlemslanda vil gå med på felles direkte skattar. Slikt ligg tradisjonelt under nasjonale regjeringar og parlament.

Tapte veddemål

Dessutan er det langt frå sikkert at det er nokon superprofitt å henta i kraftsektoren. Oljeselskapa driv ikkje i særleg grad med finansielle veddemål – såkalla hedging – om kvar olje- og gassprisen skal gå i framtida. Dei har lært at prisane svingar særs mykje, og at tapa på veddemål kan verta særs store.

Kraftselskapa, både her heime og i EU, har derimot drive med storstilt hedging, som er eit nullsumspel. Det ein vinn, tapar ein annan. Hedginga har stort sett gått greitt for kraftprodusentane sidan straumprisane har vore relativt stabile. Dei har kalla slik hedging for «prissikring». Statnett meinte at prisen i år skulle vera under 1 krone per kilowattime. Det trudde nok dei fleste kraftselskapa også. Difor vedda dei på at prisen vart ei knapp krone til dømes no i sumar og til vinteren.

Andre trudde ikkje på nokon prisnedgang. Dei rekna med at Putin ville halda fram med å halda att gasseksporten. Kraftspekulantar som trudde at prisen skulle verta høgre, vedda mot kraftprodusentane. No sit det kraftspekulantar både her heime og i EU og får betalt store summar frå til dømes norske kraftselskap.

Ørsted mot konkurs

Danske Ørsted, som liker å kalla seg Europas største på fornyeleg energi – det er dei ikkje, Statkraft er mykje større – kan tena som eit døme. Førre veke kom Nordea Markets med ein analyse av Ørsted. Der skriv dei, og det er berre å halda seg fast:

«Sidan energiprisane har halde fram med å gå opp, er det rimeleg å gå ut ifrå at Ørsteds avsetningar til hedgingreservar vil måtte gå over dei 39 milliardar danske kronene som dei var ved slutten av andre kvartal. Vi finn det ikkje usannsynleg at Ørsteds reservar vil falle vidare ned mot 40–50 milliardar danske kroner i andre del av 2022. Med ein eigenkapital på 40,1 milliardar inneber det at Ørsteds eigenkapital kan verta redusert til nær null innan enden av 2022.»

Vedda med tom luft

Nei, dette er ikkje pengar tapte på sjølve produksjonen av kraft. Ørsted sel nesten all krafta si på lange fastpriskontraktar. Dette er pengar som er på veg til å verta tapte på finansielle veddemål. Ørsted må setja av stadig meir pengar skal motparten i veddemåla vera sikre på å få pengane. Og slik det er med Ørsted, er det altså med ei rekkje kraftprodusentar, både i EU og i Noreg.

Men når profitten er tapt på veddemål, kan EU ikkje krevja inn ein ekstraskatt på superprofitt. I staden for å få ekstra skatteinntekter må kanskje den danske staten, som eig halvparten av Ørsted, skyta inn ny eigenkapital. Den eventuelle ekstraskatten må eventuelt leggjast på finansfolka som har lese marknaden betre enn straumprodusentane og plukka pengane frå dei.

Elektron?

Kva med tanken om skilja ut gasskraft frå resten av kraftproduksjonen? Korleis dette reint teknisk skal gjerast, er litt vanskeleg å sjå føre seg. Eit elektron er eit elektron. Men om vi seier det er mogleg, må det opprettast ein marknad for fornyeleg kraft, atomkraft og kolkraft. Desse skal då måtta selja krafta til ein rimelegare pris, er tanken. Men det igjen vil seia at det ikkje vert nokon superprofitt å skattleggja i den sektoren.

Dessutan har vi spørsmålet om eigedomsrett. Dei som har investert i kraftmarknaden, har gjort det under lovnad om at dei skal få gjera det i ein velfungerande og føreseieleg marknad. Å fjerna dei frå den marknaden dei har investert i, opnar dørene for ei rekkje søksmål. Dessutan har EU straumkablar til land som Noreg og Storbritannia. Skal også vi tvingast til å selja alt anna enn gasskraft på billigsal?

Pristak

Det siste og kanskje enklaste tiltaket er eit pristak på gass. Mange EU-land ynskjer no at EU skal seia til gassprodusentane at dei ikkje får selja gass for meir enn så og så mykje til EU-landa. EUs energiministrar bad sist fredag EU-kommisjonen koma med eit slikt framlegg. Men det krev at dei gasseksporterande landa går med på dette. Ja, Noreg har låst over 95 prosent av gassen sin til røyrleidningar. Store mengder av den norske gassproduksjonen må difor per definisjon gå til EU.

