Bok

Tru, tradisjon og trugsmål

Det skrivne ordet får magisk autoritet i romanen Hvítrheimr.

Edmund Austigard er direktør for Det Norske Samlaget.
Publisert Sist oppdatert

Dei bur under breen og veit det, folka i den nye romanen til Edmund Austigard. Ikkje slik at dei bur innunder breen, men han er no der oppe i fjellet, som ein føresetnad for liv og lagnad, og for vatn til det lokale Stølsvatnet. Nokre av dei heiter Vassfadl til etternamn, og førenamna er Ein, Hima og Hekkan.

Sjølv om personane har snodige namn, kan ein koma i skade for å tru at handlingane i boka går føre seg i Noreg, men då må ein berre tru om att. I eit landskap som liknar vestnorske fjellbygder, lever dei tett på ti tusen år lange tradisjonar, og mytologiske personar frå den tida får plass i medvitet deira, som levde dei enno i fjor.

Alt som har skjedd, er nedteikna i ei bok, den mystiske Heimsboka. Der er dei første skriftene frå 1192, men då baserte på mange tusen års munnleg overlevering, om urkvinna i ætta, Hâfna, som vart til av ein smeltedrope frå breen Hvítrheimr, og som får bod frå breen om å bera setjeaure til Stølsvatnet, til mat for folket etter henne i alle år.

Bod om ulukke

Heimsboka er heilag, og berre den som har oppdraget med å skriva i ho, har lov å lesa. Om ein annan les i boka, skal ulukke fylgja på ulukke. Og så går det ikkje betre enn at han Ein tek ein kikk i boka, og ulukkene lèt ikkje venta på seg.

Mange år seinare er Ein bankerott, han møter Staten, og det mytiske kverv for det juridiske og konkrete. Endå meir konkret vert det når me møter Siss Waterfall på Manhattan, og straks forstår at ho er den eldre systera til Ein. Ho lever i det moderne New York, men ho er litt heime i tankane, og i minna, ho er på denne sida og den andre sida, eg hadde nær sagt at det er både cis og trans for transatlantiske Siss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement