Hardare enn juling
Borgarkrig og familietragedie vert kvitglødande teater.
Gisken Armand (t.v.) spelar hovudrolla Nawal. Stine Fevik har ei av støtterollene.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret, Kanonhallen:
Wajdi Mouawad:
Forbrent – Nawals hemmelighet
Regi: Maren Bjørseth
Scenografi: Katrin Bombe
Komponist: Alf Lund Godbolt
Omsetjing: av Olav Torbjørn Skare
Dei fleste av oss kjenner oss makteslause over å bli minte på kor grufulle ting folk kan gjere mot andre i krig. Aviser og Dagsrevyen kan konfrontere oss med det i reelle bilete. Men merkeleg nok er det ofte i ei kunstnarleg tolking, på film og på teater, det treffer oss aller hardast i magen.
Stykket den kanadisk-libanesiske dramatikaren Wajdi Mouawad har skrive, med borgarkrigen i Libanon som bakgrunn, rullar opp eit blodig krigs- og familiedrama med ein lagnadssvanger erkjenningsprosess, like notidig appellerande som klassisk, med mange handlingspilar attende til både Shakespeare og Sofokles. Men dette er faktisk meir grufullt enn både Kong Lear og Kong Ødipus.
Nake scenerom
Regissør Bjørseth og scenograf Bombe har plassert stykket i eit ganske nake scenerom i Kanonhallen på Løren, Nationaltheatrets nye, mellombelse amfiscene. Det einaste som skil seg ut frå blackboxen, er nokre bølgjeforma sceneelement og nokre kalde jerndører.
I dette miljøet møter vi den ufatteleg hardt prøvde kvinna Nawal (Gisken Armand) både før og etter at ho døyr, borna hennar Jeanne (Maria Kristine Hildonen) og Simon (Jonas Hoff Oftebro) og i sterke støtteroller Per Christian Ellefsen, Stine Fevik, Anneke von der Lippe, Mari Maurstad og fleire. Etter pausen ser vi òg den kraftutstrålande Yusuf Toosh Ibra i ei rolle vi ikkje skal røpe for mykje om.
Intens dynamikk
Skodespelarane formidlar den ettertenksame teksten i ein intens dynamikk, både i dei lågmælte, såre partia og i dei desperate utbrota. Det er her særskilt fascinerande å sjå kor samstemt Nationaltheatrets veteranar og noviser spelar på lag.
Og i ein tekst som denne, der vi må høyre om dei verst tenkelege fornedringar og dei fælslegaste menneskeslaktingar ein kan tenke seg, ebbar framsyninga paradoksalt nok ut i ein rank, høg byrgskap. Og det stolte og kjenslevare andletet til Gisken Armand lyser på netthinna lenge etter teppefall.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.