Bok

Aldri forelda foreldrespørsmål

Kamilla Danielsen behandlar ikkje tematikken sin stemoderleg.

Kamilla Danielsen debuterte med ein roman i 2023. I haust kom roman nummer to.
Publisert Sist oppdatert

Eg fekk ei stemor då eg var seks og ho 23. Seinare fekk ei stedotter då eg var 23 og stedottera seks. Det var no rart også, denne matematiske konstanten i livet. Men kalla eg ho for stedotter? Og meg sjølv for stemor? Nei, eg gjorde ikkje det. Eg berre var der for ho og ho for meg. Mens eg lurte på kva eg skulle kalle oss. Kamilla Danielsen bruker ein heil roman på å forske i slike rolleforståingar.

Iselin kjem inn i livet til ein far og dottera Oda via køen på ein Jernia-butikk. Vegen kan vere kort frå eit tilfeldig møte til eit samliv. Oda er seks år, mora har flytta frå dei, og far er eineforsørgar. No skal Iselin finne sin plass i heimen deira. Ho har aldri ønskt å bli mor, men aldri hatt noko imot barn.

Snevert og komplekst

I romanen blir det ramsa opp mange grunnar til at 39 år gamle Iselin ikkje vil bli mor, nokre av dei er: Ho er redd for tenåringar, kule jenter, og vil ikkje at hennar barn skal bli eitt av dei. Ho har høgare ambisjonar enn å berre halde ut. Ho er redd for å ikkje bli likt av barnet. Ho kan ikkje lage mat frå botnen.

Ho opprettar kontakt med ei i byrjinga litt skeptisk Oda, som med tida gir seg over til leik og forteljestunder på senga med Iselin.

Men det er det, då: Kva oppgåver har Iselin? Ho lurer på «om det er mulig å være kvinne og ville nærme seg et barn man bor sammen med uten å bli en au pair, uten å være et dyr, uten å bli en primærforsørger». Ho registrerer at far fyller rolla som mor, og då står det igjen for ho å vere far.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement