Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen
Den frie israelske pressa er under kraftig press.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Foto: Ran Yehezkel
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eurovision
Så er det bestemt at Israel får lov til å delta i Eurovision Song Contest 2024. Det er sjølvsagt ikkje rett på ein plass, og heller ikkje anstendig. Protestane er naudsynte. Paradoksalt nok kan det likevel vere avgjerande viktig for den israelske pressefridomen på kort og lengre sikt.
I den ferske rapporten for 2024 frå V-Dem Institute vert Israel degradert frå ‘liberal democracy’ til ‘electorate democracy’. Dette er første gong sidan 1973 at Israel ikkje har status som liberalt demokrati. Ja, det vert framleis halde frie val. Men på ei rad andre område peikar pilene nedover. Rapporten viser særleg til lova frå i fjor som kompromitterer høgsterett si uavhengige rolle. Israel får òg kritikk for at innbyggjarane ikkje er sikra fridom frå tortur, ein grunnleggjande menneskerett.
Eit anna område som er under kraftig press, er den frie israelske pressa. Benjamin Netanyahu har lenge freista å svekkje dei uavhengige media. Etter 7. oktober har det utilsløra forsøket på å avskaffe pressefridomen vorte intensivert. Den som for tida frontar denne kampanjen, er den 41 år gamle landbruksingeniøren Shlomo Karhi frå Netanyahus eige parti, Likud.
Den politisk-ideologiske einsrettinga skjer gjennom medielovgjeving, økonomiske verkemiddel, forbod og trugsmål. Ikkje overraskande ønskjer Karhi å hindre Al Jazeera i å nå eit israelsk publikum. Av dei heimlege media er det særleg to Karhi vil kome til livs: avisa Haaretz og allmennkringkastaren Kan.
Då Kan vart etablert i 2017, var Netanyahu raskt ute med å love at tida for allmennkringkastarar var ute. Kva skjedde? Israel vann Eurovision-finalen i 2018, og fekk sjansen til å vere vertskap året etter. Sidan Eurovision er utruleg populært i Israel, og deltakinga vert sett på som ei sak av stor nasjonal viktigheit, gjorde Nettas siger (ho med «Toy») at Kan inntil vidare vart urørleg.
«Den frie israelske pressa er under kraftig press.»
Det er ein myte at det er dei ulike landa sine myndigheiter som sender «deira» artistar til å delta i Eurovision. Heile konseptet går ut på noko anna. Det er ikkje statar, men allmennkringkastarar som er medlem av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), og som deltek i og saman organiserer Eurovision.
Når EBU forsøker å halde politikk utanfor (noko som sjølvsagt er umogleg), er det ikkje berre av omsyn til mellomstatlege relasjonar, men for å sikre at allmennkringkastarane er autonome i høve til sine respektive lands styresmakter.
I denne situasjonen er det at EBU gjev Kan beskyttelse frå statleg inngrep, av di dette er eitt av kriteria for å delta i Eurovision. Viss Israel hadde fått startnekt, er det sannsynleg at regjeringa hadde nytta høvet til å ta over Kan, og dermed kvitte seg med det siste uavhengige TV-mediet i Israel.
Israel debuterte i 1973, eit år som markerer eit vasskilje i konkurransens historie av di fem nye land utanfor den tradisjonelle vestblokka kom med. I februar vart det klart at 20 år gamle Eden Golan skal representere Israel i år. Den første versjonen av bidraget, med tittelen «October Rain», vart stansa av førehandssensuren til EBU. Opphavspersonane måtte skrive om teksten både ein og to gongar, og fekk til slutt grønt ljos for ein alternativ tekst med tittelen «Hurricane».
Det er naivt å tru at dei tre livesendingane frå Malmö i mai vil gå føre seg utan demonstrasjonar. At mange vil oppleve det skammeleg og provoserande at eit land med militære styrkar som er i ferd med å jamne Gaza med jorda, skal få lov å delta i eit glamorøst underhaldningsshow som om ingenting har hendt, er forståeleg.
Hugs då at det kjem ei tid etter krigshandlingane i Gaza. Då vil Israel trenge eit medium som Kan til å sikre minnet om offer for menneskerettsbrot på alle sider og undersøkje og dokumentere krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeheita og folkemord.
Det viktigaste Kan gjer, er å levere uavhengig, kritisk undersøkjande journalistikk. For å kunne gjere dette treng dei den beskyttelsen Eurovision-deltaking gjev.
Thomas V.H. Hagen er historikar og arbeider ved Arkivet freds- og menneskerettssenter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.