Operation Southern Spear

USA har væpna styrkar i Karibia: Spydet kan kastast

Trump-tilhengjarane rosar sjefen sin for å halde tett om kva han eigentleg er ute etter i Karibia. Men er det eigentleg lenger nokon tvil? Ein militæroperasjon mot Venezuela verkar stadig meir sannsynleg.
  

Den amerikanske marinen Gerald R. Ford Carrier Strike Group, med mellom anna hangarskipet USS «Gerald R. Ford» i tillegg til fly frå luftforsvaret, seglar mot Det karibiske havet 13. november 2025.
Publisert Sist oppdatert

Donald Trump kom med ei kort fråsegn om stoda i Karibia då han var på veg til Florida i Air Force One. «Eg har vel eigentleg bestemt meg», sa han under flyturen på fredag.

Han skulle som vanleg til Mar-a-Lago for å spele golf i helga. «Eg kan ikkje seie kva det handlar om, men i Venezuela har vi gjort store framsteg i kampen mot narkotikasmuglinga.»

Kva er det eigentleg presidenten har bestemt seg for? Skal ein gå til direkte åtak på Venezuela? Skal ein styrte president Nicolás Maduro med våpenmakt, eller hente han med kamphelikopter, slik ein gjorde med Manuel Noriega i Panama i 1989? Før avreise hadde Trump tydelegvis rådført seg med visepresident J.D. Vance, forsvarsminister Pete Hegseth, utanriksminister Marco Rubio, visestabssjef Stephen Miller og general Dan Caine, som leier dei væpna styrkane.

Den siste amerikanske invasjonen i Karibia gjekk føre seg i 1983 på Grenada

Under møtet i strategirommet skal dei ha lagt fram «fleire ulike alternativ»  for den øvstkommanderande, skriv Washington Post, og viser til ei regjeringskjelde. Trump skal vere «flink til å halde tett om val av strategi, og han informerer heller aldri motstandarane om kva det neste trekket hans blir».

I første omgang får vi altså ikkje svar på dette spørsmålet: Kvifor har den amerikanske marinen så store styrkar utanfor den venezuelanske kysten?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement