Film
Souleymane, du lyg!
Kven fortel sanninga når fasiten er det som gjev deg god karakter?
Abou Sangare spelar det papirlause sykkelbodet Souleymane, som har emigrert frå Guinea til Paris.
Foto: Mer Filmdistribusjon
Souleymane (Sangare) susar rundt i Paris på sykkelen sin og plukkar opp varer og mat for byens borgarar. Bod-identiteten sin har han lånt av Emmanuel (Yovanie) medan han ventar på å bli intervjua til asylsøknaden sin.
Ikkje har han løyve til opphald eller arbeid, og då blir det heller ingen pengar å senda heim til mor eller kjæraste i republikken Guinea.
Systemfeil
«Vi kom ikkje til Europa for å leika!» Stemninga blant dei andre sykkelboda er full av ung pepp, men med ein klar undertone av at viss det er noko det nye livet i Europa ikkje har medført, er det leik. Souleymane’s Story er ikkje basert på ei sann historie, likevel er filmen høgst sannsynleg basert på ein drøss med sanne historier – diverre.
Det kjennest som å bli kjent med ein av dei mange unge flyktningmennene som er statistar i Ulrich Seidl-filmen Rimini (2022). Og sentralt i historiene deira står fleire ansiktslause fiendar som alle sver til ein sjef, «Systemet» – asylsystemet, politisystemet, menneskesmuglingssystemet, deleøkonomisystemet.
Det vil seia, å kalla det deleøkonomi er ei fornærming mot alle andre enn dei som sit på toppen og skummar fløyten. Om du var skeptisk til selskapa som står bak ymse bodtenester, så blir ikkje skepsisen mindre av å sjå denne filmen. Samtidig er det så fortvilande at dette systemet er den einaste sjansen mange papirlause har å ty til, sjølv om utnyttinga er total. Souleymane si ferd gjennom storbyen i to intense dagar illustrerer dette fullkome.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.