JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Smittevern også mot tankevirus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3025
20240216
3025
20240216

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Langcovid

I Dag og Tid 5. januar («Ein kronisk pandemi») gjev Per Anders Todal røyst til forskarar som meiner at såkalla «langcovid» får for lite merksemd. Vidare peiker han på auken i «allment og uspesifisert» sjukefråvære sidan 2019 som ei truleg fylgje av seinverknader av koronasjukdom.

Men forskinga er ikkje så eintydig som artikkelen kan gje inntrykk av. Ein fransk studie med 26.823 deltakarar publisert i JAMA Internal Medicine (1) fann at dei som fekk påvist koronainfeksjon, ikkje pådrog seg fleire vedvarande helseplagar enn dei som testa negativt. Dei som hadde høgst sannsyn for «langcovid» var deltakarane som meinte seg å ha hatt covid; dei som ikkje trudde dei hadde hatt viruset, gjekk jamt over fri av seinverknader, uavhengig om dei hadde antistoff mot viruset i blodet.

Den einaste tydelege samanhengen studien fann mellom gjennomgått infeksjon og varige symptom, galdt svekt luktesans – for utmatting, konsentrasjonsvanskar, muskelsmerter og andre typiske «langcovid»-plager var det statistisk samanheng berre med oppfatninga om å ha hatt koronasjukdom.

Dette kunne studien visa fordi deltakarane rapporterte om symptom utan å kjenna til resultatet av antistofftesten. Andre studiar som kontrollerer for skilnaden mellom faktisk infeksjon og oppfatning om infeksjon, har kome til liknande resultat: einaste vedvarande symptom som synest å ha samanheng med objektivt påviseleg infeksjon er svekt luktesans (2, 3).

Kva så med eksplosjonen i det ålmenne og uspesifiserte sjukefråværet? Ser vi kva yrkesgruppe som i størst grad er råka av dette, nemleg helsearbeidarar (4), er dei moglege forklaringane fleire. Det skulle ikkje undra nokon om kronisk mangel på sjukepleiarar og fastlækjarar som arbeider 140-timarsveker – problem som er forverra dei siste åra – kan tenkjast å føra til utmatting og redusert livskvalitet, for ikkje å nemna dei psykiske seinverknadene av nedstenging og sosial isolasjon under pandemien.

At noko av presset på helsearbeidarane kjem av akutt covid som kunne vore førebygd om risikogruppene lét seg vaksinera, og at det som med andre virusinfeksjonar kan gå ei tid før symptoma etter ein koronasjukdom slepper heilt, er ei anna sak. Medisinske fagfolk lyt vara seg for å gjera stoda verre ved å ropa ulv om ein «langcovid» som kanskje mest av alt kjem av frykt. Smittevern kan vera ein god idé også mot tankevirus.

Referansar:

1: «Association of Self-reported COVID-19 Infection and SARS-CoV-2 Serology Test Results With Persistent Physical Symptoms Among French Adults During the COVID-19 Pandemic», 8. november 2021

2: «Long-term prognosis of adults with moderate-severe SARS-CoV-2 lower respiratory tract infection managed in primary care: prospective cohort study» frå Medrxiv.org, 8. juni 2022

3: «Characterizing long COVID in an international cohort: 7 months of symptoms and their impact» frå Thelancet.com, 15. juli 2021

4: «Sterk sammenheng mellom korona og sykefravær med trøtthet og slapphet» frå nrk.no, 21. juni 2023

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis