Kommentar

Byggjeskikk og uskikk

Ei hardhendt utbygging har lenge fare over bygd og by og etterlate seg eit annleis land. Er det von om at trenden snur? Ulf Andenæs har vitja Hallingdal.

Synet av Noreg endrar seg. På Gol har dei bygd ein kopi av ei stavkyrkje. Med utsynet mot grannelaget som dei får frå kyrkja, slepp dei knapt unna ei samtid som trengjer seg på.
Publisert Sist oppdatert

Synleg for alle som kjem forbi, på Gol, i hjartet av Hallingdal, står ei staseleg stavkyrkje. Eg tenkte ho måtte vera ei påminning om tru og heilage krefter i tider som var, og om ein eldgamal fornem byggjeskikk i eit av dei mest særmerkte dalføra våre.

Stavkyrkja står nær riksvegen, som eit syn for alle på veg mellom Oslo og Bergen, og for alle på veg i tusenvis til turistsenter og hytter i fjellheimen. Men eg får ikkje synet heilt til å gå i hop. At stavkyrkja på Gol vart flytta, for å skina som nummer éin blant dyrebare bygningar på Norsk Folkemuseum i hovudstaden, det høyrer nærast til barnelærdomen.

På tur gjennom Hallingdal kunne eg sjå korleis dei har bygd ut tettstadene sine. Eg gjesta dalen, frå inngangsporten ved Gulsvik og Krøderen til vegs ende på Hardangervidda. Kyrkja vi får sjå her på Gol, er ein kopi. Og her, på ei uryddig slette, i samliv med eit bubilsenter, er ho omgjeven på alle kantar av industritomter, byggjeplassar og gravemaskiner, langt ifrå dei mest sømelege omgjevnadene for ei stavkyrkje. Næraste nabo er det kasseforma bygget til Biltema, der den meterhøge skrifta på veggen kunne lokka folk ved stavkyrkja med «svenske priser».

For meg vart det eit bilete på ein dal i drastisk endring. Bygdelandskapet i Noreg står midt i ei forvandling, ikkje minst i tettstadene, med nye syn for augo våre mest frå dag til dag.

Hardhendt utbygging

Møtet mellom gamalt og nytt er nok tydelegare her i dalen enn mange andre stader. Her går i vår tid den travlaste ferdselsvegen mellom dei to største byane i landet. Her går i tillegg vegen til den største samlinga landet har å by på av reiseliv, skisenter og hytteutbygging.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement