Bok

Forskar på moped i Vietnam

Arve Hansen skriv om korleis gamalt og nytt blir sameint i eit samfunn i endring.
 

In this June 21, 2017, photo, motorbikes and cars fight for space on a street in Hanoi, Vietnam. Vietnam’s motorbike taxis are seeing their business dry up as customers increasingly opt for ride hailing services like Uber and Grab-Taxi. (AP Photo/Tran Van Minh)
Motorsyklar i stim i Hanoi i Vietnam.
Publisert Sist oppdatert

Tusenvis av mopedar svingar seg gjennom Hanois tronge gater. Tett i tett, men utan berøring. Frå himmelens perspektiv må dei sjå ut som fiskestimar. I stimen køyrer utviklingsforskaren Arve Hansen.

Slik eg kjøpte meg sykkel i dei harde åttiåra og trakka meg fram mellom bibliotek, museum og møtelokale, slik har Hansen køyrt milevis på moped i eit Vietnam i forvandling. Ikkje berre for å komma seg rundt, men for å leva seg inn i omskapinga av Vietnam.

Bilar er det etter kvart mange av også i Vietnam, men dei er mest til nytte på landevegen. I dei folkerike bygatene er dei mest til sjenanse. Dei hindrar trafikken.

Marknadsøkonomi

Arve Hansen lét seg først inspirera av mopedopplevingane sine til å ta doktorgrad på vietnamesisk transportøkonomi og har no samla innsiktene sine i ei kort og velskriven bok om Vietnams fenomenale utvikling sidan kommunistpartiet sleppte laus dei marknadsøkonomiske doi moi-reformene i 1986. I dag er Vietnam framleis ein kommunistisk partistat, men no tett integrert i produksjonskjedene til den transnasjonale kapitalismen. Middelklassen nyt rikdommen sin. Bønder og arbeidarar treng ikkje lenger svelta.

Frå mopeden rettar Hansen skråblikk mot eit annleis samfunn. Det skil seg ut på måtar som fell i smak hos besøkjande. Han skriv begeistra om Vietnams matkultur. Pho (suppe) klokka 05.00 om morgonen. Grundig laga måltid frå botnen av til lunsj og middag. Aller best er maten på dei minste serveringsstadene, ein slags opne heimar. Hansen skriv om forskjell på fattig og rik. Den er stor, men mindre enn i Kina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement