Gravlegg meg med gitaren
Trini Lunds gest til diktaren Federico Garcia Lorca er usentimental, men varm.
Etter 45 år som skodespelar på Det Norske Teatret takkar Trini Lund av med ein musikalsk poesikveld.
Foto: Det Norske Teatret
Det Norske Teatret Scene 3:
Trini Lund/ Federico Garcia Lorca:
Lund og Lorca
Opplegg og framføring: Trini Lund
Gjendiktingar: Tove Bakke,
Ragnar Hovland, Astrid
Mercedes Ness
Musikarar: Birger Mister-
eggen, Tom Lund (også komponist)
Skodespelarinna Trini Lund har vore tilsett ved Det Norske Teatret heilt frå ho kom ut frå teaterskulen i 1975. l haust fekk ho endeleg premiere på avskilsframsyninga si etter 45 år, ein liten einkvinneskabaret, som går enno, der ho hyller diktarhelten sin, Federico Garcia Lorca (1898–1936) og set han i samband med hennar eigen bakgrunn.
Oppdregen som katolikk i eit elles rimeleg sekulært miljø har ho tydelegvis kjent slektskap med denne diktaren, som nok heile si tid vart sliten mellom katolsk pietisme og ein glødande trong til opprør og fridom.
Sensuell naturlyrikk
Assistert av stemningsskapande tonefylgje frå to musikarar, og plassert i den vesle pausebaren på Scene 3, balanserer Lund denne intime teaterhendinga med nøktern historieforteljing og framføring av døme på Lorcas kraftfulle og sensuelle naturlyrikk.
Vi får vite at Lorca, med sitt lyriske og musikalske talent, også var ein utøvande kunstnar som song og spela, kjempa seg fram frå karrige kår i Andalucía til ein stjernestatus som diktar og dramatikar på både det europeiske og det amerikanske kontinentet. I 1936, i starten av den spanske borgarkrigen, vart han avretta av dei nasjonalistiske partisanane. Bøkene hans vart forbodne under heile Franco-regimet.
Kamp og martyrdom
Frå ein diktar som vert knytt til kamp og martyrdom, vil ein kan hende vente seg harde og bitre tekster. Men Trini Lund klarer på sitt enkle, usentimentale vis å formidle at det først og fremst er ein kjærleiksfull glød som gjennomsyrer Lorcas diktverk, kjærleik til både natur og menneske.
Teatergjengarar vil nok mest assosiere Federico Garcia Lorca med skodespel. Stykke som Yerma, Blodbryllup og Bernarda Albas hus har vore gjengangarar på norske scener heilt sidan like etter krigen. Dette er tekster med sterke kvinneperspektiv og flotte oppgåver for kvinnelege skodespelarar.
Ein teatermeldar skal vel helst ikkje blande seg i repertoarplanar, men no for ein gongs skuld: Lat oss få sjå Trini Lund som mora i dramaet Blodbryllup! Det er ingen ting som tyder på at det er for seint.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.