Men vi har også røyrleidningar til Storbritannia. Vi kan levera meir dit og mindre til EU. Dessutan har vi ikkje lenger lange kontraktar med leveringsplikt til EU. EU ville bort frå lange kontraktar då dei byrja på den grøne vendinga. Dei bad om spotprisar, og dei fekk spotprisar.

Det er vel heller ikkje truleg at USA, som no har vorte ein storeksportør av flytande gass, LNG, til EU, vel å selja billig gass til EU i staden for dyr gass til Asia. Storbritannia importerer no store mengder LNG frå USA, slik at dei kan eksportera eigen gass til EU gjennom eksisterande røyrleidningar. Skal Storbritannia eksportera billig til EU og importera dyrt frå USA? At Russland skal selja gass på billigsal, verkar heller ikkje truleg.

Private selskap?

Og kven skal EU tinga med om denne billige importgassen dei ynskjer? Dei som produserer gass, er private børsnoterte selskap. Eit selskap som Shell vil truleg ikkje sjå med blide auge på at regjeringa Støre tvingar dei til å selja gass med rabatt. Det er dessutan langt frå sikkert at vår regjering i det heile teke har ein slik lovheimel. Jonas Gahr Støre har då også vore heilt klar på at staten ikkje eig oljeselskapa, og at vi difor ikkje kan innføra eit pristak.

Det som derimot er sikkert, er at eit pristak for eksportørar av gass til EU vil føra til at EU får mindre gass, som dei no vantar desperat. Eit meir truleg utfall er dimed at EU-landa går inn og subsidierer gasskraftprodusentane. Om dei får billigare gass, vil marginalprisen deira, som altså set all pris på straum, gå ned. Dimed får alle billigare straum – eller kanskje ikkje.

Manglar alt

For det overordna faktumet er og vert at EU vantar energi til å produsera straum og varme med. Så lenge dei vantar energi, kjem energiprisen til å vera høg. 40 prosent av gassen Tyskland fekk i fjor, gjekk til direkte oppvarming av bygg, 27 prosent gjekk til varmeproduksjon i industrien og berre 25 prosent gjekk til kraftproduksjon.

Om kjøparane av gass til kraftproduksjon får billigare gass via subsidiar, vil dei automatisk by meir for gassen. Då må industrien, om han ikkje er stengd ned, by endå meir. Dessutan må tyskarane som får det meste av oppvarminga si frå gass, ha tilgang.

Problemet med bodkrig kan sjølvsagt løysast med subsidiar til alle gassbrukarar. Men då vert skatterekninga ekstremt høg. Dessutan vil forbruket gå opp og vera mykje høgre enn utan subsidiar. I tillegg er det eit faktum at både ei rekkje produsentar av straum og ei rekkje leverandørar av straum og gass i praksis er konkurs. Men dei kan ikkje tillatast å gå konkurs. EU-landa må difor stilla opp med det som truleg vert billionar i eigenkapital og billionar i subsidiar.

Sentralbankar? Neppe

Spørsmålet er igjen kvar pengane skal koma frå. Både under og etter finanskrisa og under covid-19-pandemien var det sentralbankane som stilte opp med det meste av pengane. Men no har til og med Den europeiske sentralbanken, ESB, byrja å heva renta av di dei vil få ned inflasjonen, som i stor grad kjem av dei høge energiprisane, som EU vil få ned, men som i sin tur igjen vil føra til høgre etterspurnad etter energi.

Før denne energikrisa har det vore hevda at energi er ein mykje mindre viktig del av økonomien enn til dømes i 1970-åra. Det har vore vanleg å visa til USA, der oljeselskapa før utgjorde 20 prosent av verdien på New York-børsen, men i 2020 berre var 4 prosent. Det var til og med økonomar i Tyskland som så seint som i vår sa at dersom Russland kutta ut eksporten av gass, kom tysk økonomi til berre å få ein redusert vekst på 2 prosent. Det er det få økonomar som hevdar no. Sjølv om energi dei siste 40 åra har vorte ein mindre del av den samla økonomien, er energi framleis byggjesteinane i all annan økonomisk aktivitet.

Det som løyste oljekrisa for Europa på 1970-talet, var storstilte investeringar i nye olje- og gassfelt. I år 2000 produserte Europa minus Russland 12 millionar fat oljeekvivalentar per dag. I 2020 var det same talet 6 millionar, brorparten i Noreg som i motsetnad til resten av Vest-Europa har halde oppe investeringane i olje og gass. Med ein produksjon som i år 2000 og utan nedlegginga av tysk atomkraft, hadde vi ikkje hatt noka energikrise no. Og no er svaret frå EU å skattleggja dei som kunne ha investert meir i energi, hardare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når profitten er tapt på veddemål, kan EU ikkje krevja inn ein ekstraskatt på superprofitt.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis