Bok

Sjangerhybrid med anakronismar

Tore Skeie freistar å skriva historie, men endar opp med ei uklår blanding av historie og fiksjon.

Harald og mennene hans stormar ei borg på Sicilia for den bysantinske keisaren. Teikning av Wilhelm Wetlesen.
Publisert

Det fyrste som slo meg då eg byrja å lesa Tore Skeies Hardråde, er kor gamaldags historieskriving dette er. Skeie skildrar slagstaden Stiklestad i fugleperspektiv: «Gårdene var forbundet med hver­andre i et intrikat nettverk av stier og tråkk, støvete i tørrvær, gjørmete etter regn, glatte og isete om vinteren. De svingte og kroket seg på kryss og tvers gjennom små skogholt og over rennende bekker, langs oppdyrket åkermark og beitemark.» Skeie veit visst alt og skildrar det ned til kvar minste detalj. Det er ikkje rart at det vert fire hundre sider av det.

Samstundes er det so at viktige kjelder vert verande anonyme. På same sida les me: «‘Vid var jorden under menns føtter’, proklamerte en skald som beskrev bygda i et dikt.» Ein må gå til lista med «Kilde- og litteraturhenvisninger» attarst i boka om ein vil vita at skalden det er tale om, er Sigvat, Olav Haraldssons næraste og mest kjende skald, og at diktet er hans Erfidrápa, minnedikt, om Olav.

Kjeldematerialet

Kvifor denne anonymiseringa? Og kvifor er ikkje kjeldene og litteraturen integrerte i framstellinga, med eit forklårande noteapparat, slik ein gjer det i historiebøker for lek og lærd i andre land? Då kunne ein òg ha gjeve plass til meir kritisk drøfting av dei ofte sparsame opplysningane ein finn i samtidige kjelder. Her vert det lite av slikt.

I eit etterord garderer Skeie seg ved å skriva at dette «ikke [er] en akademisk bok», og at han har «ønsket å unngå å slite ut mine lesere med lange utgreiinger, faglige overveielser og forbehold». Og han skriv at han har teke bort noteapparatet «slik man fjerner stillaset rundt en ferdig bygning».

Eg undrast på om norske forlag, i dette tilfellet Gyldendal, er oppdaterte når det gjeld kva forventningar folk har til denne typen bøker. Det er interessant å merkja seg at ein annan forfattar av populærvitskaplege historiebøker, Øystein Morten, går i motsett lei: Hjå Morten står sjølve den vitskaplege utforskinga av kjeldematerialet i sentrum av det skrivne produktet, og notar er inga hindring. Skeie, derimot, frikjenner seg sjølv for kritikk ved å hevda at «dette er min tolkning. Den er ikke den eneste mulige».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement