JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Alle er ute etter blod

Krementsjuk er på jakt etter blod. I denne vesle byen sytte ein russisk rakett med eit tonn eksplosiv for å blåse i vêret eit stort kjøpe- og underhaldningssenter der eit tusentals menneske oppheldt seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit par som båe kom til skade i rakettåtaket på kjøpesenteret i Krementsjuk 27. juni.

Foto: Anna Voitenko / Reuters / NTB

13550
20220701

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Det nøyaktige talet på drepne er enno ikkje kjent, men hundrevis av menneske var i episenteret for eksplosjonen, og av nokre er det ikkje eingong småbitar att. Politiet har fått mange meldingar om folk som er sakna, om dei som ikkje kom heim den kvelden. Talet på skadde er ukjent. Og dei treng blod. Overlevande var att utan armer, utan bein.

Krementsjuk kjem ikkje til å gløyme dette russiske krigsbrotsverket på lenge, lenge. Truleg vil det aldri bli gløymt. Sannsynleg er det òg at det vil bli reist eit minnesmerke over offera for terroriståtaket der. Byar hugsar tragediane sine. Dei har minnedagar på kalendrane sine.

Den 27. juni kjem til å bli sørgjedagen i Krementsjuk. Folk vil kome til staden der det øydelagde kjøpesenteret låg, og minnest at det var der dei mista slektningar eller vener. Dei vil hugse, og dei vil tenkje på den russiske raketten.

Denne tragedien har ført til sterkt auka interesse for å gje blod. Blod trengst overalt i Ukraina, kvar som helst der russiske missil og granatar eksploderer, kvar som helst der skadde soldatar kjem frå fronten. Dei ventar på blod ved det militære hospitalet i Lviv, som ligg i gata som er oppkalla etter den russiske forfattaren Anton Tsjekhov, og ved det regionale hospitalet som ligg i gata oppkalla etter den russiske forfattaren Lev Tolstoj.

Blod er etterspurt i heile Ukraina. Samstundes vart det halde eit møte i det vitskaplege rådet for Peter Tsjajkovskij-konservatoriet, der dei tok opp spørsmålet om å døype om konservatoriet etter den kjende ukrainske komponisten Mykola Lysenko, som elles var ven med Tsjajkovskij. Det vitskaplege rådet vedtok å ikkje endre namnet på konservatoriet. Det ønsker å framleis vere oppkalla etter Peter Tsjajkovskij.

Trass i det kraftfulle kravet frå unge ukrainarar og det offisielle Ukraina om at andre land må boikotte russisk kultur, er eldre ukrainarar konservative og ønskjer ikkje å gå så langt. Stillfarande set dei seg opp mot den totale boikotten av russisk kultur. Ein operaelskande ven av oss gret sine salte tårer ved tanken på aldri meir å få høyre Eugen Onegin i Kyiv-operaen.

Ein kjend poet frå Odesa, Boris Khersonskij, hadde for kort tid sidan eit innslag på ein litteraturkveld saman med Sergej Gandlevskij, ein russisk poet, menneskerettsaktivist og ein velkjend kritikar av Putin. Den lite kjende hendinga gjorde somme ukrainske intellektuelle rasande, og det vekte ei bølgje av hat mot Boris Khersonskij, som no skriv poesi på både russisk og ukrainsk, medan han inntil nyss skreiv berre på russisk.

Bølgjer av hat slår over Ukraina og får ukrainarar til å sjå etter indre fiendar. Det er flust med indre fiendar. Nokre delte koordinatane til eit militært treningssenter med det russiske militæret, og desse brakkene vart øydelagde av missil skotne opp frå belarusisk eller russisk område.

Andre spreier prorussisk propaganda på nettet. Samstundes vert meir og meir mistillit, stundom endatil hat, pøst ut over russisktalande forfattarar og intellektuelle. Dei må vise at dei er tre gonger meir patriotiske enn dei ukrainsktalande kollegaene sine. Og ikkje eingong dette frir dei frå skuldingar om at krigen er deira skuld fordi dei snakkar, tenkjer eller skriv på russisk.

Russisktalande ukrainarar er nesten vande med desse stadige skuldingane, nett slik landet er nesten vant med krigen. Dette vil ikkje seie at folket er vant med raketteksplosjonar i byane, men vi har vant oss til tanken om at denne krigen vil vare lenge.

«Ekspertar» kjem stadig med datoar for når krigen vil ta slutt. Somme av dei seier september. President Zelenskyj seier at krigen vil slutte før kulda set inn – før vinteren. Andre politikarar meiner at våren 2023 er meir sannsynleg.

Folk er vande med sirener og reagerer på dei berre etter at eit russisk missil har eksplodert i nærleiken og drepe mange som ikkje reagerte på sirenelyden, og difor ikkje sprang til næraste bomberom. Eg lurer sjølv på kva ord som skulle til for å få folk til å ta sirenene meir på alvor. Eg uroar meg for dette, men eg uroar meg òg for at den kriminelle verda verkar vande med krigen. Det har vore ein auke i saker som gjeld sal av stolen humanitær hjelp og til og med verneutstyr som var meint for militæret.

Resultatet er at friviljuge som kjøper skotsikre vestar eller hjelmar berekna på soldatar, risikerer å kjøpe noko som er stole frå andre friviljuge.

På gata som er oppkalla etter den sovjetiske og russiske flykonstruktøren Tupolev, der eg budde i 15 år, og der den eldre bror min framleis bur saman med kona si, datt ein drone uventa ned frå himmelen for nokre dagar sidan. Folk som gjekk forbi, såg ein pakke som var festa til dronen, og som synte seg å innehalde 50.000 dollar. Dei ringde politiet.

Det kom for ein dag at fleire hundre meter frå denne staden hadde to kriminelle opna eit illegalt vekslingskontor for valuta. Så snart ein kunde hadde levert fem dollarpakkar til dei gjennom vindauget, la dei pengane i ein pose og sende dei med drone til medskuldige, medan dei stakk av gjennom bakdøra, og kunden sat att med skjegget i postkassa. Det var bra pakken med dollar var for tung for dronen.

Svindlarane vart arresterte. Kunden, ein godtruande intern flyktning, kjem til å få dollarane sine attende. Men problemet er der framleis. I Ukraina er det slik at etter mange økonomiske kriser og bankkriser har folk kontantar heime. Hundretusenvis av flyktningar mista hus og husvære, men klarte å få med seg sparepengane sine og har dei på seg same kvar dei dreg. Av og til kan det vere naudsynt å veksle ein større dollarsum, kan hende for å kjøpe ein bil for å kome seg vidare, eller til andre føremål.

Ukrainarar vel vanlegvis å ha pengane sine ikkje i ukrainske hryvnia, men i dollar eller euro – valutaer dei har tillit til. Og så kjem den farlege augneblinken. Dei ser etter den beste vekslingskursen, og dei illegale vekslarane tilbyr alltid den beste kursen. Dei fungerer som reelle vekslingskontor om du vekslar tjue dollar eller ti euro, men så snart nokon dukkar opp med ein stor sum, tek dei kriminelle pengane og forsvinn gjennom bakdøra. Eller dei nyttar ein drone, for så å forsvinne, slik at dersom dei blir tekne, har dei ingen prov på brotsverket på seg.

Gjnnom ei anna kriminell verksemd som har vakse fram, får menn i vernepliktig alder hjelp med å kome seg utanlands, same kva det kostar. Dei er redde for å bli innskrivne i militæret og freistar difor anten å få tak i ein legeattest som seier at dei er for sjuke til å gå inn i hæren, eller falske studentdokument frå eit utanlandsk universitet som tillèt dei å vende attende for å fullføre ei utdanning.

Ein annan måte å kome seg illegalt til utlandet på, er å dra til grensa og finne ein gaid som er ein røynd menneskesmuglar. Her er sjølvsagt faren stor for å hamne i hendene på svindlarar som tek pengane på førehand – frå 5.000 til 20.000 dollar per person – og forsvinn. Men det finst òg «ærlege» gaidar som verkeleg tar med seg folk til den andre sida av grensa.

Sant nok vert dei og kundane deira av og til tekne av grensevakter. Frå alle sider sett er dette eit farefullt eventyr. Å reise med falske dokument er også eit sjansespel. Men ifølgje uoffisielle berekningar har opptil ein halv million menn i vernepliktig alder forlate Ukraina på ulike vis dei siste fire månadene. Dette er dei som ikkje ønskjer å slåst.

Medlemar av parlamentet laga eit lovframlegg som ville gje menn som ikkje ønskjer å krige, ein månad på å kome seg attende til landet, og dersom dei ikkje kom, skulle dei miste den ukrainske statsborgarskapen. Framlegget fekk meir kritikk enn tilslutnad og forsvann trygt ned i papirkorga.

Ukrainarar som ikkje ønskjer å slåst og er redde for mobilisering, held fram med å freiste å kome seg til utlandet. Oftast utan å lukkast. Her om dagen, på den polsk-ukrainske grensa, henta grensevakter seks unge fyrar ut av eit tog med falske dokument frå utanlandske universitet. På same staden, ved grensa, vart dei overleverte til militæret, slik at dei kunne registrerast til militærteneste.

Stemning til militære kontor for registrering og innrullering har blitt ei slags vanleg straff for ymse lovbrot og brot på krigens reglar. Nyleg gjennomførte politiet ein razzia i ein nattklubb i Kyiv som var i sving trass portforbodet. Sant nok tvilar eg på at alle nattklubbelskarane ville ha styrta til det militære registreringskontoret dagen etter. Nokre av dei ville ha vore på utkik etter grenselosar eller folk som lagar falske dokument. Dette er røynda i dagens Ukraina, men eg ser for meg at det ville vore likeins i alle demokratiske land.

Medan slektningane til ukrainske krigsfangar kjem med høglydte og offisielle krav om raske fangeutvekslingar mellom Russland og Ukraina, går ein annan prosess føre seg på meir stillfarande og uoffisielt vis – utveksling av døde.

Eg veit ikkje kvar denne utvekslinga skjer i nærleiken av fronten, men ein kjølelastebil merkt med «200» kjem regelbunde til det regionale likhuset i Oranzhereinaja-gata nær den botaniske hagen i Kyiv. «200» – det er slik dei døde vert omtala i militær språkbruk. Soldatar bringar med seg svarte posar med leivningane av dei døde til likhuset, der leivningane blir undersøkte nærare. Hovudoppgåva er å finne identiteten til den døde, slik at slektningane kan syte for å gravleggje dei rette leivningane. Om den døde har tatoveringar, gjer det oppgåva enklare. Men dei svarte likposane inneheld ikkje alltid heile kroppen til den døde soldaten. Ofte er det berre nokre bein og ein hovudskalle, av og til berre fragment av ein lekam. Slektningar gjev frå seg DNA for å gjere det lettare og raskare å finne deira eigne kjære.

Kroppar vert utveksla éin til éin – ein død ukrainsk soldat mot ein russisk soldat, men i ein freistnad på å få så mange som råd av eigne døde, tyr russarane til knep. Dei plasserer drepne sivile i svarte posar. Resultatet er at arbeidet med likposane må byrje med ein generell sorteringsprosess. «Sivile» leivningar vert òg undersøkte, men dette er ei meir langvarig og komplisert sak, ettersom det ikkje er kjent kvar russarane fann leivningane.

Dei ligg ei tid i kjølerommet på likhuset, så blir dei overførte til andre regionale likhus for ytterlegare identifisering og leiting etter slektningar. I mange tilfelle er denne oppgåva umogleg. Særleg gjeld det døde sivile frå Donbas- eller Zaporozhye-regionen; mange av innbyggjarane her flykta til utlandet.

Databasen med DNA frå ukrainarar som har slektningar som er sakna i krigen, veks heile tida. Alle som er i episenteret til ein russisk missileksplosjon, forsvinn fullstendig, ingenting vert att. Ingen spor eller fragment. Han eller ho vil vere forsvunne for alltid.

Nokre av dei som vitja kjøpe- og underhaldningssenteret i Krementsjuk måndagen det blei råka av ein rakett, har forsvunne for alltid. Vi veit ikkje akkurat kor mange dei var. DNA vil ikkje hjelpe heller. Medan innbyggjarar i byen gav blod til dei skadde, erklærte styresmaktene i byen tre sørgjedagar for dei døde.

I sørgjetider er det til vanleg ikkje underhaldningsarrangement, konsertar, sirkus og slikt. Eg trur ikkje innbyggjarane i Krementsjuk hadde planar om å ha det morosamt desse tre dagane etter at titals borgarar var døde eller skadde.

Noko av det mest populære blant ukrainarar i fredstid, og no også, er å fiske. Det er ikkje noko forbod mot fiske i sorg. Sørgjeperiodar kunne ein erklære i mange byar og landsbyar i Ukraina etter bombing og massakrering av ukrainske borgarar utført av den russiske armeen. Men det verkar underleg å gje seg til å sørgje midt under ein krig. Det er jo gjerne slik at når ein sørgjeperiode er slutt, vender livet attende til det normale, komediar blir synte på fjernsynet, teater og sirkus opnar dørene sine. No er det berre éin TV-kanal i Ukraina – ein nyheitskanal som rommar alle TV-kanalar som fanst tidlegare. Det er mogleg å gå i teateret i somme byar, men det er ingen garanti for at framsyninga ikkje vert avbroten av luftvernsirener.

Det hadde vore betre, sjølvsagt, om ei eller anna sterk, dramatisk teaterframsyning avbraut krigen. Eller helst gjorde fullstendig slutt på han. Men diverre er den verkelege krigens drama ustoppeleg. Regissøren og produsenten av krigen, Putin, ønskjer å spille så mykje ukrainsk blod som mogleg.

Dei einskilde ukrainarane har framleis eit val: å gå ut i krigen eller unngå mobilisering, springe til eit bomberom når ei luftvernsirene set i, eller overhøyre sirenene. Det er berre dei døde i Krementsjuk og i hundrevis av andre byar og landsbyar som ikkje lenger har dette valet.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bølgjer av hat slår over Ukraina og får ukrainarar til å sjå etter indre fiendar. Det er flust med indre fiendar.

Ein operaelskande ven av oss gret sine salte tårer ved tanken på aldri meir å få høyre Eugen Onegin i Kyiv-operaen.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis