Bok

Svart latter

James er ei annleis bok om korleis det er å vere svart i USA, og ein av Percival Everetts beste romanar.
 

FILE - Percival Everett arrives at the Booker Prize award dinner in London, Tuesday, Nov. 12, 2024. (AP Photo/Alberto Pezzali, File)
James av Percival Everett vart nominert til Bookerprisen i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Utgangspunktet til Percival Everetts James er Huckleberry Finn, Mark Twains vidgjetne historie om Huck og slaven Jim som flyktar nedover Mississippi. Til Jims aukande fortviling driv dei stadig djupare inn i slavestatane i sør. 

Sjølv om hendingane langt på veg er dei same som i Twains roman, vert historia heilt annleis, for Everett fortel ho heile tida frå Jims ståstad.

Everett er professor i engelsk ved University of Southern California i Los Angeles. Han har skrive fleire romanar og nyttar ofte ironi for å drøfte rase og identitet, som til dømes i Erasure (2001) – som blei filmatisert for to år sidan under tittelen American Fiction, og som i fjor vart nominert til fem Oscar-priser. 

Ironi og humor

James vann Pulitzer-prisen for eit par veker sidan for beste roman – ein av mange høgthengjande priser som boka har hausta sidan utgivinga i fjor haust. Amblin Entertainment, filmselskapet til Steven Spielberg, har sikra seg filmrettane.

Utgangspunktet er dramatisk: Ein svart mann på reise i sørstatane kan ikkje vere anna enn ein rømd slave og fritt vilt. Men boka er òg stinn av komedie. Som når Jim får skryt for songstemma si og hankar inn i eit kvitt minstrelkor for å erstatte ein bortkomen tenor. Medan dei andre songarane må smørje andletet inn med sot og skokrem før dei opptrer i «blackface», må Jim fyrst sminke seg kvit før han kan sminke seg svart.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement