Litteratur
På parti med ungdommen
Er du hagerupsk, kan du trygt legge ord i munnen på Ruth Maier og Gunvor Hofmo.
Det første ein ser når ein kjem inn i huset til Hilde Hagerup og familien, er eit sjakkbrett. Og ja, det er i bruk.
Foto: Marita Liabø
Hilde Hagerup blei fødd i Tromsø. Far hennar, forfattar og dramatikar Klaus Hagerup, flytta dit frå Oslo for å bygge opp Hålogaland teater saman med ein gjeng unge, radikale skodespelarar. Etter som foreldra hans blei eldre, måtte dei sørover, han og kona, keramikar Bibbi Børresen, og dottera.
– Så då sette dei ned passarspissen, fortel ho.
Kor nær Oslo hadde dei råd til bu? Jo, Fredrikstad.
– Eg har laga meg ei historie som er 50 prosent sann: Dei fann eit hus og gjekk i banken. At ein student og ein forfattar, kommunistar, skulle få lån, var usannsynleg. Men banksjefen lyste opp. «Vil de flytte hit? Så stas!»
Fredrikstad trong folk som dei, meinte han.
Snart var også mor til Klaus, Inger Hagerup, og foreldra til Bibbi, interiørarkitekt Runar og forfattar Eva Børresen, på plass. Klaus og Bibbi fekk ei dotter til, mens bror til Klaus, Helge Hagerup, fekk fem barn, to av dei med søster til Bibbi. For alle saman har livet dreidd seg om å skape – litteratur, musikk, kunst. Hilde vaks opp i generasjonsbustad – med begge bestemødrene – der arbeidet fylte huset og ingen måtte av garde på jobb om morgonen. Det var fint og fritt, seier ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.