Bok
Vanskelege samliv
Hilde Lindset skriv med psykologisk teft om det som ikkje går opp.
Kvifor kan ein ikkje velje kven ein forelskar seg i, er eitt av spørsmåla Hilde Lindset stiller i årets novellesamling.
Foto: Bonnier Norsk Forlag
Hilde Lindsets novellesamling Ørkenparet kom ut for vel eit halvår sidan på Bonnier, og det gjer meg ganske frustrert at ein så god og etablert forfattar med åtte titlar i bagasjen sidan debuten i 2012 er totalt oversett og neglisjert i det litterære landskapet i 2025. Ingen meldingar utanom pressemeldingar frå forlaget i perifere medium.
Ho har rett nok skifta forlag tre gonger, frå Cappelen Damm med fire novellesamlingar til Tiden med tre romanar og no til Bonnier med nye noveller. Ho er frå Skien, men har lenge budd i Berlin, utanfor andedammen, og kan det vere ei forklaring på at Ørkenparet har gått så fullstendig under radaren? Eller er det det at boka blei innkjøpt av Kulturdirektoratet i mai: Forlaget fekk sitt, forfattaren fekk sitt, og marknadsføring blei det så som så med? For det manglar da verkeleg ikkje på kvalitet, noko fleire store arbeidsstipend vitnar om. Og plutseleg, i november, får ho Telemarks litteraturpris for nettopp Ørkenparet, i godt selskap med tidlegare prisvinnarar som Kim Leine og Tone Hødnebø.
Oppbrot og flukt
Ørkenparet består av åtte noveller, og tittelnovella, som opnar det heile, handlar om eit par i 40-åra som strevar med å få barn og er innom alle slags teoriar og praktiske øvingar for å få det til. Epletrea som veks i hagen, ber ikkje lenger frukt. Ho er truleg over fruktbar alder, men manisk opptatt av å bli gravid. Han er ikkje fullt så ivrig og onanerer heller til ein filmsnutt av eit par som har seg i ein ufruktbar ørken, derav tittelen. Litt for tydeleg symbolikk, men velskrive og med eit psykologisk blikk for to som eigentleg ikkje vil det same.
I fleire av novellene møter ein kunstnarar eller halvkunstnarar som leiter etter noko dei ikkje finn eller greier å uttrykke. Ofte går dei frå eit forhold og inn i eit nytt, ingenting synest å vere varig, alt blir midlertidig, og dette gir ei stemning av noko ubestemmeleg, noko skjørt og heimlaust, nervøst og einsamt, overflatisk. Dei kjenner ikkje kvarandre særleg godt, mykje er uavklart og rotlaust, klart for oppbrot og flukt.
Falsk idyll
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.