Film
Uforløyst mysterium
Forventningane til ein serie med fantomet i tittelen kan kanskje aldri verta innfridde.
Henrik Holm spelar rolla som Philip Holst-Cappelen, ein storsvindlar som gjekk inn og ut av fengsel.
Foto: Ulrik Imtiaz Rolfsen / Curry Film / Underdog Media
I fleire tiår gjekk storsvindlaren kjent under namnet Philip Holst-Cappelen stort sett fri, endå han vandra inn og ut av fengsel for vinningsbrotsverk heilt frå åttitalet. Personlege spor har han etterlate lite av, men no har det kome ein fire timar lang dokumentar om den mystiske karakteren.
Sannkriminelt
Kamera går, eksforbrytar og ekssamarbeidspartnar med Philip ser rett inn i linsa før han ser vekk. Her skal ting på bordet. Her er det alvor. Ulf-André Bjerkøe er ein god forteljar, ein truverdig forteljar og ein god marknadsførar – han har etter årevis med kriminalitet klart å bygga opp både seg sjølv, firmaet sitt og venskapet med dåverande og noverande partner in crime, Christian René Wold. Dei har begge fortalt historier før, både i fengsel, på kokainfestar og gjennom forlaget Skamløst.
Så når den omfattande serien skal ta eit djupdykk for å finna ut kven Philip var, kviler det i stor grad på desse. Elles har filmskaparane lagt vekt på å presentera dei andre og mange intervjuobjekta med svartkvit frysramme-effekt og overskrifter litt som gul polititape. Det er True Crime, med stor T, om nokon skulle vera usikker. Og den understrekinga trengst kanskje, for det er lite dokumentarisk stoff utanom nokre få foto og avisutklipp.
Fantonald
Og her kjem det svakaste punktet i serien. For korleis løyser ein mangelen på arkivmateriale? Med dramatisk gjenskaping. Henrik Holm går inn i rolla som Philip med så mykje trutmunn og skulande auge som det går an utan å bli rein parodi. Det er også underleg å sjå Philip uforandra frå han gjer sitt fyrste skikkelege brotsverk i 1986, til han gjer sitt siste i 2011.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.