Bok
Med anlegg for einsemd
Sandra Lillebø skriv klokt om det einsame mennesket.
Sandra Lillebø har skrive både diktsamlingar og romanar sidan debuten i 2011. I 2021 fekk ho Bjørnsonstipendet.
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Ei kvinne møter att ein mann ho kjende for mange år sidan, då dei var tenåringar. Dei var i lag ei stund, men det verkar som den sams fortida var viktigare for han enn for ho. Han spør om ei venninne ho hadde, Rita, som ho ikkje har tenkt på i det heile på mange år, medan han ser ut til å tru at dei framleis heng i hop.
Av dette kan lesaren sjå at mannen har hatt denne jenta med seg i fantasien, med dei gamle kulissane intakte, utan tanke på at tida har gått også i livet hennar. Lillebø lèt ikkje hovudpersonen, den namnlause kvinna, reflektera over dette, men for lesaren er det eit fint og godt poeng.
Minne
Møtet får kvinna til å minnast både tida med mannen, som då var ein gut, då ho var ikring 16 år, og nokre hendingar tre år tidlegare, då ho fekk ein hest, ei ung, raud nordlandshoppe som heitte Vera. Romanen vekslar deretter mellom dei tre tidene, med stor vekt på tida med Vera, då den tretten år gamle jenta har fått eit ansvar som er i største laget.
Sjølv om det hender nokre uheldige episodar med hest og jente, er det ei fin skildring av tilhøvet mellom det nervøse ungdyret og ei ikkje heilt veltilpassa jente, ei som lever i ein heim med ei passiv mor og ein far som stort sett er sysselsett med våpenpuss og lading av patroner.
Minnet om Rita er reflektert og litt hardt, dei to fann kvarandre ei stund då dei båe var lågt plasserte i det usynlege, men reelle hierarkiet ungdomen utgjer. Det dei hadde sams, var einsemd, men dei vanta definisjonskraft til å setja slike ord på stoda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.