Kunnskap

Slepp hestane fri

Slik er det gode livet for ein hest.
Publisert Sist oppdatert

Hestar er skapte for eit fritt liv i flokk, ikkje for å stå i ein stallboks eller trø åleine rundt i ein liten luftegard og få mat tre gonger om dagen. Likevel har vi eit lovverk som tillèt isolasjon, keisemd og altfor lite rørsle. Etter tjue år med same forskrift er det på tide at kunnskapen vi har om hestar, blir spegla i reglane som skal verne dei.

I lov om dyrevelferd kan vi lese at dyr skal «behandles godt og vernes mot unødige påkjenninger eller belastninger». Kva som er unødig, er ikkje så godt definert. Forskrifta om hestevelferd (2005) har også eit temmeleg generelt føremål der det står at det skal takast omsyn til hestens åtferdsmessige, sosiale og fysiologiske behov. Det vi veit om behova til hesten, kan kort summerast med tre f-ar: flokk, fridom og fôr. Korleis stemmer regelverket med desse behova?

Flokken

La oss byrje med viktigaste: flokken. For hestar som lever i det fri, er det naudsynt å utvikle og styrke sosiale band med andre hestar for å sikre samhaldet i flokken og for å gje eit tryggast mogleg oppvekstmiljø for føl og unghestar. Hestar som går ute i flokk heile året, kan ha eit naturleg sosialt liv, så lenge ein passar på at enkeltdyr ikkje blir mobba eller utestengde. Derimot blir hestar som blir ståande for mykje åleine, ofte stressa, og dei kan utvikle stereotyp åtferd eller bli vanskelege og farlege å ri og handtere.

For arbeidshestar som levde på same garden i ein mannsalder, var det sosiale tilbodet utanom onna som regel å rusle rundt i hamnehagen saman med kyr eller sauar. Det er lett å finne artige historier om hestar som hadde ein vêr eller eit anna dyr på garden som besteven, men altfor ofte var livet til desse hestane prega av einsemd og lange vintermånader bundne fast i ein mørk og liten fjøs.

Trass i alt vi veit om kor viktig det er med sosialt fellesskap, har vi enno tradisjon for å halde hestar åleine eller å skilje dei frå kvarandre i boksar og små luftegardar. Dagens forskrift, som seier at det «skal legges til rette for at hest holdes i grupper der beite inngår», har tydelegvis ikkje vore streng nok. I dyrevelferdsmeldinga som regjeringa la fram i fjor haust, føreslår dei å sjå nærare på om alle hestar skal ha rett til full fysisk kontakt med andre hestar i dei to første leveåra. Men krav om fysisk kontakt og sosialt samvære for vaksne hestar burde også stått på sakslista.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement